Folke-eventyr frå Nordmør - Guten i gadden - Safon.org

Folke-eventyr frå Nordmør - Guten i gadden

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
Edvard Langset:

Folke-eventyr
frå Nordmør

Fyreord
  1. Dei tri brørne som skulde i veg og byggja skip
  2. Smørball
  3. Tosken
  4. Storoksen som skulde på setra og gjera seg feit
  5. Kall-dotra og kjerring-dotra
  6. Friarhistorior
    (Dotra som såg ille.
    Dotra som åt so lite.
    Burslykelen.
    Dei rare namna og friarane)
  7. Bukken i erteråkeren
  8. Ivar Pennskjegg
  9. Katta og musa
  10. Kråke Lange
  11. Hårslå
  12. Ho jomfru Maria hjelpte styggdotra
  13. Ho Stor-Pissi jaga tussane
  14. Jerusalems skomakar
  15. Randi med steinen
  16. Kjerringa som åt so mykje
  17. Herskovens munnharpe
  18. Hopp Helling
  19. Blå-oksen
  20. Høna som skulde åt kongsgarden og fri
  21. Guten i gadden
  22. Glorianta på Solberg slott

[endre] Guten i gadden

(Frå Åskar. Fortalt 25. juni 1920.)

Det var ein gong ein gut som vilde på prestegarden og få seg teneste. Og so hadde han so lang ein veg å gå at han vart uteliggjande i ein stor skog.

So fann han ein stor gadd, og den smaug han inni i natta.


Da han hadde lege der ei stund da, so kom det ein bjørn og tok til å dansa umkring gadden.

Da det leid på lite lenger, so kom det ein varg og tok til å dansa òg umkring treet. Og vargen spurde bjørnen kva han var so glad tå.

«Eg er glad tå di at presten har ein stor hest gangande uppi markja. Og han er det ikkje nokre folk som får ’ti, og han lurar eg på å få 'ti,» sa bjørnen. «Men det hadde ikkje vore vanskelig og teke han, når dei hadde bruka rett beisl,» sa han. Og so fortalde han kvar det hekk i stallskilet.

So spurde bjørnen vargen kva han var so glad tå.

Ja, han var glad tå di at på prestegarden var det so langt etter vatn at dei laut ha ut heile buskapen ein gong for dagen og jaga han åt elva i vinteren. Og da var ikkje han heller lenger undan enn han lura seg til anten ei geit eller ein sau.

«Men det er ikkje vanskeleg for vatn på garden,» sa han. «Uppunder låvekloppa er det ein stor brunn. Det hev vore mykje arbeidt nedi der. Men dei trur det er berg, for det ligg ei stor steinhelle yver vatnet nedi botnen på brunnen. Men når dei fekk upp ho, — so vart det vatn nok.»

Um ei liti stund, so kom det ein rev. Og han òg tok til å fansa umkring treet. So spurde dei kva han var glad tå.

Ja, han var glad tå di at presten har ei dotter, og allveg når ho hadde fått seg mat, so laut ho ut og spy. Og ho et so god mat, — og da er ikkje han lenger undan enn han slikkar upp alt det. Og so har no han òg eitkvart godmålet.

«Og ho er klen tå di,» sa reven, «at fyrste gongen ho gjekk til altars, da datt det ned, brødet hennar, og so smatt det millom tvo fjøler inni kyrkja frami koret. Og fyrst ho får ’ti att brødet og et det, so blir ho frisk att.»


Da det vart dag da, so gjekk guten åt prestegarden. Og so spurde han etter um han kunde få seg teneste.

Presten var ikkje upprådd for dreng; men han kunde nok få vera, sa han, lell, so fekk han sjå kor det gjekk.

Ja, so skulde han no åt skottet og hogga ved. So fekk han høyra det vart tale um denna hesten som ikkje folk fekk ’ti. Og so spurde han no etter um ikkje han òg kunde få prøva å taka han. Og det sa no presten at det var ikkje noko gagn i, for det var so mange som hadde prøva og ikkje fått ’ti han.

Men so vart det no endeleg slik lell at han skulde få prøva, og so var han i veg og fann ’ti det rette beislet.

So bar det no i veg med han, — og han kom heim med hesten.

Da vart dei no aldeles forundra alt folk, og ikkje minst presten.


So fekk han no sjå at dei tok til å ha ut krøtera ein dag og jaga dei åt elva. Og so spurde han etter korleis det hadde seg. So sa presten at det var tå di at det ikkje fanst vatn nærare.

Det tykte guten var forunderleg rart, og spurde um han kunde få med seg folk og taka til å leita etter vatn.

Det kunde han få. Men dei trudde han fann ikkje noko. Det hadde vore leita so mykje fyrr.

So tok dei til å arbeida under låvekloppa. Og da dei kom ned på steinhella, so vilde dei slutta å grava, dei andre, for dei trudde det var berget.

Men han gav seg ikkje fyrr han fekk opp steinhella, og da vart det vatn nok.

So tykte dei det at det var mykje på for kva denne guten kunde få til.


So fekk guten sjå at dotter åt presten gav på og spydde kvar dag. Og so spurde han, guten, korleis det skulde ha seg at ho gjev på slik allveg.

Ja, ho var klen, sa faren; det låg ikkje mat i henne. Og dei hadde prøvt dokterar so mykje! Men det hadde dei slutta med; det var ingi råd for henne.

So spurde guten presten ein dag um han skulde få gå inn i kyrkja. Men det hadde han ikkje nokor lyst til rektig, presten, for det fyrste. Men so vart det no slik lell at han fekk det. Han fekk med seg lykelen og gjekk i veg.

Han fekk upp ei fjøl frami altarringen; for han visste no so vel kva for ei fjøl det var han skulde taka upp. Og so fann han brødet.

So fekk ho det, og etter den dag vart ho frisk.

Og so enda det no med det at dei vart gifte.

[endre] Ordforklaringar

  • gadd, turka fure som det er mykje harpiks i og som difor kann stå lenge fyrr ho rotnar.

[endre] Anmerkninger

E. L. 8, 192. Se N. E. nr. 613. En meget eiendommelig version av et eventyr som er litet utbredt her i landet, men hvis egentlige distrikt er Østeuropa og Midteuropa. Både her i Norge og i Sverige er vi i utkanten av eventyrets område; det kan en merke på at selve typen likesom løses op og selve hovedmotivet anbringes i forskjellige forbindelser. I «Tro og Utro», fra Ringerike, hos Asbjørnsen og Moe, har en en nogenlunde fuldstændig version av historien. Ellers har vi en optegnelse nede fra Stavangerkanten, som svarer til en sydeuropæisk formning, og som kanske er kommet hit med sjøfolk. At dyrene taler om den syke prinsesse og om vandmangelen, er det vanlige over hele verden i dette eventyr; men hesten som er så vanskelig at få tak i, er egen for de norske former. Vi har den i et eventyr fra Hardanger, og i et eventyr som drag for drag stemmer overens med Langsets. Men så er det også fra trakten omkring Kristiansund N., og Asbjørnsen skrev det op efter en Ekholm, som han traf ombord på «Ørnen», under sit Middelhavstogt. I den videre utvikling følger eventyret den vanlige type.

Personlege verktøy