Folke-eventyr frå Nordmør - Ho Stor-Pissi jaga tussane
Frå Safon.org
|
| |
|
|
[endre] Ho Stor-Pissi jaga tussane i julenatta
(Frå Meldalen, Sør-Trøndelag. Fortalt 22. juni 1921.)
På Furuhaugen i Rindal torde ikkje folket liggja i julenatta; for da kom tussane og vilde vera i huset deira.
Da det leid til middags ein julaftdag, so kom det ein mann som leidde ein dansebjørn med seg.
Ja so spurde han um å få vera der natta over.
«Nei, det kann du ikkje få,» sa dei, «for vi er husville sjølve, vi. Når det lid til kvelds, so kjem det tussar og vil vera her.
«Fær eg berre lov til å vera, so vågar eg på det,» sa mannen. «For korkje eg hell han Bamsefar er noko redd.»
Ja han fekk vera, og sjølv-folket reiste i grannegarden.
Dei hadde sett mat på bordet. Men dei fekk ikkje røra den maten.
Men det var sett mat og øl på eit lite bord som framandmannen skulde eta.
Mannen åt og bjørnen med. Og drakk øl tå ølkanna so han tok til å bli lite grand øren.
I kveldstida fekk han høyra det kom køyrande til gards. Dei hadde dombjøllor på.
Mannen skyna straks at det var haugtussane som kom. Og han tok til å draga med seg bjørnen attum muren.
Og inn kom tussane og tok til å dansa på golvet.
Bjørnen vart uroleg og vilde fram. Og mannen slepte han. Og han tok til å dansa i lag med tussane.
Men so vart bjørnen sint og tok til å slå med labben so haugtussane for veggjemillom.
Um ei lita stund so måtte tussane på døra og ylte og bar seg.
Mannen la seg no på senga og bjørnen på golvet attmed senga.
Um morgonen, medan mannen låg på senga, so kom gardsfolket heim att.
Dei helsa «til lukke med jula!» og spurde han korleis dei hadde havt det um natta.
«Jau, eg har havt det bra,» sa han. «Det kom nokre tussar og tok til å dansa her i kveldssete-leitet. Men han bamsefar tykte ikkje um dansen deira og slo til dei med labben sin — so dei for veggjemillom i stova her. Og hit kjem dei aldri meir. Det kann de vera trygge for.»
Furuhaug-gubben trudde på detta og vilde prøva å vera heime næste julekveld.
Og da mannen året etter heldt på å bera inn spikrota, so ropa det frå haugen ovanfor garden:
«Er ho heime ho Stor-Pissi?»
«Ja, det er ho.» sa mannen.
Og sidan har det aldri vore tussar på Furuhaugen.
[endre] Anmerkninger
Se N. E. nr. 1161. Historien er kjendt flere steder i Norge, men overveiende på vestlandet, østpå synes den at holde sig øverst i dalene, og længre nord end Trøndelag synes den ikke at gå. Nærmere beset deler den norske tradition sig i to typer, som forresten blander sig med hverandre. Den ene er sagnartet, optrær gjerne knyttet til bestemte steder — en gård eller slikt, her findes gjerne navnet Kvam eller Kvamme. Dit kommer juleaften et troll som heter Trond, enten alene eller ifølge med andre. En mand gjemmer sig og skyter på dem, så de rømmer. Den anden type, se «Kjætten på Dovre» hos Asbjørnsen og Moe, er et eventyr, og denne Langsets optegnelse er av dette slag. Dette eventyr er kjendt over hele Norden, og kan følges langt tilbake i tiden. Der findes et nordtysk digt fra det 14de århundrede, kanske endnu ældre, om «Spøkelset og Isbjørnen» og det stemmer nøie overens med den norske form. Handlingen er henlagt til Danmark. En norsk konge sender en nordmand med en tam isbjørn til kongen av Danmark. Muligens kan der i bakgrunden ligge et minde om den fra sagaen velkjendte Audun Islænding, som med sin tamme isbjørn drog til kong Svein av Danmark, efter at ha været hos kong Harald Hårdråde i Norge. Fortællingen om ham kan en læse i Eskeland og Liestøls: Lærebok i Gamalnorsk, større utgave s. 60, og i P. A. Munchs: Det norske folks historie. 2. s. 350. Audun og bjørnen har åbenbart været et meget vidspurt par, og så kan en vandrehistorie om en tam bjørn som skræmmer et utyske, ha knyttet sig til dem.
