Folke-eventyr frå Nordmør - Høna som skulde åt kongsgarden og fri
Frå Safon.org
|
| |
|
|
[endre] Høna som skulde åt kongsgarden og fri
(Frå Sunndalen, Nordmør. Fortalt 27. august 1915.)
Det var ein gong ei høne som for og sparka burti rusk-haugane. So fann ho eit trådnysta. So heldt ho på og sparka. Da fann ho ei nålpute. So sparka ho att. Da fann ho eit skeiblad. So sparka ho att. Da fann ho ei mus.
Da ho hadde funne detta, so skulde ho til å stella seg til kjørbøma. So gjorde ho trådnysta til taumar, og nålene til skjæker, og skeibladet til slede, og musa til hest. Og so fór ho åt kongsgarden og vilde fri.
Da ho køyrde da, so trefte ho fyrst haren på vegen.
«Godt mot!» sa han.
«Godt mot att!» sa høna.
«Skal eg få leiga meg skyss med deg?» sa han.
«Ja, kast deg i karr! Eg sparer ikkje musa som lasset skal dra.»
So møtte ho reven.
«Godt mot,» sa han.
«Godt mot att!» sa høna.
«Skal eg få leiga meg skyss med deg?» sa han.
«Ja kast deg i karr! Eg sparar ikkje musa som lasset skal dra.»
So møtte ho gråbeinen.
«Godt mot!» sa han.
«Godt mot att!» sa høna.
«Skal eg få leiga meg skyss med deg?» sa han.
«Ja, kast deg i karr! Eg sparar ikkje musa som lasset skal dra.»
So møtte ho bjørnen.
«Godt mot!» sa han.
«Godt mot att!» sa høna.
«Skal eg få leiga meg skyss med deg?» sa han.
«Ja, kast deg i karr! Eg sparer ikkje musa som lasset skal dra.»
No kom høna åt kongsgarden.
So hadde ho haren inn i fjøset åt sauene, reven inn åt geitene, og gråbeinen inn åt kyrne, og bjørnen inn i stallen åt hestane.
Nålputa la ho burti benken, høne-egget kara ho inn i oska i omnen, og kvernsteinen la ho uppå dørkruna.
So fekk dei i kongsgarden høyra slikt eit smal uppi krøter-husa. Da kom ho upp tenest-tausa og tok til å leita hovud-øra etter trøya si. So vart ho sitjande fast på nålputa burti benken. (Og der sit ho no enno, — er ho ikkje laus att koma).
No stod kjerringa upp, da det ikkje vart stilt att uppi fjøset. So skulde ho til å tendra i ljos inni stova. Ho kara uppi oska, og so sprakk det sundt, egget. Da kom det oska uppi augo hennar, — so vart ho blind, ho. (Og der sit ho vel blind enno, — er ikkje augo hennar gode att).
Da ho ikkje var god til meir, so laut mannen sjølv upp. Han slo so hardt åt døra, at kvernsteinen datt ned og slo han i hel.
Da vart det slikt at det vart bryllaup med prinsen og høna. Og eg vart beden dit, eg og. Eg fekk rom uppå omnen. Og so fekk eg mat dit og. So tende dei inni omnen.
- So tok smøret te å rinn
- og brøe te å brinn
- og ertra te å kåpa og osten te å detta.
So skulde dei skyta for brudfolket. Da tok dei meg til forladning. Og so skaut dei meg alt hit, — og soleis sit eg her og fortel alt detta.
[endre] Ordforklaringar
- kjørbørna, køyregreidor.
- karr, ryggstødet i sleden.
- uppå omnen, uppå den store, flate steinomnen i røykstova.
- kåpa, trilla, rulla.
[endre] Anmerkninger
E. L. 1, 52. Se: 3. N. E. nr. 20. Det er et remseeventyr av vanlig slag, nær beslegtet med nr. 4. Langset oplyser til slutformelen: «og eg vart beden osv. —»: «Desse orda og alt det i dette eventyret som no kjem er teke frå Surnadal på Nordmøre.»
