Folke-eventyr frå Nordmør - Hopp Helling
Frå Safon.org
|
| |
|
|
[endre] Hopp Helling
(Frå Gjemnes, Nordmør. Etter ei tilsend uppskrift sumaren 1915.)
Det var ei tid at folket på Gussiåsen ikkje kunde berga krøtera for udyra nokon sumar. So var det ein sumar dei skulde sleppa krøtera i marka. Da kom det ein liten mann og baud seg til å gjæta. Det var ingen som kjende han.
Han vilde ta våget for kvart krøter som kom burt. I gjætarløn vilde han få velja seg ut ein ting på garden, og den vilde han bera med seg um hausten når han var ferdig med gjætinga.
Men kunde gardsfolket få greie på, fyrr hausten kom kva han heitte, — so vilde han ikkje ha noko i løn.
Båe partane var nøgde med dette. Og gardsfolket ikkje minst. Dei tykte dei hadde fått både ein gild og billeg gjætar.
Dei tykte han var liten, og det vart visst ikkje stort han kom til å bera med seg når han gjekk. Kanskje vart det lite grand mat. Kanskje kunde dei få greie på namnet hans òg, — so fekk dei ikkje noko utlegg.
Med gjætinga gjekk det godt. Ikkje eit einaste krøter kom vekk.
Husbondsfolket tok til å ottast for at gjætarløna vart stor. Dei skyna no at gjætaren var overlag sterk. Dei såg at han vatt dei største bjørketrea i skogen til vidjor, og so gjorde han seg vidjeband tå dei og gøymde. Og no hadde han mange slike band til reide. Kva han vilde bruka dei til, skyna ingen. Men dei gjekk med otte.
Hadde dei berre visst namnet på gjætaren! Og dei prøvde å lokka det utor han. Men dei vart like kloke. Og dei spurde folk både attmed seg og langt burte; men ingen visste noko.
Det var velstandsfolk på Gussiåsen den tida. Kona der på garden heitte Gulløv. Ho hadde eit gildt sylvbelte frå den tida ho var brur. Detta sylvbeltet var vidspurt, og det fanst ikkje maken åt det på dei kantar.
Ein sundag ut på hausten reiste alle på garden åt kyrkja. Berre ei vækje var att heime. Og ho skulde passa på kva gjætaren tok seg til med. Ho gøymde seg uppå nystoveloftet.
Da gjætaren såg at ingen var heime, so gjekk han inn i nystova og leita igjenom både skåp og kistor. So fann han sylvbeltet òg. Og det lika han so godt. Han hekta det på seg, og så tok han til å dansa og so song han:
«No dansar han Hopp Helling i brurebeltet hennar Gulløv Gussiåsen!»
Da han hadde dansa ei stund, so gøymde han beltet der han fann det, og gjekk ut or stova.
Vækja hadde lege på loftet og set igjenom eit hol. No visste ho namnet på gjætaren. Og da husbondsfolket kom att frå kyrkja, fekk dei òg vita det, —
So leid det so langt på hausten at årvegen var havd i hus, og krøtera slepte på bøen. No kom gjætaren med dei store vidjebanda sine og la dei på løebygningen, både på forlangs og på tvert. Og so var han ferdig til å ta løa på ryggen.
Mannen på garden hadde stått og set på detta, og so sette han i å ropa:
«Hopp Helling! Kva gjer du no?» Da gjætaren fekk høyra namnet sitt, vart han sint. So slepte han vidjebanda, og so slo han høgrehanda so hardt imot eit berg attmed der, — at merket etter fingrane er sjåande den dag i dag.
[endre] Anmerkninger
Ved Reidar Christiansen
E. L. 2, 152. Se N. E. nr 500. Eventyret er ikke vanlig i Norge. Selve eventyret i den form det ellers har utenfor landet, findes hos os optegnet fra Telemarken, og Langset har en optegnelse fra Nordmøre: Rommelskaft. I den mere sagnagtige form som historien har her: et utyske utfører et arbeide, og skal gå uten en viss bestemt løn, hvis man kan finde ut hans navn, er den ganske godt kjendt rundt om i landet. Oftest er det en bygning som skal opføres, og dette sagn er knyttet til en hel række kirkebygninger, Trondhjems domkirke, Kinnskirken, Trondenes kirke og andre, i Sverige er det jo som bekjendt Lunds domkirke, som blev bygget på denne måten. Oppe fra Fosen har Faye en historie om en jutul som hadde stjålet en pike, men sprækker, da hun nævner hans navn. Navnet Hopp Helling, som dette væsen har hos Langset, har jeg ikke set andre steder.
