Fløyelsringveng - Safon.org

Fløyelsringveng

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
Fløyelsringveng el. skogdjevel

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Arthropoda
Klasse: Insecta
Underklasse: Rhopalocera
Orden: Lepidoptera
Overfamilie: Papilionoidea
Familie: Nymphalidæ
Underfamilie: Satyrinæ
Slekt: Erebia
Art: ligea
Vitskapleg namn
Erebia ligea
Linné
Fløyelsringveng.Foto:Dena Utne
Fløyelsringveng.
Foto:Dena Utne

Fløyelsringveng eller fløyelsringveng(j)e (Erebia ligea), tidlegare òg kalla skogdjevel, er ein sommarfugl som hører til den formrike slekta Erebia i gruppa ringvenger (Satyrinæ) i den artsrike familien flikvenger (Nymphalidæ). Han er svært vanleg i det meste av Skandinavia anna enn i Danmark og ytst ved kysten i Noreg. Elles er han vanleg i Finland, Estland, Latvia og det nordlege Russland heilt til Sibir, Kamtsjatkahalvøya og Japan. Lenger sør i Europa er han vanleg i Alpane og på Balkan med unntak av Hellas.

[endre] Utsjånad

Ein mellomstor sommarfugl med mørke fargar, derav det noko dystre namnet skogdjevel som har vore bruka på denne arten tidlegare. Oversida er mørkebrun med ein fløyelsaktig glans når sommarfuglen er nyklekt; denne glansen forsvinn med tida. Begge vengene har eit breitt, oransje band langs kanten; i dette bandet er det vanlegvis nokre småe augneflekkar, men desse kan òg mangle heilt på enkelte individ. Enkelte gonger manglar det oransje bandet òg. Undersida av forvengen er gråbrun, undersida av bakvengen mørkebrun med ei tynn, bølgut, kvit tverrline og augneflekkar. Åma er sandfarga eller bleikt okergul; ryggen er mesta kvit med ei brun midtstripe, sidestripene er breie og kvitaktige.

[endre] Levevis

Fløyelsringvengen er ein nokså rask flygar som er særleg talrik i bjørkebeltet og på myrar like ovanfor tregrensa. Han sitt ofte på steinar med vidopne venger. Som dei fleste ringvengene brukar han ikkje mykje tid på å besøkje blomstrar. Åma lever på gras, særleg myskegras (Millium effusum). Larveutviklinga tek to år.

[endre] Kjelder

  • Nettsida Svenska Fjärilar, med bildegalleri: [1]
  • Nettsida Norges sommerfugler: [2]


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Fløyelsringvinge» frå Bokmålswikipediaen og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.
Personlege verktøy