Emne:Smøla
Frå Safon.org
|
Smøla er ein øykommune på Nordmør og den aller nordlegaste i Møre og Romsdal fylke. Kommunen grensar til Hitra i Sør-Trøndelag fylke via Ramsøyfjorden i aust og til Aure kommune over Edøyfjorden i sør. I vest ligg fiskeværet Grip i Kristiansund kommune vestom Griphølen. Personar frå Smøla blir kalla smølværingar. Kommunen består av ei stor øy (Smøla, ofte kalla Fastlandssmøla), nokre mellomstore øyar (Jøa, Rossvolløya, Kuli og Edøya) og over 5000 mindre øyar, holmar og skjer, noko som gjer at kommunen har heile ⅓ av den totale kystlina i fylket. Mange av øyane der det budde folk før er fråflytta no og blir berre bruka som fritidseigedommar. Kjente eksempel inkluderer det fråflytta fiskeværet Brattværet, så vel som Hallarøya og Ringsøya. | |
|
Hopen kirkje i Hopen på Smøla er soknekirkja i Hopen sokn av Edøy prestegjeld. Den noverande kirkja, ei langkirkje av tre som vart bygd i 1892, har 260 sitteplassar. I 1916 vart det innsett pipeorgel, men sidan 1953 har det vore bruka hammondorgel der. Fram til midten av 1700-talet sokna folk frå Veiholmen og Nord-Smøla til Veigen kapell på Veiholmen. På grunn av at det gamle fiskarkapellet på Veiholmen stod til nedfalls, fekk commerceråd Hammond løyve den 11. juni 1745 til å byggje nytt kapell på Hopen. Den gamle altartavla, som stammar frå 1500-talet, vart flytta over til det nye kapellet. Det nye kapellet på Hopen, som var ei lita, åttekanta trekirkje med tårn og spir, vart ferdigstilt i 1748. Les meir …Edøy gamle kirkje er ei steinkirkje frå tida kring 1190 som ligg på Edøya i Smøla kommune på Nordmør. Eit skriv frå 1695 nemner at kirkja vart lengd med sju alen. Kirkja vart nedlagt i 1885, og ho brann etter eit lynnedslag den 14. januar 1887. Alt treverk og interiør anna enn altartavla og nokre få andre gjenstandar gjekk tapt. Altartavla vart øydelagt under bombinga av Kristiansund i 1940. Kirkjeruinane vart bruka som lager av okkupasjonsmakta under andre verdskrigen. Frå 1947 vart kirkja oppattbygd med 120 sitteplassar, og ho vart atterinnvigd den 4. juni 1950. Les meir …
|
Mest lese
|
|
Nettstaden Safon.org blir driven på frivillig basis. Du kan hjelpe til på fleire måtar: Skriv: Om du har kunnskapar om skandinavisk kystkultur, jødedom, samar, reisande, sikhisme, buddhisme, unitarisme, bahá’ítru eller islām, og du godtek retningslinene, så er du velkommen til å laga deg brukarkonto og vera med og skrive. Kjøp og lær: Om du gjerne vil lære meir og samtidig støtte arbeidet med Safon.org økonomisk, så kan du kjøpe bøker på Hassafon Forlag sin nettbutikk. Så langt finst det ei bønebok for fredag kveld, ei novelle av Grace Aguilar og ei bok om norsk vokal folkemusikk der. For fleire bøker om religion og kultur med hovudvekt på sefardisk jødedom og sikhisme, sjå Safon web shop. Tikkún ngolám: Om du vil gjera ei god gjerning generelt, så besøk gjerne The Hunger Site og klikk for å hjelpe sveltande menneske i den tredje verda. (Det er gratis.) Les meir om korleis du kan hjelpe... | |
|
