Folke-eventyr frå Nordmør - Herskovens munnharpe - Safon.org

Folke-eventyr frå Nordmør - Herskovens munnharpe

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
Edvard Langset:

Folke-eventyr
frå Nordmør

Fyreord
  1. Dei tri brørne som skulde i veg og byggja skip
  2. Smørball
  3. Tosken
  4. Storoksen som skulde på setra og gjera seg feit
  5. Kall-dotra og kjerring-dotra
  6. Friarhistorior
    (Dotra som såg ille.
    Dotra som åt so lite.
    Burslykelen.
    Dei rare namna og friarane)
  7. Bukken i erteråkeren
  8. Ivar Pennskjegg
  9. Katta og musa
  10. Kråke Lange
  11. Hårslå
  12. Ho jomfru Maria hjelpte styggdotra
  13. Ho Stor-Pissi jaga tussane
  14. Jerusalems skomakar
  15. Randi med steinen
  16. Kjerringa som åt so mykje
  17. Herskovens munnharpe
  18. Hopp Helling
  19. Blå-oksen
  20. Høna som skulde åt kongsgarden og fri
  21. Guten i gadden
  22. Glorianta på Solberg slott

[endre] Herskovens munnharpe

(Frå Surnadal, Nordmør. Fortalt 28. august 1915.)

Han Herskoven skulde ha ei taus.

So var det ei stygg trollheks som var so forgjord etter han.

Ho lokka Herskoven åt seg og gav han dvaledrikk. Da gløymde han tå tausa si og alt det han hadde levd upp fyrr.

So laut ho i veg og leita etter han, ho som skulde ha han.

Ho hadde fått ein varg og ein bjørn med han Herskoven. Dessa dyra fekk ho ikkje nemna namnet på. Gjorde ho det, so reiste dyra frå ho.


So for ho på eit vilt fjell. Da såg ho seg so reint fortapt, og so sa ho det.

«Nei no min varg og min bjørn, kvar skal vi no av?»

So reiste dei frå ho da, tå det at ho nemnde dei på namn.


So gjekk ho og vandra natt og dag på dette vilde fjellet.

Da fekk ho sjå det pusta og rauk upp or ei tuve.

No gjekk ho burt på den tuva, gjenta, — og so smatt ho nedi.

Da kom ho nedi åt den trollheksa som hadde lokka han Herskoven åt seg. So spurde ho etter um ho skulde få vera der um natta.

«Nei, det kann du ikkje få,» svara heksa. «For når det lid på natta, kjem månen hit og laugar seg. Og da blir det so kaldt her at det er ikkje nokon som kan berga seg.»

«Å kjære lat meg få vera her! Um eg berre kunde få smetta meg attum holbenken.»

So vart det no slik at ho skulde få det.


No var han der, han Herskoven òg. Og det tvilte ho no mest på, ho gjenta òg, — sidan ho ikkje skulde få vera der.

Um natta låg gjenta og bar seg:

«Eg har fylgt sol og må’n,
Eg har vore sunnum det babylonske tårn, —
og enno har eg ikkje fått tala med Herskoven eit ord.»

Men trollheksa passa på og gav Herskoven dvaledrikk, so han ikkje høyrde kva ho sa.

No rørde ho på seg, so let det i harpa ho hadde med seg, og som ho hadde fått med han Herskoven.

«Ti, ti!» sa han åt trollheksa. «Eg meiner eg høyrer Herskovens munnharpe.»

«Nei, nei! Detta er ikkje noko,» sa heksa.

No vilde ho til att og gjeva han av drikken.

Da tok han og slo drikken attum hovudet sitt.

So jamra ho seg att, gjenta:

«Eg har fylgt sol og må’n,
Eg har vore sunnum det babylonske tårn, —
og enno har eg ikkje fått tala med Herskoven eit ord.»

«Jau, no skal du få tala med han,» sa han Herskoven.

So stod ho upp, gjenta, og gjekk burt åt han. So sa ho det:

«Stat upp du gamle merr! —
eg skal sjølv vera hjå min Her.»

Da stod heksa upp or senga og reiste. Og da drog ho rumpa etter seg.

[endre] Anmerkninger

E. L. 2, 78. Se N. E. nr. 425. Dette er nok vort mest populære eventyr, kjendt bare i Norge med over 60 optegnelser. Hele verden over er det kjendt og gammelt er det også; for den gamle græske historie om Amor og Psyche er bare en version av dette eventyr; ja, selv i den gamle indiske litteratur findes der tilsvarende fortællinger. Det underlige navn ridderen har i Langsets eventyr, har jeg ikke set andetsteds, vanlig heter han: ridder Valivan, Vaiman, Videvallbjørn osv. Ellers er dette eventyr her adskillig forvirret gjengit. Ut fra de andre eventyr kan en gå ut fra at vargen og bjørnen, eller en av dem, egentlig er selve hendes kjæreste i dyrehamm, for hun mister dem jo ved at bryte et påbud, og det gjelder altid ellers hendes kjæreste selv. Men ved at eventyret her er blit rationaliseret til at det er dyr hun har fåt av den sovende Herskoven, så er det blit til at der er to av dem.

Vanlig er det forbudt hende at se sin mand, som i historien om Amor og Psyche; mens her har hun ikke lov at nævne deres navn. Det er en meget gammel forestilling at det at nævne et navn i et skjæbnesvangert øieblik, kan få en overvældende betydning, og motivet brukes både i folkeviser og eventyr. Da Rikeball og stolt Gudbjørg rømmer, blir de forfulgt av hendes far, og det kommer til strid. Like før siger han til Gudbjørg:

og um du ser nokon at falde
du må meg inki Rikeball kalde.

Men da Rikeball vil dræpe hendes far, så ber hun ham spare ham, og nævner ridderen ved navn, og

Då Rikeball høyrde det kvendemål,
då fekk han på staden sit banesår.

Også slutten av historien er noget avvikende, der ser ut til at der er blit blandet ind træk fra andre eventyr, særlig kanske fra kredsen av eventyrene om brudgommen som leter efter sin brud, cfr. nr. 1. De to kredser er jo meget nær i slegt, og har derfor let for at blande sig med hverandre; men de er fra grunden av to helt forskjellige eventyr.

Personlege verktøy