Ereṣ Jisraél - Safon.org

Ereṣ Jisraél

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search

Ereṣ Jisraél (hebr. אֶֽרֶץ יִשְׂרָאֵל), eller landet Israel, er det hebraiske namnet på det landskapet i Levanten som i grove hovudtrekk svarar til vår tids medinàt Jisraél (Israel) og Dei palestinske sjølvstyremyndigheitene, og tidlegare òg deler av Jordan.

Halakhá (jødisk religiøs lov) er noko ulik mellom Ereṣ Jisraél og galút (den jødiske diasporaen). Dette gjeld særleg i samband med jordbrukslovene og i markeringa av ein del av dei jødiske høgidene og merkedagane.

Området har hatt samanhengande jødisk busetting sidan antikken. I lange periodar etter korstoga har likevel denne busettinga vore konsentrert til relativt få stader, inkludert Jerusjaláim (Jerusalem) i Judea og Teberjá (Tiberias, Tverya) og Ṣefát (Safed, Tzefat) i Galilea.

Personlege verktøy