Synagoge
Frå Safon.org
| Det finst EIN LETTARE ARTIKKEL om dette — sjå «Kva er ein synagoge». |
Synagoge er det mest utbreidde namnet på jødiske gudshus, bedehus eller forsamlingshus. Det finst òg mange andre namn på synagogen — esnoga (spansk og portugisisk namn blant portugisarjødar), bet kenéset (hebraisk for ‘forsamlingshus’), bet hammedrásj (hebraisk for ‘studiehus’) shul (jiddisch for ‘skule’) og tempel (opprinneleg reformjødisk) er nokre få av dei.
Ein synagoge kan vera ei eiga bygning eller eit rom i ei bygning. Synagogen inneheld normalt minimum: ein Hekhál (ark, toráskåp, aron hakkódesj (A)) med minst éin sefer (torárull); eit evig lys (ner tamíd); og eit bord (sjulḥán, òg kalla tebá) som Toráen blir lagd på når ein les frå honom — og sjølvsagt sitteplassar for minst ein minján. I tillegg har bortimot alle synagogar ein dukhán — ei plattform som Hekhál står på; og ein tebá (S) (òg kalla almemmár (A) / bima (A)) — ei plattform som lesebordet (sjulḥánen) står på.
Synagogar skil seg ut frå kristne kirkjer på fleire måtar:
- Ein synagoge har aldri kross, skulpturar eller gudsbilde.
- Der kristne kirkjer har altartavler, har synagogar Hekhál (ark, toráskåp).
- Ein synagoge er normalt aldri krossforma, slik mange kirkjer er.
- I ein synagoge dekkjer ein normalt til hovudet, i motsetning til dei fleste kirkjer, der ein tek av seg hovudplagget.
Innhaldsliste |
[endre] Skikk og bruk
[endre] Vi dekkjer hovudet
Ein bortimot universell skikk i tradisjonell jødedom er at alle menn/gutar — både jødar og ikkje-jødar — dekkjer hovudet føre dei går inn i sjølve synagogerommet. I portugisarjødiske og mange andre sefardiske meinigheiter gjeld dette for kvinner og jenter òg, men i asjkenazisk-ortodokse synagogar er det vanlegaste at berre dei gifte kvinnene dekkjer hovudet.
[endre] Skor eller ikkje?
Ein eldre skikk som framleis blir bruka i mange synagogar i Maghreb og India er at alle tek av seg skorne føre dei går inn i synagogen. I asjkenazisk jødedom og stort sett òg i europeisk sefardisk jødedom er denne skikken gått or bruk, og i mange asjkenaziske synagogar blir det sett på som respektlaust å ta av seg skorne — og nokre stader òg å ikkje ha sokkar i skorne.
[endre] Vi les eit bibelvers når vi går inn
Når vi kjem inn i sjølve synagogerommet, bukkar vi mot Hekhál (arka) og les eitt eller fleire bibelvers. I den portugisarjødiske tradisjonen er det skikk å lesa dette verset:
|
וַֽאֲנִ֗י בְּרֹ֣ב חַ֭סְדְּךָ אָב֣וֹא בֵיתֶ֑ךָ אֶשְׁתַּֽחֲוֶ֥ה אֶל־הֵֽיכַל־קָ֝דְשְׁךָ֗ בְּיִרְאָתֶֽךָ׃ | ||
|
Og eg — i Di store miskunn kjem eg åt huset Ditt; |
Vaaní berób ḥasdekhá abó betékha; | |
[endre] Vi les eit bibelvers når vi går ut
Når vi forlet synagogerommet seier vi Tehillím (Davidssalme) 5:9:
|
יהו֤ה ׀ נְחֵ֬נִי בְצִדְקָתֶ֗ךָ לְמַ֥עַן שֽׁוֹרְרָ֑י הַיְשַׁ֖ר לְפָנַ֣י דַּרְכֶּֽךָ׃ | ||
|
ADONÁI! Leid meg i rettvisa Di |
ADONÁI neḥéni beṣidkatékha |
.A. guiame en tu justedad: |
