Folke-eventyr frå Nordmør - Friarhistorior
Frå Safon.org
|
| |
|
|
Innhaldsliste |
[endre] Friarhistorior
[endre] Dotra som såg ille
(Frå Surnadal, Nordmør. Fortalt 7. juli 1915.)
Det var ein gong det var ei dråk som såg so ille. Og so kom det ein friar åt ho. Ho sat og spann, da han kom inn, og mora hadde teke til å bøta skjåen. Da ho var ferdig med det, so sette jo skjåen uppi ljoren att. Ei rid etter, so skulde mora bruka nål. Men so var nåla borte. So tok ho til å leita etter ho. Da slær dotra upp hovudet og segjer:
«Du ser no vel att ho står uppi skjåen!»
So blir no friaren sett til bords, og mora går ut.
Medan han sit og et, so segjer han:
«Kist, kist!»
Dråka trudde at katta var koma, og vilde på bordet. So tok ho eldkroken og vilde slå katta, — men ho slo smørforma ned tå bordet.
[endre] Dotra som åt so lite
(Frå Surnadal, Nordmør. Fortalt 7. juli 1915.)
Det var ein gong ein gut som skulde ut og fri. So kom han åt eit hus, og der var det ei dotter.
Da han var vel innkomen, so segjer ho det, mora:
«Dotter mi et berre ei erter i målet, ho!»
Da friaren er ferdig og skal gå, so kliv han upp på taket og legg seg på ljoren og ligg og ser ned i stova kor dei steller seg.
So tek vækja til å baka brød. Ho klappar eit emne, — og et upp det. So halvbakar ho ein leiv, og et upp han. So heilbakar ho ein, — og et upp han. So halvsteikjer ho ein, — og et upp han. So heilsteikjer ho ein, — og so et ho upp han òg.
So hadde mor hennar koka ei gryte graut, — og vækja fekk den òg. So fekk ho ei skjeppe saup og ein dall med velling, og ei skreppe med klenning — og detta åt ho upp alt saman.
Da vart ho so klen at ho vart liggjande. So henta dei friaren åt ho. Ja, so segjer han det, han: «Ein klappar og so ein halvbakar og so ein heilbakar og so ein halvsteikt og ein heilsteikt, og ei gryte graut og ei skjeppe saup, ein dall med velling og ei skreppe klenning.
gå so ut, so blir du god att.»
[endre] Burslykelen
(Frå Surnadalen, Nordmør. Fortalt 7. juli 1915.)
Det var ein gong ein friar som kom åt ei taus som gav på og la på eit stort stryråkkelpå rokkehovudet.
So segjer ho det mor hennar:
«Eit slikt eit som detta spinn dotter mi for dagen, ho.»
Medan friaren sat der, so fekk han til å smetta burslykelen deira burti stryet.
Da dei skulde burti stabburet, so var lykelen burte.
Dei leita på åttedagars vis etter han, men dei kunde ikkje finna han att.
So kom friaren att, og dei tala um at burslykelen var burte.
Da kunde han fortelja at lykelen var i det stryråklet som var pålagt den siste gongen han var der.
[endre] Dei rare namna og friarane
(Frå Sunndalen, Nordmør. Fortalt 25. august 1915.)
Det var ein gong det var ei kjerring som hadde tri døtter. Og dei hadde slike stygge namn. Dei heitte: Magga, Ragga, Elfarskræppa.
So var det ein gong det kom friarar på garden, og so var døtterne i skogen. So skulde ho ropa på dei, mora. Men ho vilde ikkje ta namna deira på munnen; for dei var so stygge, og da trudde ho at friarane ikkje vilde ha dei.
So ropa ho: «Sølv, Gull, Småborn! koma heim !»
Men so skyna dei ikkje det, vækjone. Og so måtte ho ropa: «Magga, Ragga, Elfarskræppa! koma heim!»
Da dei fekk høyra at dei hadde slike stygge namn, — so reiste dei sin veg, friarane.
[endre] Ordforklaringar
- Klenning, flatbrød med påsmurt smør.
- Stryråkkel, stryrull
[endre] Anmerkninger
Ved Reidar Christiansen
Frierhistorierne er en meget populær genre, omend deres repertoire ikke er synderlig rikholdig. Se N. E. nr. 1440—1488. Av Langsets historier er de tre første velkjendte: det er et ganske godt vidnesbyrd om traditionens sammenhæng rundt om i hele verden, når selv disse småhistorierne findes igjen i de forskjellige lande. Historien om «Bursnykkelen» har moret østerrikere, tysker og engelskmænd, og den skarpsynte pike, som slår efter smørret, er kjendt til og med i Lillerusland og i Sibirien. Oppe i Østerdalen hadde hun sat nålen i væggen på en badstue, og sa: «Jeg ser nåla, men jeg kan ikke få øie på badstua.» Den lille historie om de fine navnene er visst ikke skrevet op før. Langset har også følgende version fra Surnadalen (skrevet op i 1915). «Det var ein mann som hadde tri døttr, og dei hadde så rare namn. Så kom det ein friar tilgards, og då låg drekene og lykte i ein linåker. Så gjekk mor deira ut og ropa: «Mina, Stina, Gullgrina, kåmma heim og ita.» Men dei kjendte ikkje namna sine, og så kom dei ikkje. Då gjekk faren ut og ropa: «Rommel, Skrommel, Båntlaus, kåmma heim og ita.» Og då kom dei.
