Folke-eventyr frå Nordmør - Glorianta på Solberg slott - Safon.org

Folke-eventyr frå Nordmør - Glorianta på Solberg slott

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
Edvard Langset:

Folke-eventyr
frå Nordmør

Fyreord
  1. Dei tri brørne som skulde i veg og byggja skip
  2. Smørball
  3. Tosken
  4. Storoksen som skulde på setra og gjera seg feit
  5. Kall-dotra og kjerring-dotra
  6. Friarhistorior
    (Dotra som såg ille.
    Dotra som åt so lite.
    Burslykelen.
    Dei rare namna og friarane)
  7. Bukken i erteråkeren
  8. Ivar Pennskjegg
  9. Katta og musa
  10. Kråke Lange
  11. Hårslå
  12. Ho jomfru Maria hjelpte styggdotra
  13. Ho Stor-Pissi jaga tussane
  14. Jerusalems skomakar
  15. Randi med steinen
  16. Kjerringa som åt so mykje
  17. Herskovens munnharpe
  18. Hopp Helling
  19. Blå-oksen
  20. Høna som skulde åt kongsgarden og fri
  21. Guten i gadden
  22. Glorianta på Solberg slott

[endre] Glorianta på Solberg slott

(Frå Frei. Fortalt 4. mai 1916.)

Det var ein gong det var ei kjerring som hadde ein liten gut som heldt på å stella med noko på ei strand.

So kom det roande ein mann og vilde ha han med seg. Han lova ut han skulde få det so bra, og so skulde han føra han heim att.

So tok han honom inn på båten sin. Da han hadde vore inn på båten ei lita rid, so sovna han. Og da han vakna, so låg han på ei stor øydeslett, som han ikkje såg nokon ende på.

Da han sovna, var han berre ein liten gut. Da han vakna, var han vaksen kar.

Da han såg seg um, so vart han var det stod ei krukke og eit brød attmed honom. So åt han og drakk tå di. Og da vart han so reint sterk og dugande.

So tok han til å gå. So trefte han tvo gutungar som gav på og slost um eit par støvlar. Han spurde dei kva for dei slost um dessa. «Er det noko sers gagn i dei da?» sa han. So sa dei det var bestefars-støvlane. «Og dei er slike at den som hev dei på, kann ta fem mil i steget.

«Vil de ha meg til å døma i saka, kven som skal ha dei av dykk, so må eg få prøva dei fyrst,» sa han. So tok han dei på seg og so tok han fem mil i steget, og da var det ikkje pire for dei å nå han att.


So gjekk han so lenge han kom åt eit stort slott. Der budde det ei prinsesse som heitte Glorianta.

Ho tykte so godt um denna guten at ho vilde ha han til mann. So vart dei gifte, og dei levde da lenge svært lykkeleg.


So tok guten til å ilengjast. Han vilde sjå heim åt mor si. Men no visste han ikkje vegen, for han var so lenge burte.

So sa ho det, kjerringa hans: «Du skal få ein hest som veit vegen sjølv. Men du får ikkje nemna namnet mitt, for da kjem hesten burt med ein gong.»

Ja, so bar det no av stad da, og so kom han heim åt mor si.

Der kom han i eit lag, og der sat dei og skrytte av kjerringane sine, kallane, kor hæve dei var, og kor vene dei var. Dei hadde lite i hovudet.

So vart han leid til å høyra på detta skrytet, og so gløymde han tå det at han ikkje skulde nemna noko namn på kjerringa si, og so sa han det: «Å de synest vel det, at de hev fine kjerringar,» sa han, «men hadde de fått sett ho Glorianta på Solberg slott, so hadde de fått set ei som var fin da!»


Da han kom ut og skulde til å reisa, da var hesten burte.

(Her utetter er ikkje forteljaren viss på um det var slik. Det er berre eit utdrag, som truleg liknar den verkelege forteljingi.)

So tok han til å gå og leita etter vegen. Endeleg kom han åt dessa tvo gutungane. Da hadde dei fått ’ti att dessa støvlane — og slost um dei. Og guten fekk ’ti att støvlane ein gong til.

So kom han heim att åt ho Glorianta, og no vart han der. Og er dei ikkje daude, so lever dei enno.

[endre] Ordforklaringar

  • det var ikkje pire, det var ikkje spøk, det var ikkje greidt.
  • ilengjast, lengta mykje.

[endre] Anmerkninger

E. L. 8, 215. Se N. E. nr. 400. Det er samme eventyrkreds som nr. 1 hører til: gutten og bruden fra den anden verden. Dette er nok bare et fragment, men er tat med da det har med endel motiver, som manglet i nr. 1, og også et par eiendommelige drag. Han pleier vanlig ikke at komme til det fremmede land, før han er voksen, så det er eget for vort eventyr at han sovner ind som gut, og våkner som voksen. Episoden om de tre som slås om vidundertingene, pleier først at komme, når han er på vei for at lete efter sin brud. Hans besøk hjemme er et almindelig træk i dette eventyr, her er det ganske eget at det er en hest som bærer ham frem dit. Det minder om den form episoden har fåt i gammel heltedigtning, f.eks. den irske, som ofte benytter dette eventyr. Her foregår færden til og fra det vidunderlige land på en hest, og når helten stiger av den, kan han aldrig komme tilbake. Navnet på heltinden, Glorianta, skriver sig kanske fra Holger Danskes krønike.

Forbudet mot at nævne navnet, blev omtalt ved et andet eventyr.

Sammenligner vi denne version med nr. 1, ser vi at der er det den sidste del som er bevaret, her er det den første, forsåvidt supplerer de altså hverandre.

Personlege verktøy