Folke-eventyr frå Nordmør - Ivar Pennskjegg
Frå Safon.org
|
| |
|
|
[endre] Ivar Pennskjegg
(Frå Sunndalen, Nordmør. Fortalt 26. august 1915.)
Det var ein som heitte Ivar Pennskjegg. Han var so fin utanpå. Men han var ein mordar.
So var det ei fin taus på ein gard han var so huga på. So bad han ho heim åt seg.
«Eg finn ikkje vegen åt deg eg,» sa ho.
«Eg skal leggja ei raud snor etter heile vegen alt åt slottet mitt, so fylgjer du berre snora,» sa han.
So fann ho fram. Ho kom fyrst inn i ei stor stove. Der var det so overlag fint. Det var berre so det skein alle stader.
Og midt på golvet stod det eit stort spel. So let ho på kovedøra, og der fekk ho sjå det stod ei blodskål og eit mannehovud på eit bord.
Da lyfte ho på kjellarluka, og der var det fullt av daude folk.
So fekk ho høyra slik ein jammer. Da sprang ho inn i stova og gøymde seg attanfor spelet.
No kom han Ivar Pennskjegg med ei fin jomfru og fór ut i koven. Og so sa han det:
«Vil du drikka tå denne blodskåla og eta tå dette mannehovudet, skall du få leva. Og gjer du ikkje det, skal du døy.»
Men ho var ikkje god til det.
So hogde han fyrst tå ho litlefingeren, og han dreiv attum spelet. So tok tausa og gøymde fingeren. Det var ein fin gullring på han.
So hogde han Ivar tå ho hovudet og stupte ho ned i kjellaren.
So reiste han og stengde att døra.
Da vart tausa so harm, ho gret og bar seg, So bad ho til Gud at dørene skulde gå upp so ho fekk koma seg ut att. Og ho kom seg ut. Da vart ho so glad at ho fekk koma seg heim att.
Ei tid etter kom han Ivar på garden hennar og bad ho att.
«Du får koma åt meg fyrst du no,» sa ho.
So kom han. Og det vart eit stort gjestebod. Der skulde dei fortelja kvar sin draum. So fortalde ho:
«Eg drøymde at eg ein gong vart beda burt. So visste eg ikkje vegen. Og so sa han det han som åtte garden: «Eg skal leggja eit raudt band frå heimen din alt åt heimen min, so går du etter det.» — —
«Det var liksom hjå meg,» sa han Ivar.
«So kom ho inn. Der stod eit stort spel midt på golvet. Og der var det so fint at det skein tå veggene.» — —
«Det var liksom hjå meg,» sa han.
«So let eg på kovedøra. På eit bord der stod det ei blodskål med eit mannehovud attmed. — So Iyfte eg på kjellarluka, — og der var det fullt tå daude folk.» — —
«Det var ikkje liksom hjå meg,» sa han.
«So fekk eg høyra slik ein jammer. Da sprang eg inn i stova og gøymde meg attanfor spelet. So kom mannen inn med ei fin jomfru og for ut i koven. Og so sa han det:
«Vil du drikka tå denne blodskåla og eta tå dette mannehovudet, skal du få leva. Ikkje det skal du døy.»
So var ho ikkje god til det. Da hogde han fyrst tå ho litlefingeren. Og han dreiv attum spelet der eg var. So tok eg fingeren. Det var ein fin gullring på han. So hogde han hovudet tå ho, og stupte ho ned i kjellaren. — —
«Det var ikkje liksom hjå meg, sa han Ivar.
«Det var med deg, det. Og vil du ikkje tru det eg no har sagt, so skal du få sjå,» sa ho.
So kasta ho fingeren med ringen på burt på bordet.
Da vart han teken og gjort ende på.
So fekk han ikkje drepa fleire fine jomfruer, han Ivar Pennskjegg. Og ho fekk alt som var etter han.
[endre] Anmerkninger
Ved Reidar Christiansen
E. L. 2, 107. Se N. E. nr. 955. Historien er kjendt fra Telemarken litt ændret, og i den glimrende fortalte «Kjæresten i skogen» hos Asbjørnsen og Moe, fra Setesdalen, videre fra Sogn, og fra Sunnfjord, hvor historien er henlagt til Osen gård, og den onde frier er fra Jølster. Navnet Ivar Pennskjegg er ukjendt i de andre optegnelser; men hos alle slike ubehagelige herrer med Blåskjeggnatur er der noget iveien med deres skjegg, som burde advare deres ofre på forhånd. Selv om den onde brudgom engang kan ha eksisteret, saå har han iallefald ikke været norsk; for hans historie fortælles på mange forskjellige steder, og alt langt tilbake i tiden. I et av Shakespeares skuespil: «Stor ståhei for ingenting», kaldes dette eventyr «en gammel historie». I en anden engelsk version findes vendingen: «Vær dristig, vær dristig, men ikke altfor dristig», som ordret træffes igjen i «Kjæresten i skogen». Også i England er historien blit knyttet til visse steder og visse navn, således bl.a. til en familie Baxter i Kent.
