Folke-eventyr frå Nordmør - Katta og musa - Safon.org

Folke-eventyr frå Nordmør - Katta og musa

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
Edvard Langset:

Folke-eventyr
frå Nordmør

Fyreord
  1. Dei tri brørne som skulde i veg og byggja skip
  2. Smørball
  3. Tosken
  4. Storoksen som skulde på setra og gjera seg feit
  5. Kall-dotra og kjerring-dotra
  6. Friarhistorior
    (Dotra som såg ille.
    Dotra som åt so lite.
    Burslykelen.
    Dei rare namna og friarane)
  7. Bukken i erteråkeren
  8. Ivar Pennskjegg
  9. Katta og musa
  10. Kråke Lange
  11. Hårslå
  12. Ho jomfru Maria hjelpte styggdotra
  13. Ho Stor-Pissi jaga tussane
  14. Jerusalems skomakar
  15. Randi med steinen
  16. Kjerringa som åt so mykje
  17. Herskovens munnharpe
  18. Hopp Helling
  19. Blå-oksen
  20. Høna som skulde åt kongsgarden og fri
  21. Guten i gadden
  22. Glorianta på Solberg slott

[endre] Katta og musa

(Frå Surnadal, Nordmør. Fortalt 7. juli 1915.)

Den trykte utgåva.

 

Tilnærming til dialekt.

Det var ei katte som sat på omnen og spann. So kom det ei lita mus åt ho.

«Du spinn so grovt du, kjøsa mi,» segjer musa so fint.

«Eg spinn som toet er til!» Ho er so gala, katta.

«Eg skal fortelja deg eit eventyr, eg,» segjer musa. «Det var tvo små tauser som sopa golvet. So fann dei seg ein skilling, og so kjøpte dei seg flesk. Det la det på glørne for å steikja det. So la dei det på ljoren so det skulde kolna. So kom det ein liten fugl og vilde nappa i det.»

«Eg skal nappa deg, eg!» segjer katta.

Og so rodde ho so breid ein fjord, alt frå omnen og under bord,

Og der braut ho hovudet tå musa.

 

De va ei ka’tt so satt på omna o spann. So kóm de ei lita mús åt na.

«Dú spinn så gróft dú, kjǿså mi,» síe músa så fínt.

«E spinn so tóe e te!» Hó e så gała, kattå.

«E ska fertęł de eitt ęventýr, e,» síe músa. «De va tó’ små tause so sópa gołve. Så fann dęm se ein skilling, o så kjøft dęm se fłęsk. De la dęm på glǿ’n fer å steikje de. Så la dęm de på ljórinn så de skull ko’łn. Så kóm de ein litinn fǫggeł o villa na’pp tí dí.»

«E ska na’pp de, e!» síe kattå.

O så rodd hó så brei ein fjórd, allt ifrå omna o punní bórd,

O dér braut hó haue tå músn.

[endre] Ordforklaringar

  • kjøse = hokatte

[endre] Anmerkninger

Ved Reidar Christiansen

E. L. 2, 122. Se N. E. nr. 111. Et typisk barneeventyr, hvor betoning og overraskelse skaper hele virkningen, det er kjendt over hele landet.

Personlege verktøy