Folke-eventyr frå Nordmør - Hårslå
Frå Safon.org
[endre] Hårslå
(Frå Surnadal, Nordmør. Fortalt 7. juli 1915.)
Det var ein gong ei kjerring som hadde ei ku som heitte Hårslå, Og den kua var so gala at det var ikkje nokon som torde å ha ho heim. Denna kjerringa hadde tri søner: Per og Pål og Tispen Taspen Oskefis.
Ein kveld sa ho det, mora, åt han Per:
«Du får gå i veg og ha heim ho Hårslå, du.»
So fekk han seg matpank, og so bar det i veg.
Da han kom upp i skogen, so ropa han:
- «Hårslå,
- Hårslå!
- heim gå!»
So sa ho det kua:
- «Kom hit! —
- ska e ta tarman din
- på hånna min!»
Da vart han so redd, han Per, at han sprang heim og gret.
So sa ho det mora:
«No får du, Pål, i veg!»
So fekk han matpank, han òg.
Da han kom upp i skogen, so ropa han:
- «Hårslå,
- Hårslå!
- heim gå!»
So svara kua:
- «Kom hit! —
- ska e ta tarman din
- på hånna min!»
Da vart han òg so redd, at han sprang heim att og gret.
«No, mor, må eg få i veg!» segjer han Tispen Taspen Oskefis.
«Nei, du er ikkje til anna enn til å liggja heime og rota i oska, du,» segjer mora.
«Jau, lat meg få lite mat ned i skreppa mi, og i veg, eg òg!»
«Ja, du får vel berre få det da, segjer mora. Og so kom han åt ho Hårslå.
- «Hårslå,
- Hårslå!
- heim gå! »
ropa han.
- «Kom hit! —
- ska e ta tarman din
- på hånna min!»
svara ho.
«Ja, eg skal få bjørnen til å slå deg, eg. Kjære bjørn, slå ho Hårslå! Hårslå vil ikkje heim gå.
«Eg slær ikkje sund labbane mine etter det, eg,» segjer bjørnen.
«Ja, eg skal få finnen til å skyta deg, eg. Kjære finn, skyt bjørnen! Bjørnen vil ikkje slå ho Hårslå, og Hårslå vil ikkje heim gå.»
«Eg skyt ikkje upp krutet mitt etter det, eg,» segjer finnen.
«Eg skal få fura til å fella deg, eg. Kjære fure, fell finnen! Finnen vil ikkje skyta bjørnen. Bjørnen vil ikkje slå ho Hårslå, og Hårslå vil ikkje heim gå.»
«Eg vil vil ikkje slå sund greinene mine etter det, eg,» segjer fura.
«Eg skal vel få ljoset til å brenna deg, eg. Kjære ljos, brenn fura! Fura vil ikke fella finnen. Finnen vil ikke skyta bjørnen. Bjørnen vil ikkje slå Hårslå. Hårslå vil ikkje heim gå.»
«Eg vil ikkje øyda upp gneistane mine etter det, eg,» segjer ljoset.
«Eg skal vel få vatnet til å sløkkja deg, eg. Kjære vatn, sløkk ljoset! Ljoset vil ikkje brenna fura. Fura vil ikkje fella finnen. Finnen vil ikkje skyta bjørnen. Bjørnen vil ikkje slå Hårslå. Hårslå vil ikkje heim gå.»
«Eg øyder ikkje upp straumane mine etter det, eg,» segjer vatnet.
«Eg skal vel få oksen til å drikka deg, eg. Kjære okse, drikk vatnet! Vatnet vil ikkje sløkkja ljoset. Ljoset vil ikkje brenna fura. Fura vil ikkje fella finnen. Finnen vil ikkje skyta bjørnen. Bjørnen vil ikkje slå Hårslå. Hårslå vil ikkje heim gå.»
«Eg sprengjer meg ikkje sund etter det, eg,» segjer oksen.
«Eg skal vel få klaven til å strøypa deg, eg. Kjære klave, strøyp oksen! Oksen vil ikkje drikka vatnet. Vatnet vil ikkje sløkkja Ijoset. Ljoset vil ikkje brenna fura. Fura vil ikkje fella finnen. Finnen vil ikkje skyta bjørnen. Bjørnen vil ikkje slå Hårslå. Hårslå vil ikkje heim gå.»
«Eg bryt meg ikkje sund etter det, eg,» segjer klaven.
«Eg skal vel få øksa til å bita deg, eg. Kjære øks, bit klaven! Klaven vil ikkje strøypa oksen. Oksen vil ikkje drikka vatnet. Vatnet vil ikkje sløkkja ljoset. Ljoset vil ikkje brenna fura. Fura vil ikkje fella finnen. Finnen vil ikkje skyta bjørnen. Bjørnen vil ikkje slå Hårslå. Hårslå vil ikkje heim gå.
«Eg skjemmer meg ikkje ut etter det, eg,» segjer øksa.
«Eg skal vel få smeden til å smida deg, eg. Kjære smed, smid øksa! Øksa vil ikkje bita klaven. Klaven vil ikkje strøypa oksen. Oksen vil ikkje drikka vatnet. Vatnet vil ikkje sløkkja ljoset. Ljoset vil ikkje brenna fura. Fura vil ikkje fella finnen. Finnen vil ikkje skyta bjørnen. Bjørnen vil ikkje slå Hårslå. Hårslå vil ikkje heim gå.»
«Eg øyder ikkje upp kola mine etter det, eg,» segjer smeden.
«Eg skal vel få reipet til å hengja deg, eg, segjer han Tispen Taspen Oskefis. «Kjære reip, heng smeden! Smeden vil ikkje smida øksa. Øksa vil ikkje bita klaven. Klaven vil ikkje strøypa oksen. Oksen vil ikkje drikka vatnet. Vatnet vil ikkje sløkkja ljoset. Ljoset vil ikkje brenna fura. Fura vil ikkje fella finnen. Finnen vil ikkje skyta bjørnen. Bjørnen vil ikkje slå Hårslå. Hårslå vil ikkje heim gå.»
«Eg slit meg ikkje sund etter det, eg,» segjer reipet.
«Eg skal vel få musa til å gnaga deg, eg. Kjære mus, gnaga reipet! Reipet vil ikkje hengja smeden. Smeden vil ikkje smida øksa. Øksa vil ikkje bita klaven. Klaven vil ikkje strøypa oksen. Oksen vil ikkje drikka vatnet. Vatnet vil ikkje sløkkja ljoset. Ljoset vil ikkje brenna fura. Fura vil ikkje fella finnen. Finnen vil ikkje skyta bjørnen. Bjørnen vil ikkje slå Hårslå. Hårslå vil ikkje heim gå.»
«Eg skjer ikkje sund tennene mine etter det, eg,» segjer musa.
«Eg skal vel få katta til å ta deg, eg. Kjære katt, tak musa! Musa vil ikkje gnaga reipet. Reipet vil ikkje hengja smeden. Smeden vil ikkje smida øksa. Øksa vil ikkje bita klaven. Klaven vil ikkje strøypa oksen. Oksen vil ikkje drikka vatnet. Vatnet vil ikkja sløkkja ljoset. Ljoset vil ikkje brenna fura. Fura vil ikkje fella finnen. Finnen vil ikkje skyta bjørnen. Bjørnen vil ikkje slå Hårslå. Hårslå vil ikkje heim gå.»
«Eg skjemmer ikkje ut klørne mine etter det, eg,» segjer katta.
«Eg skal vel få reven til å ta deg, eg. Kjære rev, ta katta! Katta vil ikkje ta musa. Musa vil ikkje gnaga reipet. Reipet vil ikkje hengja smeden. Smeden vil ikkje smida øksa. Øksa vil ikkje bita klaven. Klaven vil ikkje strøypa oksen. Oksen vil ikkje drikka vatnet. Vatnet vil ikkje sløkkja ljoset. Ljoset vil ikkje brenna fura. Fura vil ikkje fella finnen. Finnen vil ikkje skyta bjørnen. Bjørnen vil ikkje slå Hårslå. Hårslå vil ikkje heim gå.
So reven på katta, og katta på musa, og musa på reipet, og reipet på smeden, og smeden på øksa, og øksa på klaven, og klaven på oksen, og oksen på vatnet, og vatnet på ljoset, og ljoset på fura, og fura på finnen, og finnen på bjørnen, og bjørnen på Hårslå. Og ho Hårslå sprang so gale, at da ho kom på fjøsgolvet, rulla ho og braut av lårbeinet sitt.
So fekk Oskefisen so stor ein rømmebete — som låvedøra vår.
[endre] Anmerkninger
Ved Reidar Christiansen
E. L. 2, 220. Se nr. 7.
