Folke-eventyr frå Nordmør - Blå-oksen
Frå Safon.org
[endre] Blå-oksen
(Frå Sunndalen, Nordmør. Fortalt 28. august 1915.)
På ein gard var det ein gong ei kjerring som hadde ei rettdotter og ei styggdotter. Og der hadde dei ein blå okse.
Styggdotra var ikkje lika. Ho laut vera ute og gjæta krøtera korleis veret var. Men rettdotra fekk sitja heime og ha det godt.
Styggmora vart berre trollutare og trollutare. Og til slutt vilde ho ikkje ein gong ha med styggdotra si mat på gjætsle-skogen.
So vart ho so harm. Ho gjekk upp på ein haug og sette seg på ein stein og tok til å gråta.
Da kom blåoksen burtåt ho. So sa han det, han:
«Kva du græt for?»
«Eg græt for det at dei blir berre trollutare og trollutare med meg. No får eg ikkje mat med meg heller. Eg har ikkje såa med i dag.»
So sa han det, han:
«Det er ikkje verdt du græt for det. Det er berre du tek inn i vinstre øyra mitt. Der er det ein duk, og han tek du ut og breider utover, og da finn du so mykje fin mat og drikk som du treng.
Slik gjekk det i fleire dagar. Da tok dei til å tvila på gale heime. Dei såg ho vilde ikkje eta da ho kom heim.
Ein kveld sa dei det:
«I morgon skal vi slakta blåoksen.»
Dagen etter sette ho seg til å gråta att, burtpå den haugen.
Da kom oksen burtåt ho:
«Kva du græt for i dag?» sa han.
«Eg græt for det at dei sa dei vilde slakta deg i rnorgon,» sa ho.
«Å, det er ikkje verdt du græt for det,» sa han. Det er berre du kjem uppi fjøset, du, i natt, so skal vi røma.»
Um natta da, so reiste ho uppi fjøset og løyste oksen ut. Og so reiste dei.
Da dei hadde ride langt, so kom dei åt ein massingskog. So sa han det:
«Her må du sitja dorgende still. For dett det eit blad tå denne skogen, so kjem det eit stort troll med tri hovud og vil ta oss.»
Da dei hadde ride eit stykke inn i skogen, so datt det eit blad i fanget hennar, kor ho passa seg.
So kom det, trollet.
Da bar det i hop med dei. Men til slutt so vann han, oksen, og drap trollet.
So reid dei eit langt stykke att. No kom dei åt ein sølv-skog. Og da sa han det, oksen:
«Her må du sitja heilt roleg. For dett det eit blad tå denne skogen, so kjem det eit stort troll med seks hovud og vil ta oss. Det blir mykje verre å klara oss for.»
Og ho passa seg alt ho kunde.
Da dei hadde ride eit stykke inn i skogen, so datt det tå eit blad og kom ned i fanget hennar.
So kom trollet.
Da heldt dei på lenge. Oksen var ikkje god til å vinna på trollet. Men so vann han til slutt.
Da måtte blåoksen kvila seg i tri dagar, so nedåtkomen var han.
No bar det i veg att, og da reid dei langt og lenger enn langt. Da kom dei åt ein gullskog.
«Ja, her må du sitja dorgende still,» sa oksen. For dett det eit blad tå denne skogen, so kjem det eit stygt troll med ni hovud og vil ta oss. Og eg veit ikkje um eg greier å vinna på det trollet.»
So bar det inn i gullskogen. Kor ho passa seg, so datt det eit blad tå gullskogen og ned i fanget hennar.
Da kom det trollet som hadde ni hovud.
So bar det til å stangast med dei. Da dreiv ho tå, styggdotra. Til slutt drap oksen endeleg trollet. Men da var det berre so blodet rann tå han. Da måtte han kvila seg ei vike.
So reiste dei att.
Da kom dei burtpå ei fin slette. Og der var det ein stor stein. Og burtmed steinen stod det ein stav. Da sa han det, oksen:
«No tek du denne staven, og so bankar du på steinen.»
Da ho gjorde det, vart steinen til ei fin stove.
«No må du ta inn i høgre øyra mitt!» sa han. So finn du ein duk, og han tek du utor og breider utover. Og da finn du mykje gull og sylv og annan stas.»
Det hadde dei inni stova. So sa han det, oksen:
«I morgon blir det vel det verste som har hendt. For da lyt du hogga hovudet tå meg. Og da blir det ein prins tå meg.»
Da tok ho til å gråta og vilde det ikkje.
Men so gjorde ho det lel.
So vart dei no gifte.
Og eg var no der i bryllaupet, eg òg. Eg var no berre hønegjætar. So hadde eg ein liten hund som heitte Gulltann. So fekk eg noko med klavekjerringane. Ertersupe med ei. Smørklining med ei. Og brød med ei.
Da tok ho Gulltann til å gøy. So vart eg so redd at det skulde koma noko åt hønone.
Da vart eg so annsam at eg kasta ertra burti troppa, og smøret uppå omnen, og brødet inni omnen.
- So smøret te rinn,
og brødet te brinn,
og ertra te å kåpa.
Tripp, trapp, i kroppen din i all natt, —
test du fortel meg eit slikt eit att.
[endre] Anmerkninger
Ved Reidar Christiansen
E. L. 2, 152. Se nr. 10. Hele indledningen med oksen som hjælper, og ridtet gjennem skovene hører vanlig med i dette eventyr, mens det derimot er overraskende at oksen blir til den prins, som hun så skal ha. Denne ændring fører igjen med sig at der ingen plads blir til kirkebesøket og skoepisoden.
Antagelig er denne ændring sket ved påvirkning fra eventyret om den forvandlede brudgom; og idet han så befries fra dyrehammen, kommer brylluppet førend det egentlig skulde, efter historiens vanlige forløp. Oksen blir ellers gjeme slagtet, og heltinden skal bare gjemme dens hud eller lignende.
