Fag:Engelsk
Frå Safon.org
ENGELSK • HEBRAISK • KROPPSØVING • KUNST OG HANDVERK • MAT OG HELSE • MATEMATIKK • MUSIKK • NATURFAG • NORSK • RELIGION OG LIVSSYN • SAMFUNNSFAG • SPANSK • TYSK
|
Chaim Potok (17. februar 1929—23. juli 2002) var ein amerikansk romanforfattar og rabbinar. Romanane hans tek utgangspunkt i det asjkenazisk-ortodokse miljøet i byen New York og handlinga dreier seg ofte kring spenningsfeltet mellom ulike tradisjonar såvel som spenningsfeltet mellom tradisjonelle verdiar og det moderne amerikanske samfunnet. Chaim Potok er særleg kjend for romanane The Chosen (1967) og My Name is Asher Lev (1972). Les meir …
Grace Aguilar (2. juni 1816—16. september 1847) var ein engelsk-sefardisk romanforfattar, diktar og skribent om jødisk historie og religion. Grace Aguilar vart fødd i Hackney i England av sefardiske foreldre av spansk opphav. Ho var fysisk svak frå barndommen av og viste tidleg interesse for historie — særleg jødisk historie. Da far hennar dødde vart ho avhengig av si eiga næringsinntekt. Etter nokre skodespel og dikt fekk ho utgjeve boka Spirit of Judaism i USA i 1842 — eit forsvarsskrift for trua hennar og dei som bekjenner seg til denne trua. Les meir …
|
Mest lese
|
|
Nettstaden Safon.org blir driven på frivillig basis. Du kan hjelpe til på fleire måtar: Skriv: Om du har kunnskapar om skandinavisk kystkultur, jødedom, samar, reisande, sikhisme, buddhisme, unitarisme, bahá’ítru eller islām, og du godtek retningslinene, så er du velkommen til å laga deg brukarkonto og vera med og skrive. Kjøp og lær: Om du gjerne vil lære meir og samtidig støtte arbeidet med Safon.org økonomisk, så kan du kjøpe bøker på Hassafon Forlag sin nettbutikk. Så langt finst det ei bønebok for fredag kveld, ei novelle av Grace Aguilar og ei bok om norsk vokal folkemusikk der. For fleire bøker om religion og kultur med hovudvekt på sefardisk jødedom og sikhisme, sjå Safon web shop. Tikkún ngolám: Om du vil gjera ei god gjerning generelt, så besøk gjerne The Hunger Site og klikk for å hjelpe sveltande menneske i den tredje verda. (Det er gratis.) Les meir om korleis du kan hjelpe... | |
