Fag:Mat og helse
Frå Safon.org
ENGELSK • HEBRAISK • KROPPSØVING • KUNST OG HANDVERK • MAT OG HELSE • MATEMATIKK • MUSIKK • NATURFAG • NORSK • RELIGION OG LIVSSYN • SAMFUNNSFAG • SPANSK • TYSK
|
Skulefaget mat og helse i den norske grunnskulen er arvtakaren etter det tidlegare skulefaget heimstadlære. I fagplana for mat og helse frå Utdanningsdirektoratet står det: “Mat og måltid er viktig for den fysiske og psykiske helsa til mennesket og for det sosiale velværet. Kunnskap om mat og måltid som fremjar gode matvanar, kan gjere sitt til å redusere helseskilnader i befolkninga. Matvanane våre reflekterer både individuelle val, kulturelle uttrykk og religiøse overtydingar, og er på den måten ein sentral del av identiteten vår. I eit fleirkulturelt samfunn er det viktig med medvit om norsk matkultur og det særeigne for samisk mattradisjon, og ha kunnskap om og respekt for mattradisjonar i andre kulturar. Større mangfald på matvaremarknaden stiller større krav til kompetanse hos forbrukaren, slik at ein kan gjere medvitne val som gjeld eiga helse og eige miljø.”[1] | |
|
Saltfiskball (utt. ["sɑʎ:hƫfɪskˌbɑʎ:] el. ["sɑʎ:hƫfeskˌbɑʎ:]) er ein fiske- og potetrett frå Romsdal, Ytre Nordmør og Fosen. Hovudingrediensane i blandaballen er saltfisk (gjerne hyse eller lyr), potet og grynmjøl og/eller kveitemjøl. Saltfiskball er spesielt populær mat på Smøla på Nordmør. Les meir …
Kleppfisk eller klippfisk er salta og tørka fisk av torskefamilien. Det mest tradisjonelle fiskeslaget er torsk, men hyse (kolje), lange, brosme og sei blir òg bruka. Kleppfisk er eit langt meir foredla produkt enn tørrfisk: Tørrfisken er ikkje salta og blir hengt på hjell til tørking. Kleppfisken er gjennomsalta, flattørka og pressa fisk. Tradisjonelt har kleppfisken vorte tørka på kleppar (reinflekte svaberg), men i nyare tid er det vorte vanlegare å tørke kleppfisken i innandørs tørkeanlegg. Les meir …
Kva matvarer som er tillatne for pesaḥ (jødisk påske) varierer noko mellom ulike jødiske grupper. Det grunnleggande trekket som er felles for alle er at all ḥaméṣ — det vil seie syrna eller gjæra mat av dei fem kornslaga (kveite, spelt, vanleg bygg, toradsbygg og rug — er forboden både å eiga og å eta alle dei sju eller åtte dagane pesaḥ varar. Dei fleste tradisjonelle asjkenazím, og i seinare hundreår mange europeiske sefardím òg, avstår frå å eta kitnijjót (belgvekstar, særleg i tørka tilstand) under pesaḥ på grunn av at mjøl av desse belgvekstane (slik som ertermjøl) kan komma til å bli forveksla med mjøl av dei fem kornslaga. Meiningane om ris er delte. Dei fleste sefardím et ris under pesaḥ, men asjkenazím reknar ris til kitnijjót, som dei avstår frå å eta. Les meir …
Blandaball (utt. ["bɽɑɲ:aˌbɑʎ:]), stundom skrive blainnabaill, er ein fiske- og potetrett frå Romsdal, Ytre Nordmør og Fosen. Hovudingrediensane i blandaballen er ferskfisk (gjerne hyse eller lyr), potet og grynmjøl og/eller kveitemjøl. Ball, og særleg blandaball, er spesielt populær mat i Kristiansund, og byen blir ofte spøkefullt kalla Baillsund. Les meir … Borecas eller borekas svarar til börek på tyrkisk og finst på menyen i mange tyrkisk-drivne gatekjøken i Noreg under namnet børek. I sin typiske tyrkiske versjon er børeken ein innbakt butterdeigspai på storleik av ein munnfull eller tre med fyll av fetaost og grønsaker — gjerne gulrøter og spinat. Sefardím i Det osmanske riket slo saman den tyrkiske børeken og sine iberiske pastelas (òg kalla empanadas, pastillas, pastidas) til den karakteristiske osmansk-sefardiske matretten borecas. Les meir …
Sjeḥitá (hebr. שְׁחִיטָה [šəḥī'ṭā]) eller schächting (gj. tysk frå jid. שׁעכטן shechtn) vil seie slakting etter jødiske religiøse forskrifter og blir normalt utført av ein spesialutdanna sjoḥét. Slaktemåten er omlag den same som dhabiḫa (muslimsk ḥalāl-slakting); og i tillegg er dette om lag same slaktemetode som ein finn blant tradisjonelle reindriftssamar og i noka mon òg mellom tradisjonelle norske bønder og småbrukarar. Dette er såleis ein tradisjon med djupe røter i skandinavisk kultur heller enn eit framandelement her til lands. Les meir …
Ḥaróset (hebr. חֲרֽוֹסֶת ḥă'ro:set) er ei blanding av frukt, nøtter, vin eller eddik og eventuelt krydder som blir bruka som ein av dei symbolske matrettane under det jødiske sedermåltidet på dei to første kveldane av pesaḥ (den jødiske påska). Ḥaróseten symboliserer mørtelen som israelittane bruka under slaveriet i Egypt. Les meir … α₁-antitrypsinmangel eller alfa 1-antitrypsinmangel, òg kalla A1AD eller rett og slett alfa-1, er ein kodominant arveleg sjukdom der α₁-antitrypsinnivået i blodet er for lågt. A1AD kan føre til lungeemfysem og i nokre fall til leversjukdom. A1AD, inkludert i lettare form, er òg sett i samband med m.a. behandlingsresistent astma og kronisk sinusitt. A1AD er vanlegast blant europearar av baltisk, sørskandinavisk, nederlandsk, britisk og iberisk (spansk og portugisisk) bakgrunn, og i tillegg blant saudiarabarar. Les meir …
Tørrfisk eller turrfisk er usalta fisk som er naturleg tørka av sol og vind på hjell eller (sjeldnare) tørka i eigne tørkeri. Å tørke mat er verdas eldste kjente konserveringsmetode, og tørka fisk er haldbar i årevis. Metoden er billig òg — det kan gjerast av fiskaren sjølv, og det gjer fisken enklare å transportere til marknaden. Tørking av fisk er kjent frå gammalt av i Noreg; ordet «torsk» kjem av det norrøne þurskr, som er ei samantrekt form av þurrfiskr (‘tørrfisk’). Tørrfisken er den vara Noreg har eksportert lengst, og han er, ved sida av råolje, naturgass og inntekter frå handelsflåten, den samfunnsøkonomisk mest lønnsame eksportvara gjennom hundreåra. Fisk som er salta og flattørka blir kalla kleppfisk. Les meir …
Bimuelos er svært populær ḥanukkámat blant sefardím frå Balkan og mange andre stader. Ordet bimuelos, som òg kan bli skrive bumuelos, birmuelos, bermuelos, burmuelos eller bulemas, er djudíospanjol og heng saman med spansk «bunuelo»; i Tyrkia seier ein òg lokmas, og i Hellas λουκουμαδες (loukoumades). Les meir …
|
Mest lese
|
|
Nettstaden Safon.org blir driven på frivillig basis. Du kan hjelpe til på fleire måtar: Skriv: Om du har kunnskapar om skandinavisk kystkultur, jødedom, samar, reisande, sikhisme, buddhisme, unitarisme, bahá’ítru eller islām, og du godtek retningslinene, så er du velkommen til å laga deg brukarkonto og vera med og skrive. Kjøp og lær: Om du gjerne vil lære meir og samtidig støtte arbeidet med Safon.org økonomisk, så kan du kjøpe bøker på Hassafon Forlag sin nettbutikk. Så langt finst det ei bønebok for fredag kveld, ei novelle av Grace Aguilar og ei bok om norsk vokal folkemusikk der. For fleire bøker om religion og kultur med hovudvekt på sefardisk jødedom og sikhisme, sjå Safon web shop. Tikkún ngolám: Om du vil gjera ei god gjerning generelt, så besøk gjerne The Hunger Site og klikk for å hjelpe sveltande menneske i den tredje verda. (Det er gratis.) Les meir om korleis du kan hjelpe... | |
