Emne:Sikhisme - Safon.org

Emne:Sikhisme

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search

BAHA’IISLAMJØDEDOMROMANIFOLKSAMARSIKHISMEKYSTKULTURLANDBRUK

EMNESIDA OM SIKHISME OG SIKHAR
Harimandir Sāhib i Amritsar i Pandjāb — den mest sentrale bygninga i sikhismen.
Harimandir Sāhib i Amritsar i Pandjāb — den mest sentrale bygninga i sikhismen.

Sikhismen er ei religiøs lære som vart grunnlagt av gurū Nānak Dēv sist på 1400-talet. Læra har geografisk opphav i Pandjāb i grenseområda mellom India og Pākistān. Sikhismen er ein synkretistisk religion med røter i islām og hinduisme, men sikhane sjølve ser på han som ein heilt ny religion. Etter gurū Nānak vidareutvikla dei ni etterfølgjarane hans religionen til den forma han har i dag. Sjølve ordet «sikh» er pandjābi og tyder ‘elev’. I praksis er sikhismen den av dei ikkje-israelittiske religionane som ligg aller nærmast jødedommen i etikk, teologi og livsførsel.

I dag (2007) er det truleg kring 5 000–7 000 sikhar i Skandinavia, og fleirtalet av desse bur i Noreg, der det i dag finst gurduārāer i Oslo og Drammen.   Les meir ...

Utvalde artiklar

Gurū Nānak Dēv

Gurū Nānak Dēv (gurmukhi ਗੁਰੂ ਨਾਨਕ, dēvanāgari गुरु नानक) (20. oktober 14697. mai 1539), grunnleggjaren av sikhismen og den første av dei ti sikh-gurūane, vart fødd i landsbyen Talvandi Rai Bhoai, no kjend som Nankānā Sāhib, i nærheita av Lahår i det noverande Pakistan. Foreldra hans, Mēhta Kalu og Mātā Tripat, var hinduar og høyrde til kjøpmannskasten. Allereie som gutunge var Nānak fascinert av religion, og ønsket hans om å oppdaga livsmysteriet førte han etterkvart ut på lange reiser.   Les meir ...

Bhāi Lēhnā, eller gurū Angād Dēv

Bhāi Lēhnā, mest kjend som gurū Angād Dēv dji (31. mars 150429. mars 1552) var den andre av dei ti sikh-gurūane. Gurū Angād Dēv vart gurū den 7. september 1539 som etterfølgjar etter gurū Nānak Dēv, som var grunnleggaren av sikhismen.   Les meir ...

Gurū Amar Dās

Gurū Amar Dās dji (5. april 14791. september 1574) var den tredje av dei ti sikh-gurūane og vart gurū den 26. mars 1552 som etterfølgjaren åt gurū Angād Dēv, som døydde den 29. mars 1552. Blant gurū Amar Dās sine viktigaste bidrag til sikhismen kan nemnast at han løfta kvinnerolla til å vera likestilt med menn og at han forbaud sāti (enkjebrenning).   Les meir ...

Gurū Ardjan Dev blir utnemnd som den femte gurūen. Gurū Rām Dās sit til høgre.

Gurū Rām Dās dji (24. september 15341. september 1581) var den fjerde av dei ti sikh-gurūane og vart utnemnd til gurū den 30. august 1574 som etterfølgjar av gurū Amar Dās. Gurū Rām Dās er blant anna kjent for å ha skrive «Lāvā» (hymnene åt sikh-bryllaupsritualet) og for å ha planlagt Harimandir Sāhib (Det gylne tempelet).   Les meir ...

Gurū Ardjan dikterer Ādi Granth, seinare kjent som Gurū Granth Sāhib, til Bhāi Gurdās i 1604.

Gurū Ardjan Dēv djī (pandjābī ਗੁਰੂ ਅਰਜਨ ਦੇਵ) (f. 15. april 1563 i Goindval; d. 30. mai 1606) var den femte av dei ti sikh-gurūane og vart gurū den 1. september 1581 som etterfølgjaren åt gurū Rām Dās dji. Gurū Ardjan Dēv skreiv blant anna bāṇīen «Sukhmani Sāhib» – ei bøn for fred. Les meir ...

Gurū Hari Gōbindh

Gurū Hari Gōbindh djī (19. juni 15953. mars 1644) var den sjette av dei ti sikh-gurūane og vart gurū den 25. mai 1606 som etterfølgjar etter far sin, gurū Ardjan Dēv djī. Gurū Hari Gōbindh djī sat som fange på fortet i Gwalior i eitt år, og da han vart frigjeven insisterte han på at dei andre 52 fangane der måtte frigjevast òg. Til minne om denne hendinga feirar sikhane divālī.   Les meir ...

Gurū Hari Rāi

Gurū Hari Rāi djī (26. februar 163030. mai 1661) var den sjuande av dei ti sikh-gurūane og vart gurū den 8. mars 1644 som etterfølgjar etter bestefar sin, gurū Hari Gōbindh djī. Føre gurū Hari Rāi djī dødde, utnemnde han gurū Hari Krisjan djī, sonen sin, som den neste sikh-gurūen.   Les meir ...

Gurū Hari Krisjan (1656–1664)

Gurū Hari Krisjan dji (7. juli 165630. mars 1664) var den åttande av dei ti sikh-gurūane og vart gurū den 7. oktober 1661 som etterfølgjar etter far sin, gurū Hari Rāi. Føre gurū Hari Krisjan døydde, utpeikte han Baba Bakala dji som den neste sikh-gurūen. Det viste seg at dette var gammalonkelen hans, gurū Tēgh Bahādur. Da gurū Hari Krisjan dji var i Delhi var det ein kopparepidemi der. Det seiest at gurū Hari Krisjan si velsigning gjorde at innsjøen ved Banglā Sāhib verka som kur for tusenvis av menneske.   Les meir ...

Gurū Tēgh Bahādur

Gurū Tēgh Bahādur dji (1. april 162111. november 1675) var den niande av dei ti sikh-gurūane og vart gurū den 20. mars 1665 som etterfølgjar etter grandnevøen sin, gurū Hari Krisjan. Føre gurū Tēgh Bahādur dødde, utpeikte han sonen sin Gobindh Rāi — som seinare fekk namnet Gurū Gōbindh Singh — som den tiande (og, som det skulle vise seg, siste) av sikh-gurūane i menneskeleg form.   Les meir ...

Gurū Gōbindh Singh (1666-1708)
Gurū Gōbindh Singh dji (pandjābī ਗੁਰੂ ਗੋਬਿੰਦ ਸਿੰਘ ਜੀ) (Patna i Bihar i India, 22. desember 16667. oktober 1708) var den tiande og siste av dei ti sikh-gurūane og vart gurū den 11. november 1675 som etterfølgjar etter far sin, gurū Tēgh Bahādur. Føre gurū Gōbindh Singh døydde, utpeikte han sikhanes heilage skrift sri Gurū Granth Sāhib dji som den neste, evige sikh-gurūen. Denne granth (boka) er meir enn ei heilag bok for sikhane.   Les meir ...

Kunnskapstestar

Meiningsmålingar

Det finst ikkje nokon meiningsmålingar om sikhar og sikhisme her enno.


Innhald (utval)
Personlege verktøy