Etróg - Safon.org

Etróg

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
Etróg

Systematikk
Rike: Plantæ
Rekkje: Spermatophyta
Underrekkje: Angiospermæ
Klasse: Eudicotyledonæ
Underklasse: Actinopterygii
Orden: Sapindales
Familie: Rutaceæ
Slekt: Citrus
Art: medica
Vitskapleg namn
Citrus medica
Linné


Etróg (hebr. אֶתְרוֹג; lat. Citrus medica), òg kalla cedrat, sukatsitron eller søtsitronnorsk, er ei svært aromatisk, sitronliknande frukt av sitrusfamilien. Etróg er ein av arbangá miním (dei fire slaga) som blir bruka symbolsk under sukkót (lauvhyttefesten). Det finst fleire typar etróg, men ikkje alle er kasjér til bruk for arbangá miním. Blant dei som ikkje blir bruka for dette er fingeretróg («buddhahand») og florentinsk etróg. I tillegg blir albedoen (det kvite området mellom ytterskalet og sjølve fruktkjøtet) bruka til å laga sukatar. I tidlegare tider har skalet vorte bruka som medisin og som parfyme for klede.

[endre] Bruk under sukkót

Dei variantane av etróg som blir bruka under sukkót er levantinske etrogím, jemenittiske etrogím, marokkanske etrogím, calabriske etrogím og greske etrogím. Florentinske etrogím blir ikkje bruka, og heller ikkje den noko fjernare slektningen buddhahender.

[endre] Simaním (teikn)

Simaním (teikn) på at ein etróg er kasjér. Foto: NeedsAlert
Simaním (teikn) på at ein etróg er kasjér.
Foto: NeedsAlert

Teikna på at ein etróg er kasjér er:

  1. det gule skalet skal vera klumput;
  2. rotenden av frukta skal vera innsøkt (konkav) ved overgangen til pedunkelen.
  3. albedoen, eller den kvite delen mellom skalet og fruktkjøtet, skal vera tjukk, og det skal vera lite fruktkjøt, og fruktkjøtet er relativt tørt; og
  4. steinane skal vera langsgåande heller enn tversgåande.

[endre] Galleri

Personlege verktøy