Felix Mendelssohn
Frå Safon.org
Jakob Ludwig Felix Mendelssohn (Bartholdy) (3. februar 1809—4. november 1847) var ein tysk romantisk komponist av jødisk opphav. Han var kanskje det største vidunderbarnet etter Mozart.
Jakob Ludwig Felix Mendelssohn vart fødd i Hamborg som son av ein bankier, Abraham, som igjen var son av den kjende tysk-jødiske filosofen Moses Mendelssohn. Felix sin familie flytte til Berlin i 1812 og konverterte etterkvart til kristendommen. I samband med at borna vart døypte i 1816 og foreldra i 1822 tok dei det ekstra etternamnet Bartholdy. Søster hans var Fanny Mendelssohn (seinare Fanny Hensel), som òg var ein velkjent pianist.
Mendelssohn fekk pianoundervisning av mor si da han var seks, og da han var sju vart han undervist av Marie Bigot i Paris. Frå 1818 studerte han komposisjon med Carl Friedrich Zelter i Berlin. Han gav truleg sin første offentlege konsert som niåring, da han deltok på ein kammerkonsert. Han var tidleg ein produktiv komponist og skreiv sitt første publiserte verk, ein pianokvartett, da han var 13 år gammal. Goethe møtte den unge Mendelssohn og fekk straks sansen for honom: «Når eg er trist, kom og muntre meg opp med spelet ditt!»
Mendelssohn skreiv den første symfonien sin da han var 15, og da han var 17 skreiv han ein ouverture til William Shakespeare sin Ein midsommarnattsdraum, som truleg kan seiast å vera Mendelssohns første velkjente verk (han skreiv seinare meir musikk til stykket). I 1827 såg han for første gong ei oppsetting av ein av operaene sine, Die Hochzeit des Camacho. Han hadde skrive fleire operaer tidlegare.
I 1830 skreiv Mendelssohn konsertouverturen Die Hebriden (Hebridane, òg kjend under namnet Fingal’s Cave) — eit stykke som framleis er populært i dag. Det var inspirert av turane hans til Skottland sist i 1820-åra. Desse besøka inspirerte òg den tredje symfonien hans, Den skotske symfonien, som vart skriven i ledige stunder kring perioden 1830 til 1842. Mendelssohn reiste vidt ikring i Europa i løpet av livet, og ein tur til Italia inspirerte eit av dei mest kjende verka hans, Symfoni nr. 4, Den italienske — fullført i sin endelege versjon i 1834. Alt i alt skreiv Mendelssohn fem symfoniar. Han skreiv òg to klavérkonsertar og ein berømt fiolinkonsert som er eit standardverk for profesjonelle fiolinistar.
I tillegg til orkestermusikk skreiv Mendelssohn òg kammermusikk, inkludert ein strykeoktett (1825), pianomusikk, inkludert Lieder ohne Worte og to store oratorium, Paulus (1836) og Elias (1846). Oratoria var sterkt inspirerte av Johann Sebastian Bach — ein komponist som Mendelssohn har hovudæra for å ha brakt fram i lyset att etter å ha vore mykjegodt bortglømt ei tid. Ei særleg viktig hending i samband med dette var Mendelssohn si svært vellukka oppsetting av Matteuspasjonen av Bach i 1829.
I 1842 skreiv Mendelssohn scenemusikk for William Shakespeare sitt skodespel Ein midsommarnattsdraum, inkludert den vidgjetne bryllupsmarsjen som blir bruka (særleg ved utgangen) i mange bryllaup. Den andre mest populære bryllaupsmarsjen (særleg bruka for bruras inngang i kristne bryllaup) er Brudekoret frå operaen Lohengrin av Richard Wagner. Desse to marsjane vart første gong valde for bruk saman av prinsesse Victoria, eldste dotter av dronning Victoria av Storbritannia og Irland for bryllaupet hennar med kronprins Friedrich Wilhelm av Prøyssen den 25. januar 1858, og denne kombinasjonen har vorte ein svært utbreidd tradisjon i ettertid. Enda Mendelssohn ikkje generelt er sett på som ein spesielt innflytingsrik komponist, var verka hans svært populære i levetida hans — og dei er framleis populære i dag.
Mendelssohn sleit med dårleg helse i dei siste åra av livet sitt, og det er sagt at han var svært melankolsk etter at søster hans, Fanny, dødde i mai 1847. Felix Mendelssohn dødde den 4. november 1847 i Leipzig.
| | Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Felix Mendelssohn» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. |

