Emne:Trondheim
Frå Safon.org
|
Synagogen i St. Jørgensveita i Trondheim låg i loftsetasjen av St. Jørgensveita 7 og vart innvigd som den første synagogen i Trondheim i 1899. Synagogen var i bruk fram til den noverande synagogen i Arkitekt Christies gate i Trondheim vart innvigd i oktober 1925. Les meir …
Den noverande synagogen i Trondheim ligg i Arkitekt Christies gate 1B i Trondheim. Bygninga vart opprinneleg bygd som jarnbanestasjon i 1864, men vart seinare kjøpt av Frelsesarméen. Det Mosaiske Trossamfund kjøpte så bygninga i 1924, og etter omfattande ombyggingsarbeid vart den nye synagogen innvigd tysdag kveld den 13. oktober 1925. Les meir … Ephraim Wolff Koritzinsky (òg stava «Efraim») (1883–1942) var ein jødisk kirurg som blant anna arbeidde som overlege ved Sjukehuset i Kristiansund (1920–33) og ved Trondhjem Sykehus (1933–41). Han var kjent som ein rettskaffen og frittalande mann. Ephraim Wolff Koritzinsky vart fødd i Karlstad i Värmland i 1883 av foreldra Abraham Josef Koritzinsky (1858–1928) og Pauline Abrahamson (1858–1908). Han gjekk på skule i Hamborg frå 1894 til 1898 og tok norsk artium i 1901. Han avla medisinsk embetseksamen i 1909. Frå 1912 kombinerte han eigen privatpraksis med eit årsvikariat ved Sjukehuset i Kristiansund. Under første verdskrigen arbeidde han først ved Nordland Amtssykehus i Bodø og deretter i München og Bonn. I 1917–19 arbeidde han ved Ullevål kirurgiske avdeling. Les meir …
|
Mest lese |
|
Nettstaden Safon.org blir driven på frivillig basis. Du kan hjelpe til på fleire måtar: Skriv: Om du har kunnskapar om skandinavisk kystkultur, jødedom, samar, reisande, sikhisme, buddhisme, unitarisme, bahá’ítru eller islām, og du godtek retningslinene, så er du velkommen til å laga deg brukarkonto og vera med og skrive. Kjøp og lær: Om du gjerne vil lære meir og samtidig støtte arbeidet med Safon.org økonomisk, så kan du kjøpe bøker på Hassafon Forlag sin nettbutikk. Så langt finst det ei bønebok for fredag kveld, ei novelle av Grace Aguilar og ei bok om norsk vokal folkemusikk der. For fleire bøker om religion og kultur med hovudvekt på sefardisk jødedom og sikhisme, sjå Safon web shop. Tikkún ngolám: Om du vil gjera ei god gjerning generelt, så besøk gjerne The Hunger Site og klikk for å hjelpe sveltande menneske i den tredje verda. (Det er gratis.) Les meir om korleis du kan hjelpe... | |
|
