Folke-eventyr frå Nordmør - Ho jomfru Maria hjelpte styggdotra
Frå Safon.org
|
| |
|
|
[endre] Ho jomfru Maria hjelpte styggdotra
(Frå Sunndalen, Nordmør. Fortalt 24. august 1915.)
Det var ein gong det var tvo døtter på ein gard. Den eine var styggdotra og den andre var rettdotra.
So var det ein dag at mora vilde prøva dei. Dei skulde til å spinna. Ho sette dotter si åt lintagl-rokken, og styggdotra åt mose-rokken. Den som fyrst spann av for seg tå dei, skulde skuvast ut i elva.
So spann ho av for seg fyrst, ho som spann på mose-rokken, og so vart ho skuva på elva.
So kom ho rekande attåt land da på slutten. Der kom ho jomfru Maria gåande. Så sa ho det, ho:
«Nei, kjære, korleis er rett du koma her?»
Ja, so fortalde ho det åt ho, at dei tvo systerne skulde til å spinna, rettdotra på lintagl-rokken, og ho på moserokken. Og so spann ho av fyrst, ho som fekk mose, og so skuva dei ho på elva.
«Ja, men no skal du få tena eit år,» sa ho jomfru Maria.
«Ja, eg vil no gjerne det,» svara ho, vækja.
«No kjem du åt nokre store skogar,» sa ho. «Når du kjem åt gullskogen, — so lyt du smyga og greida. Når du kjem åt sylvskogen, — so lyt du smyga og greida. Når du kjem åt massingskogen, — so lyt du smyga og greida. Og når du kjem åt koparskogen, — so lyt du òg smyga og greida.»
So gjorde ho det. Ho for so fint åt at ho braut ikkje ein einaste kvist.
«Når du kjem heim,» sa ho, «so lyt du gjeva kua vatn og mjølka ho, og gjeva ho pissi mjølk.
Da ho skulde til å draga upp vatnet or brunnen, so fann ho ikkje anna enn eit såld. So rann det utor att. Da visste ho ikkje korleis ho skulde bera seg åt.
So kom det ei kråke flygande. So sa ho det, ho:
«Kra-ak! kra-ak! Klin atti leir!» sa ho.
So gjorde ho det.
Da ho jomfru Maria kom heim, tykte ho at detta var so bra gjort. Det var stelt so overlag fint.
«No skal du få vera med meg uppå nystovelemen,» sa ho, «so skal du få ta kva for eit du vil tå dei skrina uppå der.»
So visste ho no ikkje rett kva for eit ho skulde ta. So kom ho pissi etter.
«Mjau! — tak det blå på loket!» sa ho.
So gjorde ho det. So reiste ho heim med det.
«Kjære mor, få nystovelemen!»
«Lort skal du ha, — kva skal mi dotter ha da?» sa mora.
«Kjære mor, få kovelemen!»
«Lort skal du ha, — kva skal mi dotter ha da?» sa mora.
«Kjære mor, få stovelemen!»
«Lort skal du ha, — kva skal mi dotter ha da?» sa mora.
«Kjære mor, få purkehuset!»
«Ja, det er likt deg, det,» sa mora.
So fekk ho med seg bror sin og flidde og vaska ned i der og hengde upp det som var i skrinet. Det var so mykje fint der tå alt slag; det var både sylv og gull og anna stor-fint.
So bad ho mor si koma ned i purkehuset, — so skulde ho få sjå.
«Ja, slik skal mi dotter få det òg!» sa ho. —
So skulde dei til å spinna att, og no vart rettdotra sett åt mose-rokken. So spann ho fyrst av for seg, og vart skuva på elva. So kom ho rekande attåt land på slutten, og der kom ho jomfru Maria gåande.
So skulde ho òg få tena eit år. Men fyrst måtte ho smyga so fint gjenom gullskogen, og sylvskogen, og massingskogen, og koparskogen.
Men rettdotra for so stygt åt med skogen. Ho braut tå han både blad og kvister.
So skulde ho gjeva kua vatn og mjølka ho, og gjeva ho pissi mjølk.
Da ho skulde til å draga upp vatnet or brunnen, so fann ho ikkje anna enn eit såld. So rann vatnet utor att. Da visste ho ikkje korleis ho skulde bera seg åt.
So kom det ei kråke flygande.
«Kra-ak! kra-ak!» sa ho. «Klin atti leir!»
«Asj! eg gjer som eg vil for deg, eg!»
So vart ikkje kua mjølka, og ho pissi fekk ikkje mjølk.So kom ho jomfru Maria heim. Ho såg det, men ho sa ikkje noko um det.
So fekk ho òg vera med uppå nystovelemen og velja seg eit skrin.
«Tak det blå på loket,» sa ho pissi åt ho òg.
«Eg tek det eg vil for deg, eg,» sa ho.
So tok ho eit som var raudt på loket, ho.
Det la ho heim med, og so sa ho det åt ho mor si:
«Kjære mor, få nystovelemen!»
«Ja, det skal du so gjerne få!» sa ho.
Da dei opna skrinet, — kraup det utor alt slag styggedom, både ormar og paddor og åmor.
Og mannen visste ikkje si arme råd korleis han skulde få det reint att på nystovelemen sin.
Han laut ta hol på lemgolvet og setja under ei tjøretunne og prøva å sopa det nedi. —
Han lever no, som sist fortalde det.
[endre] Ordforklaringar
[endre] Anmerkninger
E. L. 2, 59. Se nr. 5.
