Emne:Jødedom - Safon.org

Emne:Jødedom

Frå Safon.org

(Omdirigert frå Emneside:Jødedom)
Jump to: navigation, search

BAHA’IISLAMJØDEDOMROMANIFOLKSAMARSIKHISMEKYSTKULTURLANDBRUK

JØDEDOM • KASJRUT • SYNAGOGAR • HØGTIDER & MERKEDAGAR • ORTODOKS • MASORTI • REKONSTRUKSJONISTISK • REFORM
PORTUGISARJØDAR • HØGTYSKE JØDAR • OSMANSKE SEFARDIM • HAMBORG & SLESVIG-HOLSTEN • DANMARK • NOREG • SVERIGE • FINLAND

JØDISK RELIGION OG KULTUR
Synagogen i St. Jørgensveita i Trondheim vart innvigd som den første synagogen i Trondheim i 1899. (Ukjent fotograf, tidleg i 1920-åra)
Synagogen i St. Jørgensveita i Trondheim vart innvigd som den første synagogen i Trondheim i 1899. (Ukjent fotograf, tidleg i 1920-åra)

Jødedommen

er den religiøse kulturen til det jødiske folket. Han er ein av dei først dokumenterte monoteistiske religionane og ein av dei eldste religiøse tradisjonane som framleis blir praktisert utan avbrot. Trusprinsippa og historien åt jødedommen dannar òg ein hovuddel av grunnstammen i dei andre abrahamittiske religionane, inkludert kristendommen og islām (med dei to utleidde religionane bahá’í og sikhisme). Den hebraiske Bibelen, Tenákh, er såleis òg heilag skrift for dei kristne og blir kalla Det gamle testamentet av dem.

Over dei siste omlag 2 500 åra har jødedommen ikkje vore monolittisk i praksis og har ikkje retta seg fullt ut etter noka enkelt sentralisert og allment godteken autoritet eller bindande dogme. Trass i dette har jødedommen i alle sine variasjonar halde seg relativt tru mot ei rad religiøse prinsipp. Det mest sentrale av desse er trua på éin enkelt, allvitande transcendent Gud som skapte universet og fortsett å spela ei rolle i det. Etter jødisk tru inngjekk den Gud som skapte verda ei pakt med det jødiske folket og openberra lovane og boda sine åt dem i form av Toráen. Jødisk religiøs og kulturell praksis har utgangspunkt i studiet og utøvinga av desse lovane og boda slik dei blir tolka av dei ulike antikke og moderne autoritetane. Les meir ...

Det religiøst-politiske rammeverket

for artiklane om jødedommen her på Safon.org er tradisjonell sefardisk rabbinsk jødedom, inkludert tradisjonell-egalitær jødedom.

Heilt generelle ting

finn du her. Sjå gjennom ordlista eller søk i søkjefeltet til venstre om du er ute etter å finne éin spesiell ting. Uttale: Kh blir uttala med ein raspande baktungelyd som i tysk Bach. Har du problem med skriftteikna finn du tips om installering av oppdaterte fontar og liknande her.

Dagen i dag


EMNESIDER: KASJRUTSYNAGOGARPORTUGISARJØDARDANMARKNOREGSVERIGE
FAGSIDER: HEBRAISKTYSK, JIDDISCH OG NEDERLANDSKSPANSK, PORTUGISISK OG LADINO

Parasjàt hasjabúang (vekeavsnittet av Bibelen)

Her kjem etterkvart ei vekesvis spalte med vekeavsnittet av Tenákh (Bibelen). Inntil vidare følgjer ikkje spalta vekene, sidan fleirtalet av vekeavsnitta ikkje er klare enno. Eit eksempel på vekeavsnitt:


Parasjàt Emór

Torá

(Vajjikrá (3. mos.) 21:1–24:9) I parasjàt Emór hører vi om reinskapsføreskriftene for kohaním. Vi hører òg om kva dyr som kan ofrast og om korleis ein skal halde dei under oppsyn i ei veke føre dei blir ofra, slik at ein veit at dei er lytefrie.

I bolken om helgedagsføreskriftene les vi om sjabbát, om pesaḥ, om sefiràt hangómer (kornbandteljinga), om sjabungót, og om helgedagane i den sjuande månaden (rosj hasjaná, kippúr og sukkót). Vi les så om ner tamíd (det evige lyset i Tempelet) og om sjabbátofferet med dei tolv skodebrøda.

Den siste delen av parasjàt Emór handlar om avstraffing for brotsverka blasfemi, drap og dyremishandling.

Haftará

(Jeḥezkél (Ezekiel) 44:15–31)

Aktuell høgtid eller merkedag

Påskemåltid blant nederlandske sefardím.

Pesaḥ (hebr. פֶּסַח ['pesaḥ]), òg skrive pesach, eller jødisk påske er den første av dei tre jødiske valfartsfestane og blir markert i sju eller åtte dagar frå den 15. nisán — månaden som i bibelsk tid vart kalla abíb. I 2008 varar pesaḥ frå solnedgang laurdag 19. april til solnedgang søndag 27. april. (I Israel og i progressiv jødedom avsluttar ein pesaḥ ved solnedgang på laurdag 26. april.) Ein rører ikkje vanlege korn- og brødvarer i alle dei sju eller åtte dagane pesaḥ varar. For å unngå ulovleg mat, kjøper ein berre spesielle matvarer for pesaḥ som er garantert frie for dei fem kornslaga anna enn i form av maṣṣót.

Den første kvelden, og oftast òg den andre, held ein eit spesielt påskemåltid med symbolske matretter som karpás (selleri eller andre grønsaker), maṣṣót (flatbrød), marór (bitre urter), zeróang (lammebein), beṣá (eit grilla egg) og sausen ḥaróset (òg kalla dukká) — ein saus som skal minne om mørtelen dei israelittiske slavane brukte i Egypt. Kvar person drikk fire glas druevin, druejus eller rosinvin. Med bakgrunn i desse matrettene og andre rituelle handlingar les ein Haggadá sjel pesaḥ (påskeforteljinga) om utgangen av Egypt. Les meir ...


Matretter

Kva matvarer som er tillatne for pesaḥ (jødisk påske) varierer noko mellom ulike jødiske grupper. Det grunnleggande trekket som er felles for alle er at all ḥaméṣ — det vil seie syrna eller gjæra mat av dei fem kornslaga (kveite, spelt, vanleg bygg, toradsbygg og rug — er forboden både å eiga og å eta alle dei sju eller åtte dagane pesaḥ varar. Dei fleste tradisjonelle asjkenazím, og i seinare hundreår mange europeiske sefardím òg, avstår frå å eta kitnijjót (belgvekstar, særleg i tørka tilstand) under pesaḥ på grunn av at mjøl av desse belgvekstane (slik som ertermjøl) kan komma til å bli forveksla med mjøl av dei fem kornslaga. Meiningane om ris er delte. Dei fleste sefardím et ris under pesaḥ, men asjkenazím reknar ris til kitnijjót, som dei avstår frå å eta.   Les meir …
Borecas eller borekas svarar til börektyrkisk og finst på menyen i mange tyrkisk-drivne gatekjøken i Noreg under namnet børek. I sin typiske tyrkiske versjon er børeken ein innbakt butterdeigspai på storleik av ein munnfull eller tre med fyll av fetaost og grønsaker — gjerne gulrøter og spinat. Sefardím i Det osmanske riket slo saman den tyrkiske børeken og sine iberiske pastelas (òg kalla empanadas, pastillas, pastidas) til den karakteristiske osmansk-sefardiske matretten borecas.   Les meir …
Sjeḥitá (hebr. שְׁחִיטָה [šəḥī'ṭā]) eller schächting (gj. tysk frå jid. שׁעכטן shechtn) vil seie slakting etter jødiske religiøse forskrifter og blir normalt utført av ein spesialutdanna sjoḥét. Slaktemåten er omlag den same som dhabiḫa (muslimsk ḥalāl-slakting); og i tillegg er dette om lag same slaktemetode som ein finn blant tradisjonelle reindriftssamar og i noka mon òg mellom tradisjonelle norske bønder og småbrukarar. Dette er såleis ein tradisjon med djupe røter i skandinavisk kultur heller enn eit framandelement her til lands.   Les meir …
Ḥaróset (hebr. חֲרֽוֹסֶת ḥă'ro:set) er ei blanding av frukt, nøtter, vin eller eddik og eventuelt krydder som blir bruka som ein av dei symbolske matrettane under det jødiske sedermåltidet på dei to første kveldane av pesaḥ (den jødiske påska). Ḥaróseten symboliserer mørtelen som israelittane bruka under slaveriet i Egypt.   Les meir …


Personar

Grace Aguilar (2. juni 181616. september 1847) var ein engelsk-sefardisk romanforfattar, diktar og skribent om jødisk historie og religion. Grace Aguilar vart fødd i Hackney i England av sefardiske foreldre av spansk opphav. Ho var fysisk svak frå barndommen av og viste tidleg interesse for historie — særleg jødisk historie. Da far hennar dødde vart ho avhengig av si eiga næringsinntekt. Etter nokre skodespel og dikt fekk ho utgjeve boka Spirit of Judaism i USA i 1842 — eit forsvarsskrift for trua hennar og dei som bekjenner seg til denne trua.   Les meir …
Menasseh Ben Israel (16041657) var ein sefardisk rabbinar, forskar, skribent, diplomat, boktrykkjar og utgjevar, samt grunnleggaren av det første hebraiske boktrykkjeriet i Amsterdam i 1626. Manoel Dias Soeyro, som var namnet han voks opp med, vart fødd på Madeira i 1604, året etter at foreldra hans flykta frå Portugal på grunn av Inkvisisjonen. Familien flytte til Nederland i 1610. Nederland var på denne tida midt i åttiårskrigen (15681648) — ein krig som i stor grad dreidde seg om religiøst opprør. Familien kom dit under våpenkvila som Frankrike og England hadde mekla fram i Haag.   Les meir …
Benedictus de Spinoza (24. november 1632 - 21. februar 1677), kalla Baruch Spinoza i synagogeprotokollane og kjend som Bento de Spinoza eller Bento d'Espiñoza i samfunnet han vaks opp i, blir saman med René Descartes og Gottfried Wilhelm Freiherr von Leibniz rekna som ein av dei store rasjonalistane i filosofien på 1600-talet. Han er rekna som grunnleggaren av moderne bibelkritikk.   Les meir …
Portugisarjødar eller portugisjødar er ei gruppe av sefardím som har sitt hovudopphav i dei sefardím som kom frå Spania og Portugal til Italia, Vest-Europa og Amerika frå sist på 1400-talet og fram til sist på 1700-talet. Portugisarjødane har eit karakteristisk ritual basert på ritualet på Den iberiske halvøya føre utvisinga derifrå i 1490-åra, men òg med mange trekk frå dei italiensk-jødiske bené Roma og frå marokkanske sefardím. Portugisarjødane hadde varierande grad av innreise-, nærings- og busettingsrett i Danmark og Noreg frå 1657 til 1814, og igjen frå 1844. Eit karakteristisk trekk ved portugisarjødar er bruken av både kastiljansk og portugisisk — og ofte ei blanding av desse to — i deler av gudstenesta. Annan bruk av kastiljansk og portugisisk gjekk tilbake etter 1600-talet, og frå midten av 1800-talet av var både kastiljansk og portugisisk erstatta med lokale språk i kvardagstalen. Lokale språk som tradisjonelt har vorte bruka av portugisarjødar inkluderer nederlandsk i Nederland og Belgia, nedertysk i Hamborg/Altona-området og engelsk i Storbritannia, Irland, USA, Jamaica og andre stader.   Les meir …


Kunnskapstestar

Test kva du veit om jødisk religion og kultur...


Meiningsmålingar


Innhald (utval)
SKRIFTER: Tenákh (Torá · Nebiím · Ketubím)
Talmúd (Misjná · Jerusjalmí · Bablí · Toseftá) · medrásj · Emunót vedengót
Misjné Torá · Túr · Sjulḥán ngarúkh · Thesouro dos Dinim · Mengám longéz
LÆRDOM ḥeder (småskule) · meldado (studiekveld) · mekhiná (førebuingsår) · jesjibá (seminar) · sjingúr (studieøkt) · semikhá (ordinering) ·
SYMBOL tallét (bønesjal) · tefillín (bønereimer) · mezuzá · luláb · sjofár (bukkehorn) · rimmón (granateple)
SYNAGOGAR:   synagoge · Hekhál (ark) · sefer (séfer Torá, torárull) · tebá (leseplattform) · minján · sjalíaḥ ṣibbúr · ḥazzán (kantor) · rabbinar · sjàḥarít (morgongudsteneste) · musáf (tilleggsgudsteneste) · minḥá (ettermiddagsgudsteneste) · nengilá  (avsluttande ettermiddagsgudsteneste (berre på kippúr)) · ngarbít (kveldsgudsteneste)
SJABBÁT sjabbát · hadlakat nér (lystenning) · kiddúsj (signing av vinen) · habdalá
HØGTIDER høgtider · pesaḥ (påske) · sefiràt hangómer · lag langómer · sjabungót (vekefesten, pinse) · tisjngá beáb · seliḥót · rosj hasjaná (nyår) · kippúr (soningsdagen) · sukkót (lauvhyttefesten) · ḥanukká (lyshøgtida) · tu bisjbát · purím (“karneval”)
LIVET:   Barndom: fødsel · berít milá (omskjering/namngjeving av gut) · pidjón habbén · zebed habbát (namngjeving av jente)
Ungdom: bar miṣvá (konfirmasjon av gut) · bat miṣvá (konfirmasjon av jente) · bat ḥájil (konfirmasjon av jente)
Ekteskap: ḥuppá (bryllaup) · ketubbá · get · jibbúm (leviratekteskap) · ḥaliṣá (avvising av jibbúm (leviratekteskap))
Sjukdom og heiling: arvelege sjukdommar · mi sjebberákh · rogativa (forbøn) · birkàt gomél (takkseiingsbøn)
Død og sorg: levajá (gravferd) · hasjkabá (minnebøn) · Kaddísj
MAT: jødisk mat · kasjrút · sjeḥitá (schächting) · sjabbát · jom tób · pesaḥ
Matretter: bacalao (torsk med tomat og løk) · beiglech (vassrundstykke) · birkes (frøloff) · bimuelos (berlinerbollar) · borecas (børek) · codrero al horno (omnssteikt lammebog) · falafel (friterte kikerterbollar) · gefillte fish (fiskebollar) · ḥammín (dafina, tsjólnt) · ḥaróset (fruktsaus for pesaḥ) · maṣṣá (flatbrød, usyra brød) · pescado frito (panert fisk) · pittá (flatkaker)
MUSIKK: sefardisk · klezmer · jiddisch
SPRÅK: hebraisk · arameisk · jødearabisk · ladino (omsettingsspansk) · djudíospanjol (djudezmo, jødespansk) · jiddisch
RETNINGAR:   samaritansk · karaittisk ·
rabbinsk: mizraḥisk · sefardisk · romaniotisk · italkisk · asjkenazisk
ortodoks · masorti (konservativ) · rekonstruksjonistisk · progressiv · fornying · humanistisk
Populære sider

Mest lese


 

Ṣedaká

Nettstaden Safon.org blir driven på frivillig basis. Du kan hjelpe til på fleire måtar:

Skriv: Om du har kunnskapar om skandinavisk kystkultur, jødedom, samar, reisande, sikhisme, buddhisme, unitarisme, bahá’ítru eller islām, og du godtek retningslinene, så er du velkommen til å laga deg brukarkonto og vera med og skrive.

Kjøp og lær: Om du gjerne vil lære meir og samtidig støtte arbeidet med Safon.org økonomisk, så kan du kjøpe bøker på Hassafon Forlag sin nettbutikk. Så langt finst det ei bønebok for fredag kveld, ei novelle av Grace Aguilar og ei bok om norsk vokal folkemusikk der.   For fleire bøker om religion og kultur med hovudvekt på sefardisk jødedom og sikhisme, sjå Safon web shop.

Tikkún ngolám: Om du vil gjera ei god gjerning generelt, så besøk gjerne The Hunger Site og klikk for å hjelpe sveltande menneske i den tredje verda. (Det er gratis.)

Les meir om korleis du kan hjelpe...


Personlege verktøy