Emne:Kystkultur - Safon.org

Emne:Kystkultur

Frå Safon.org

(Omdirigert frå Emneside:Kystkultur)
Jump to: navigation, search

BAHA’IISLAMJØDEDOMROMANIFOLKSAMARSIKHISMEKYSTKULTURLANDBRUK

EMNESIDA FOR KYSTKULTUR
Jakt «Johanna» av Indresæter var ei hardangerjakt frå Tustna på Nordmøre. Skuta har seinare vorte ombygd fleire gonger og er no i privat eige i Oslo.
Jakt «Johanna» av Indresæter var ei hardangerjakt frå TustnaNordmøre. Skuta har seinare vorte ombygd fleire gonger og er no i privat eige i Oslo.

Kystkultur er eit omgrep som blir bruka om sjøfart, sjøbruk, landbruk ved sjøen og andre typar menneskeleg aktivitet ved kysten. Her på emnesida for kystkultur ligg hovudvekta foreløpig på kulturen på Nordmøre, men med tida skal det i tillegg bli lagt vekt på andre deler av kysten i Noreg og elles i Skandinavia og nærområda. Etter kvart kjem det stoff om historia til minoritetsgrupper som reisande, sjøsamar, portugisarjødar og asjkenazím. Tema innanfor kvar kultur inkluderer naturbruk, arkitektur, farkostar, språk, litteratur og musikk.

Kysten er staden der land og hav møtest, og ein viktig del av kystkulturen er sjølvsagt å ta vare på balansen i miljøet.

Utvalde artiklar

MS «Epos» til kai i Bergen. (Foto:Anders Larsen)

Bokbåten Epos er ein båt som går som omreisande bibliotek for mindre stader langs kysten og inni fjordane i vestlandsfylka Hordaland, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Drifta av bokbåten er eit samarbeid mellom fylkesbiblioteka i desse tre fylka og skjer frå MS «Epos». Båten hadde i 2005 126 driftsdagar og eit utlån på 53 000. Born og eldre er viktigaste brukargruppene for båtbiblioteket. Seinhausten 2007 var bokbåten truga av KrF, FrP og Høgre i Hordaland, som ønskte å legge ned dette viktige tiltaket for spreiing av kultur og lærdom i distrikta, men på grunn av sterk motstand snudde KrF, og bokbåten er foreløpig trygg att. Les meir ...

Melfæringen «Glomstadgeita» under segl med Terje Brevik ved roret. (Foto: Olve Utne)

Ein geitbåt er ein tradisjonell open og oftast spissgatta ro- og seglbåt frå Nordmøre og Romsdalen — og i eldre tid Fosen og området kring Trondheimsfjorden òg. Geitbåten hører typologisk sett med til dei rundstemnde vestlandsbåtane heller enn til dei i nyare tid mykje meir rettstemnde åfjordsbåtane og nordlandsbåtane. Geitbåten skil seg ut frå dei andre tradisjonelle opne båttypane frå Vestlandet og nordover ved den korte og relativt djupe kjølen, den halvplanande skrogforma og den svært langstrakte overgangen frå kjøl til stamn — eigenskapar som gjer denne båten til ein djerv havseglar og god bidevindsseglar.   Les meir ...

Kleppfisktørking.

Bacalao er spansk for torsk. På portugisisk heiter det bacalhau. Ordet er truleg lånt frå nederlandsk kabeljauw — som i sin tur truleg er ei forvansking av stadnamnet Kabelvåg i Lofoten! Dette heng sjølvsagt saman med at Lofoten i mellomalderen var hovudeksportør av torsk (i form av tørrfisk) til det meste av Europa og Nord-Afrika. Ordet bacalao (bacalhau, bagalau, baccalà) blir i dag oftast bruka i tydinga ‘salta og tørka fisk av torskefamilien’ i romanske språk.   Les meir ...

Ei kokse. (Foto: Olve Utne)

Ei kokse (ndm. «ko’ks») er ein liten, flatbotna robåt hovudsakleg bruka til småærend og lett transport. Typiske særtrekk inkluderer spiss framstamn, akterspegl, flat botn med tverrbord og langsgåande kjøl, og eitt par tollepinnar.   Les meir ...

Tørrfisk av torsk i Venezia.

Tørrfisk er usalta fisk som er naturleg tørka av sol og vind på hjell eller (sjeldnare) tørka i eigne tørkeri. Å tørke mat er verdas eldste kjente konserveringsmetode, og tørka fisk er haldbar i årevis. Metoden er billig òg — det kan gjerast av fiskaren sjølv, og det gjer fisken enklare å transportere til marknaden. Tørking av fisk er kjent frå gammalt av i Noreg; ordet «torsk» kjem av det norrøne þurskr som er ei samantrekt form av þurrfiskr (tørrfisk).   Les meir ...


Utvald musikkartikkel

Johannes Berven spelar på fjølfela si. (Foto: Olve Utne)

Johannes Berven (18991996), mest kjent som Jóanes Trø’n lokalt, var ein småbrukar, telefonist, postopnar, smed og spelemann frå Trøa under InnersetraTustna i noverande Aure kommuneNordmør. I dag er han nok mest kjent som opphavsmann til «Salmå-as Bærven».   Les meir ...


Kunnskapstestar

Det er ikkje lagt ut nokon kunnskapstestar om kystkultur enno.


Meiningsmålingar

Det er ikkje lagt ut nokon meiningsmålingar om kystkultur enno.


Lenkjer

Innhald (utval)

SJØBRUK OG SKIPSFART

EVENTYR og SEGNER:

MUSIKK

ਸੇਵਾ · DUGNAD · צדקה

Nettstaden Safon.org blir driven på frivillig basis. Du kan hjelpe til på fleire måtar:

Skriv: Om du har kunnskapar om skandinavisk kystkultur, jødedom, samar, reisande, sikhisme, buddhisme, unitarisme, bahá’ítru eller islām, og du godtek retningslinene, så er du velkommen til å laga deg brukarkonto og vera med og skrive.

Kjøp og lær: Om du gjerne vil lære meir og samtidig støtte arbeidet med Safon.org økonomisk, så kan du kjøpe bøker på Hassafon Forlag sin nettbutikk. Så langt finst det ei bønebok for fredag kveld, ei novelle av Grace Aguilar og ei bok om norsk vokal folkemusikk der.   For fleire bøker om religion og kultur med hovudvekt på sefardisk jødedom og sikhisme, sjå Safon web shop.

Tikkún ngolám: Om du vil gjera ei god gjerning generelt, så besøk gjerne The Hunger Site og klikk for å hjelpe sveltande menneske i den tredje verda. (Det er gratis.)

Les meir om korleis du kan hjelpe...



Personlege verktøy