Fag:Tysk, jiddisch og nederlandsk - Safon.org

Fag:Tysk, jiddisch og nederlandsk

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search

ENGELSK • HEBRAISK • KROPPSØVINGKUNST OG HANDVERK • MAT OG HELSE • MATEMATIKKMUSIKKNATURFAG • NORSK • RELIGION OG LIVSSYN • SAMFUNNSFAG • SPANSK • TYSK

Tysk

Artiklar

Elias Canetti (25. juli 190513. august 1994) var ein bulgarsk-fødd sefardisk forfattar og mottakar av Nobelprisen i litteratur (1981). Elias Canetti vart fødd i Rustschuk (no Ruse), ein havneby ved Donau-elva i Bulgaria, tett ved den rumenske grensa. Han snakka flytande djudíospanjol og bulgarsk frå tidleg barndom av. I 1911 flytte familien til England, der Elias lærte engelsk. Etter at faren døydde i 1912, levde familen eit omflakkande liv i dei tyskspråklege landa Tyskland, Sveits og Austerrike. Frå 1924 av budde han i Wien, der han i 1929 oppnådde doktorgraden i kjemi.   Les meir …
Franz Kafka (3. juli 18833. juni 1924) var ein tyskspråkleg asjkenazisk forfattar. Det mest kjendte verket hans er romanen Der Prozeß (‘Prosessen’). Romanen skildrar ein person som er utsett for uklåre skuldingar av eit ugjennomtrengeleg rettssystem. Av dette kjem nemninga Kafka-prosess.   Les meir …

Populære sider

Mest lese

ਸੇਵਾ · DUGNAD · צדקה

Nettstaden Safon.org blir driven på frivillig basis. Du kan hjelpe til på fleire måtar:

Skriv: Om du har kunnskapar om skandinavisk kystkultur, jødedom, samar, reisande, sikhisme, buddhisme, unitarisme, bahá’ítru eller islām, og du godtek retningslinene, så er du velkommen til å laga deg brukarkonto og vera med og skrive.

Kjøp og lær: Om du gjerne vil lære meir og samtidig støtte arbeidet med Safon.org økonomisk, så kan du kjøpe bøker på Hassafon Forlag sin nettbutikk. Så langt finst det ei bønebok for fredag kveld, ei novelle av Grace Aguilar og ei bok om norsk vokal folkemusikk der.   For fleire bøker om religion og kultur med hovudvekt på sefardisk jødedom og sikhisme, sjå Safon web shop.

Tikkún ngolám: Om du vil gjera ei god gjerning generelt, så besøk gjerne The Hunger Site og klikk for å hjelpe sveltande menneske i den tredje verda. (Det er gratis.)

Les meir om korleis du kan hjelpe...



Personlege verktøy