Emne:Synagogar - Safon.org

Emne:Synagogar

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search

JØDEDOM • KASJRUT • SYNAGOGAR • DANMARK • NOREG • SVERIGE

Emne Synagogar

Synagoge er det mest utbreidde namnet på jødiske gudshus, bedehus eller forsamlingshus. Det finst òg mange andre namn på synagogen — esnoga (spansk og portugisisk namn blant portugisarjødar), bet kenéset (hebraisk for ‘forsamlingshus’), bet hammedrásj (hebraisk for ‘studiehus’) shul (jiddisch for ‘skule’) og tempel (opprinneleg reformjødisk) er nokre få av dei. Ein synagoge kan vera ei eiga bygning eller eit rom i ei bygning. Synagogen inneheld normalt minimum: ein Hekhál (ark, toráskåp, aron hakkódesj (A)) med minst éin sefer (torárull); eit evig lys (ner tamíd); og eit bord (sjulḥán) som Toráen blir lagd på når ein les frå honom — og sjølvsagt sitteplassar for minst ein minján. I tillegg har bortimot alle synagogar ein dukhán — ei plattform som Hekhál står på; og ein tebá (S) (òg kalla almemmár (A) / bima (A)) — ei plattform som lesebordet (sjulḥánen) står på.

Mest lese

%DPL-1.6.5-WARNING: No results!

Ḥazzán · Hekhál · Minján · Ner tamíd · Rabbinar · Sefer · Siddúr · Tebá ·
Den portugisarjødiske meinigheita i Hamborg sin nye esnoga i Innocentiastraße 37 i Harvestehude vart innvigd torsdag 14. mars 1935 kl. 20:00 og var den siste synagogen som vart opna i Nazi-Tyskland.   Les meir …
Esnogaen i Amsterdam eller Den portugisiske synagogen i Amsterdam, oftast kalla Esnoga (nederlandsk uttale: snoge), ligg ved gata Visserplein, beint imot det historiske sentrumet av Amsterdam, rett ved Det jødiske historiske museet i Amsterdam. Dette monumentale bygget vart bygd på 1600-talet (det såkalla gyldne hundreåret i Nederland) for det sefardiske trussamfunnet Talmud Torah (Det portugisisk-israelittiske trussamfunnet i Amsterdam).   Les meir …
Synagogen i Lübeck ligg i St.-Annen-Straße 13 i Lübecker Altstadt, mellom den evangelisk-lutherske Aegidienkirche og St.-Annen-Kloster, som i dag er bymuseum. Den opprinneleg nymauriske synagogen med kuppel vart ferdigbygd i 1880, medan Salomon Carlebach (18451919) var overrabbinar der. Etterfølgjaren hans i stillinga var sonen hans, Joseph Carlebach (18831942). Siste meinigheitsrabbinaren der (19211938) var David Alexander Winter (18781953).   Les meir …
Malmö synagoga, eller Synagogen i Malmö, vart teikna av den lokale arkitekten John Smedberg og oppført og innvigd i 1903. Synagogen, som er den einaste i Malmö, er ein av dei få attståande synagogane i Europa som er bygd i nymaurisk stil, ettersom dei fleste av desse vart øydelagt under Krystallnatta natt til 10. november 1938. Ytterveggene i synagogen er pryda av lotusblomstrar, og talet åtte blir oppatteke i dekoren. Tempelet i Jerusalem vart helga i åtte dagar.   Les meir …
Neve Şalom-synagogen (hebr. נְוֶה שָׁלוֹם [nə've: ša:'lo:m], ‘fredslunden’; tyrkisk Neve Şalom Sinagogu) i Istanbul er ein sefardisk synagoge i Beyoğlu-distriktet i Istanbul i Tyrkia. Etter at den jødiske befolkninga i dei gamle Pera- og Galata-distrikta (i dag samanslegne under namnet Beyoğlu-distriktet) voks frå slutten av 1930-åra av, vart ein jødisk barneskule riven i 1949 for å byggje ein ny synagoge, og denne stod ferdig i 1951.   Les meir …
El-Ghribasynagogen er ein svært gammal synagoge rett ved Hara Seghira nokre kilometer sørvest frå Houmt Souk på den tunisiske øya Djerba. El-Ghribasynagogen er meir enn 2 000 år gammal, og var dermed over 600 år gammal da Tunisia vart muslimsk. Dermed er dette den eldste synagogen i Afrika og ein av dei eldste i verda.   Les meir …
Den tidlegare synagogen for det jødiske samfunnet i Massenbachhausen vart teken i bruk i 1826, men vart stengt allereie i 1865 og ombygd i 1872 til eit bustadhus med stall. Bygninga er i dag (juni 2007) i svært dårleg stand, men det er kunngjort oppussingsplaner.   Les meir …
Stora Synagogan i Stockholm vart innvigd i 1870 og er hovudsynagogen til Judiska församlingen i Stockholm. Synagogen vart teikna av arkitekten Fredrik Wilhelm Scholander. Det finst pipeorgel der som blir bruka under gudstenestene. Sitteplassane er inndelte i tre område — til venstre i hovudrommet sitt berre menn, på galleriet sitt berre kvinner, og til høgre i hovudrommet sitt kvinner og menn saman.   Les meir …
Det Mosaiske Trossamfund i Oslo sin synagoge i Geitmyrsveien i Kristiania (no: Bergstien i Oslo) vart påbegynt i 1918 og fullført til ḥanukká i 1919. Frå 1939 av, etter at Den Israelittiske Menighet gjekk inn i DMT att, vart dette synagogen for alle jødar i Oslo. Synagogen vart konfiskert av nazistane under andre verdskrigen, men mirakuløst nok vart synagogen og alt inventaret ståande uskadd gjennom heile krigen.   Les meir …
Esnogaen i Altona vart bygd etter løyve av 22. mars 1771 frå kong Christian VII av Danmark-Noreg og innvigd den 6. september same år. Synagogen, som hadde låg i bakgården til Bäckerstraße 12–14 (noverande Hoheschulstraße), vart bruka av det portugisarjødiske samfunnet i Altona fram til det vart oppløyst i 1882. Bygninga vart seld til Det høgtysk-israelittiske samfunnet i Altona i 1887. I 1940 vart bygninga ekspropriert til Hamborg by og riven.   Les meir …


Personlege verktøy