Esnogaen i Innocentiastraße i Hamborg
Frå Safon.org
Den portugisarjødiske meinigheita i Hamborg sin nye esnoga i Innocentiastraße 37 i Harvestehude vart innvigd torsdag 14. mars 1935 kl. 20:00 og var den siste synagogen som vart opna i Nazi-Tyskland.
Meinigheita kom til å eksistere fram til 1940. På 2. Konferenz des Weltbundes der sefardischen Gemeinden i mai 1938 la meinigheita fram planer om å flytte heile den sefardiske meinigheita til ein eigna koloni ein annan stad i verda. Dette lét seg dessverre ikkje gjera, og dei fleste attverande sefardiske jødane i Tyskland vart deporterte til dødsleirane...
Synagogen vart omgjort til privatbustad att og står framleis.
