Fag:Kunst og handverk
Frå Safon.org
ENGELSK • HEBRAISK • KROPPSØVING • KUNST OG HANDVERK • MAT OG HELSE • MATEMATIKK • MUSIKK • NATURFAG • NORSK • RELIGION OG LIVSSYN • SAMFUNNSFAG • SPANSK • TYSK
|
Ein sukká (hebr. סֻכָּה el. סוּכָּה; pl. סֻכּוֹת el. סוּכּוֹת sukkót) eller ein cabaña (kastiljansk), ofte kalla lauvhytte på norsk, er ei hytte som blir oppsett kvart år mellom kippúr og sukkót til bruk under den jødiske haustfesten sukkót, som òg blir kalla lauvhyttefesten på norsk. Les meir … Hopen kirkje i Hopen på Smøla er soknekirkja i Hopen sokn av Edøy prestegjeld. Den noverande kirkja, ei langkirkje av tre som vart bygd i 1892, har 260 sitteplassar. I 1916 vart det innsett pipeorgel, men sidan 1953 har det vore bruka hammondorgel der. Fram til midten av 1700-talet sokna folk frå Veiholmen og Nord-Smøla til Veigen kapell på Veiholmen. På grunn av at det gamle fiskarkapellet på Veiholmen stod til nedfalls, fekk commerceråd Hammond løyve den 11. juni 1745 til å byggje nytt kapell på Hopen. Den gamle altartavla, som stammar frå 1500-talet, vart flytta over til det nye kapellet. Det nye kapellet på Hopen, som var ei lita, åttekanta trekirkje med tårn og spir, vart ferdigstilt i 1748. Les meir …
Den portugisarjødiske meinigheita i Hamborg sin nye esnoga i Innocentiastraße 37 i Harvestehude vart innvigd torsdag 14. mars 1935 kl. 20:00 og var den siste synagogen som vart opna i Nazi-Tyskland. Les meir …
Aure kirkje er ei korskirkje av tre som vart innvigd i 1727. Kirkja, som ligg på ei lita høgd nede ved Aursundet i Aure sentrum i Aure kommune på Nordmør, er soknekirkje for Aure sokn og hovudkirkje for Aure prestegjeld i Ytre Nordmør prosti av Møre bispedømme. Les meir … Edøy gamle kirkje er ei steinkirkje frå tida kring 1190 som ligg på Edøya i Smøla kommune på Nordmør. Eit skriv frå 1695 nemner at kirkja vart lengd med sju alen. Kirkja vart nedlagt i 1885, og ho brann etter eit lynnedslag den 14. januar 1887. Alt treverk og interiør anna enn altartavla og nokre få andre gjenstandar gjekk tapt. Altartavla vart øydelagt under bombinga av Kristiansund i 1940. Kirkjeruinane vart bruka som lager av okkupasjonsmakta under andre verdskrigen. Frå 1947 vart kirkja oppattbygd med 120 sitteplassar, og ho vart atterinnvigd den 4. juni 1950. Les meir …
Austrått er ei borg og ein historisk herregard i Ørland kommune ved utløpet av Trondheimsfjorden i Fosen i Sør-Trøndelag fylke. Austrått har vore kjent som sete for fleire sentrale personar i norsk historie sidan 1000-talet. Borganlegget slik det står i dag blir tilskrive rikskansler Ove Bjelke, som skal ha sluttført anlegget kring 1656. Borga brann ned i 1916. Atteroppbygginga begynte i 1920-åra og var ferdig i 1961. Borga var tidlegare ein del av ein større jordeigedom, men jorda er no fråskilt. Staten eig sjølve borga med Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum i Trondheim som forvaltingsorgan. Borga er open for omvisningar frå juni til august. Les meir …
Torvtekking er ein type taktekking der ein vasstett membran mot taktroa blir dekt med levande torv. Torvtekte tak blir oftast kalla torvtak. I Noreg i dag er torvtak vanlegast på eldre hus i indre fjord- og dalstrøk. Historisk var torvtak mykje bruka i byane òg, men på grunn av den store faren for smittebrann i dei tettbygde byane gjekk dei så å seie heilt or bruk. Frå 1980-åra av, da torvtak fekk ein renessanse, har det òg komme enkelte byhus med torvtak att. Les meir …
Eit valmtak er ein taktype som liknar på vanleg saltak med at taket over langveggene møtest ved mønet utan knekk, men det skil seg ut ved at taket skrånar mot endeveggene òg i staden for at endeveggene går opp i gavl til mønet. Les meir … Esnogaen i Amsterdam eller Den portugisiske synagogen i Amsterdam, oftast kalla Esnoga (nederlandsk uttale: snoge), ligg ved gata Visserplein, beint imot det historiske sentrumet av Amsterdam, rett ved Det jødiske historiske museet i Amsterdam. Dette monumentale bygget vart bygd på 1600-talet (det såkalla gyldne hundreåret i Nederland) for det sefardiske trussamfunnet Talmud Torah (Det portugisisk-israelittiske trussamfunnet i Amsterdam). Les meir …
Synagogen i Lübeck ligg i St.-Annen-Straße 13 i Lübecker Altstadt, mellom den evangelisk-lutherske Aegidienkirche og St.-Annen-Kloster, som i dag er bymuseum. Den opprinneleg nymauriske synagogen med kuppel vart ferdigbygd i 1880, medan Salomon Carlebach (1845–1919) var overrabbinar der. Etterfølgjaren hans i stillinga var sonen hans, Joseph Carlebach (1883–1942). Siste meinigheitsrabbinaren der (1921–1938) var David Alexander Winter (1878–1953). Les meir …
|
Mest lese
|
|
Nettstaden Safon.org blir driven på frivillig basis. Du kan hjelpe til på fleire måtar: Skriv: Om du har kunnskapar om skandinavisk kystkultur, jødedom, samar, reisande, sikhisme, buddhisme, unitarisme, bahá’ítru eller islām, og du godtek retningslinene, så er du velkommen til å laga deg brukarkonto og vera med og skrive. Kjøp og lær: Om du gjerne vil lære meir og samtidig støtte arbeidet med Safon.org økonomisk, så kan du kjøpe bøker på Hassafon Forlag sin nettbutikk. Så langt finst det ei bønebok for fredag kveld, ei novelle av Grace Aguilar og ei bok om norsk vokal folkemusikk der. For fleire bøker om religion og kultur med hovudvekt på sefardisk jødedom og sikhisme, sjå Safon web shop. Tikkún ngolám: Om du vil gjera ei god gjerning generelt, så besøk gjerne The Hunger Site og klikk for å hjelpe sveltande menneske i den tredje verda. (Det er gratis.) Les meir om korleis du kan hjelpe... | |
