Emne:Tyskland - Safon.org

Emne:Tyskland

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search

Emne Tyskland

Tyskland

%DPL-1.6.5-WARNING: No results!

Der Israelitische Tempel in der Poolstraße i Hamburg-Neustadt var frå 1844 til 1931 synagogen åt den reformjødiske Neue Israelitische Tempel-Verein. Synagogen vart bygd i tida 18421844 etter teikningane til arkitekten Johann Hinrich Klees-Wülbern, som tidlegare hadde teikna Israelitisches Krankenhaus. Av den ein gong treskips synagogen finst i dag berre restane av den vestlege forhallen og den austlege apsisen att som separate krigsruinar — hovudskipet vart øydelagt i 1944. Fasaden på inngangsfløya i vest var flankert av to slanke, åttekanta tårn inspirert av minaretar og tok òg opp i seg andre element frå maurisk stil.[1] så vel som frå klassisistisk-nygotisk byggjestil.   Les meir …
Den portugisarjødiske meinigheita i Hamborg sin nye esnoga i Innocentiastraße 37 i Harvestehude vart innvigd torsdag 14. mars 1935 kl. 20:00 og var den siste synagogen som vart opna i Nazi-Tyskland.   Les meir …
Joseph Solomon Del Medigo (15911655) var ein romaniotisk forfattar, dokter, matematikar, musikkteoretikar og filosof. Joseph Solomon Del Medigo vart fødd den 16. juni 1591 i CandiaKreta som son av Elijjáhu, rabbinaren av Candi. Joseph fekk ei grundig jødisk så vel som verdsleg utdanning. Ved Universitetet i Padua i Italia, der han vart oppteken som student 15 år gammal, studerte han logikk, naturleg filosofi, metafysikk og divinitet, og deretter eigna han seg til medisin og favorittstudia sine, matematikk og astronomi — det sistnemnte under Galileo Galilei.   Les meir …
Det portugisarjødiske samfunnet i Altona har sine første kjente røter som del av det portugisarjødiske samfunnet i Hamborg kring år 1600, da dei etablerte ein gravlund der. Frå 1640 av var Altona ein del av fyrstedømmet Sleswig-Holsteen og stod i personalunion med Danmark under det danske kongehuset. I 1697, da Hamborg innførte særleg tunge særskattar for jødar, flytta ein del portugisarjødar or Hamborg og busette seg i Altona.   Les meir …
Synagogen i Lübeck ligg i St.-Annen-Straße 13 i Lübecker Altstadt, mellom den evangelisk-lutherske Aegidienkirche og St.-Annen-Kloster, som i dag er bymuseum. Den opprinneleg nymauriske synagogen med kuppel vart ferdigbygd i 1880, medan Salomon Carlebach (18451919) var overrabbinar der. Etterfølgjaren hans i stillinga var sonen hans, Joseph Carlebach (18831942). Siste meinigheitsrabbinaren der (19211938) var David Alexander Winter (18781953).   Les meir …
Regina Jonas (19021944) var ein rabbinar frå Berlin i Tyskland. Ho var den første kvinna vi veit om i europeisk og nordamerikansk historie som studerte til rabbinar, fekk semikhá som rabbinar og gjorde sosialt, teologisk og religiøst arbeid som rabbinar. Regina Jonas vart fødd i Berlin den 3. august 1902. Far hennar dødde da ho var svært ung. Som mange kvinner på si tid begynte ho på ei karriere som lærar, men ho kjente at noko mangla. Ho begynte å studere ved Hochschule für die Wissenschaft des Judentums i Berlin og tok seminariekurs for liberale rabbinarar og lærarar. Der oppnådde ho ein akademisk grad som «akademisk religionslærar». Med målet å bli rabbinar, skreiv Regina Jonas ei avhandling som svara til kravet for ordinasjon. Emnet hennar var Kan ei kvinne vera rabbinar etter halakhiske kjelder?   Les meir …
Abraham Geiger (18101874) var ein tysk-asjkenazisk rabbinar og religionshistorikar med jødedom og islām som hovudfelt som var ein av leiarane i etableringa av den tyske reformjødedommen. Han arbeidde for å fjerne alle nasjonalistiske elementa — og da særleg trua på at jødane er det utvalte folket. Han la elles vekt på at jødedommen er ei religion i utvikling og endring.   Les meir …
Den tidlegare synagogen for det jødiske samfunnet i Massenbachhausen vart teken i bruk i 1826, men vart stengt allereie i 1865 og ombygd i 1872 til eit bustadhus med stall. Bygninga er i dag (juni 2007) i svært dårleg stand, men det er kunngjort oppussingsplaner.   Les meir …
Ludwig van Beethoven (ca 16. desember 177026. mars 1827) var ein tysk komponist i overgangen mellom klassisismen og romantikken. Han er særleg kjent for dei ni symfoniane og klaversonatane sine, men òg blant anna for dei seine strykekvartettane, som ofte går under kallenamnet «Dei galne strykekvartettane». Beethoven blir rekna som ein av dei aller største komponistane i den europeiske klassiske musikktradisjonen gjennom tidene.   Les meir …


Personlege verktøy