Etisk forbruk - Safon.org

Etisk forbruk

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search

Etisk forbruk er ein ideologi som legg vekt på at personleg, kollektivt og offentleg forbruk skal vera sosialt og økologisk berekraftig. Fleire religionar har spesifikke ideologiske rørsler som arbeider for etisk forbruk. Innanfor jødedommen har ein økokasjrút; innanfor islam har ein økoḥalāl; og innanfor kristendommen har ein kristen økologi.

Innhaldsliste

[endre] Nokre tips for meir etisk forbruk

[endre] Spar strøm

Er det trekk frå ytterdøra? Kjøp sjølvklebande tettingslister (tetningslister) og lim dei inn på den flata av dørkarmen som innersida av døra lukkar seg mot.

Trengst det utlufting? Kortvarig stormlufting er betre enn langvarig vindauge på gløtt når det er kaldt ute: Opne vindauge og dører på vidt gap (så det blir skikkeleg gjennomtrekk) i 5–10 minutt. På den tida er all lufta normalt effektivt utskifta, men varmen sit nok att i veggene til at rommet lett blir oppvarma att utan mykje ekstra energibruk.

Brukar du mange 60-watts lyspærer eller sterkare? Gå over til sparepærer. Med ei kompakt lysrørpære får du same lysmengda med omlag ¼ så mykje strøm.

Brukar du 25- eller 40-watts lyspærer for å spara strøm? Går du over til sparepærer kan du få mykje meir lys med mindre strømforbruk. Med ei kompakt lysrørpære på kring 15 watt brukar du berre 60 % av strømmengda du brukar på ei 25-watts lyspære, men du får same lysmengda som om du brukte ei 60-watts pære.

[endre] Reis kollektivt!

Trikk, undergrunnsbane/T-bane, el-tog og trolleybuss (elektrisk buss) er dei mest miljøvennlege måtane å reise kollektivt på land på, med naturgassdrivne bussar på ein god andreplass. Men dieseltog og dieselbuss er òg generelt mykje betre for miljøet enn bruk av eigen bil med bensinmotor.

[endre] Gjer reint på miljøvenleg vis

Klesvask: Bruk berre fosfatfrie vaskemiddel. Om du er allergisk mot støvmidd (såkalla støvallergi), så bør du vaske sengekleda på høg temperatur ein gong i veka. Det same bør du gjera med sengekleda, underkleda og handdukane til nokon som ligg i sjukeseng. I dei fleste andre falla er det faktisk nok å vaske klede i kaldt til lunka vatn. Gode og miljøvenlege desinfiseringsmiddel til klesvask er krystallsoda eller eddik.

Husvask: På tregolv, keramisk golv og linoleumsgolv er vegetabilsk grønsåpe i småe mengder er bra. Ikkje bruk for mykje vatn anna enn om du tørkar det grundig opp att, og ikkje bruk for mykje såpe. (Om vatnet og/eller såperestar blir liggjande att, så er dette ikkje berre sløsing, men ein kan lett få vekst av usunne muggsoppkulturar — og dét er vel ikkje akkurat poenget med å gjera reint...!) Ein og annan gongen (men ikkje så ofte som reklameverda vil ha oss til å tru) treng ein kanskje å desinfisere golvet litt meir. Da er krystallsoda eller eddik bra.

Handvask og ansiktsvask: Hovudsaken er bruk av vatn og at ein skrubbar hendene godt og tørkar dei godt etterpå. Såpe er bra, men ikkje det viktigaste, og vanleg såpe (bruk gjerne vegetabilsk grønsåpe, men bruk lite av ho om du har tørr hud) er akkurat like bra som såkalla antibakterielle såper i lengda i alle normale private samanhengar. Temperaturen på vatnet spelar liten rolle, og ein kan gjerne vaske hendene i kaldt vatn. Sparar ein litt på varmvatnet, så er dette sjølvsagt bra både for strømrekninga og miljøet.

Kroppsvask og hårvask: Dei fleste dusjar eller badar oftare enn ein gong i veka i våre dagar. Hugs at ein treng mindre varmvatn for ein dusj enn for eit karbad. Særleg om ein badar ofte (t.d. kvar dag) er det mykje betre å taka ein dusj enn å fylle opp heile badekaret. Så kan karbadet heller vera ein luksus ein unnar seg ein og annan gongen. Hårvask med shampoo 3–4 gonger i veka er oftast nok, og éi skikkeleg innsåping av håret per hårvask er rikeleg. Slik passar ein best på å halde håret sitt sunt, og ein sparar på hårshampooen — bra for hushaldsbudsjettet og bra for miljøet.

[endre] Et miljøvenleg!

Et mindre kjøt: Ein treng mykje land for å produsere kjøt. Det same landbruksarealet kan brødfø mange fleire menneske om ein dyrkar grønsaker, korn og frukt der i staden for å gå omvegen om oppfôring av dyr for slakting. Du kan gjerne eta kjøt om dette kjennest rett ut for deg. Men du gjer miljøet ei stor teneste om du gjer kjøtmat til ein luksus du unnar deg ein gong eller tre i veka, heller enn å eta kjøt kvar dag. Om du vel å unngå kjøt, så hugs berre på å eta nok protein. Gode kjelder til protein er fisk, egg, mjølkeprodukt og måltid med ein kombinasjon av kornprodukt og belgvekster (slik som ris og linser eller byggryn og erter). Om du et lite kjøt, så pass på at du får nok vitamin B12.

[endre] Lenkjer

[endre] Eit enklare liv

  • Framtiden i våre hender (FIVH) (Noreg) — partipolitisk uavhengig organisasjon som arbeider for miljøansvar, rettferdig fordeling av ressursar og betre livskvalitet. Dei gjev ut bladet Folkevett, som kjem ut 6 gonger i året.
  • Etisk Forbruk (Noreg) — politisk uavhengig nettstad som blir driven av Stiftinga Etisk Forbruk i samarbeid med tidsskriftet Ethical Consumer.
  • Adbusters — nettverk som driv med «antireklame».

[endre] Grønare forbruk

[endre] Transport og samfunnsøkonomi

  • Cultura Sparebank (Norge) — banken har som målsetting å bruke pengane som verktøy til å oppnå eit betre samfunn. Derfor finansierer dei berre prosjekt som skapar positive ringvirkningar i samfunnet, prosjekt der omsyn til miljø, natur og menneske er ivaretekne. Dei gjev ut tidsskriftet Pengevirke i samarbeid med pengeinstituttet Merkur i Danmark.

[endre] Aksjonsnettverk

  • Care2 Make a Difference (Australia) — australsk nettverksnettstad med sterk miljøprofil — miljønytt, lenkjer til miljøorganisasjonar og grøn handel.
  • Race for the Rain Forest (USA) — om du går dit og klikkar på knappen “Save the Rain Forest”, vil sponsorane av sida gi eit beløp til inntekt for vern av regnskogen.
Personlege verktøy