Emne:Samar
Frå Safon.org
|
BAHA’I • ISLAM • JØDEDOM • ROMANIFOLK • SAMAR • SIKHISME • KASJRUT • KYSTKULTUR • LANDBRUK |
|
Samar (tidlegare òg kalla lappar eller finnar) er eit folk som hovudsakleg hører heime på Nordkalotten. Namnet same er den skandinaviske forma av det samiske ordet saemie (sørsamisk) eller sápmi (nordsamisk), som viser til både område, folkegruppe og språk. Samane som folkegruppe kan ha utvikla seg i det siste tusenåret føre den vestlege tidsrekninga, da det vart meir samhandling mellom grupper i området og desse gruppene vart meir merksame på fellestrekk og skilnader. Det var i dette tidsrommet sijte- eller siida-systemet vart utvikla. I det samiske området bur det kring 75 000 samar. Tradisjonelle samiske levevegar fram mot nyare tid inkluderer reindrift, der dei følgjer etter store reinflokkar på beitevandring, og kystkultur, med kombinasjon av småbruk og fiske — gjerne kombinert med båtbygging eller anna handverk og husflid. | |
|
%DPL-1.6.5-WARNING: No results! |
Mest lese |
|
Nettstaden Safon.org blir driven på frivillig basis. Du kan hjelpe til på fleire måtar: Skriv: Om du har kunnskapar om skandinavisk kystkultur, jødedom, samar, reisande, sikhisme, buddhisme, unitarisme, bahá’ítru eller islām, og du godtek retningslinene, så er du velkommen til å laga deg brukarkonto og vera med og skrive. Kjøp og lær: Om du gjerne vil lære meir og samtidig støtte arbeidet med Safon.org økonomisk, så kan du kjøpe bøker på Hassafon Forlag sin nettbutikk. Så langt finst det ei bønebok for fredag kveld, ei novelle av Grace Aguilar og ei bok om norsk vokal folkemusikk der. For fleire bøker om religion og kultur med hovudvekt på sefardisk jødedom og sikhisme, sjå Safon web shop. Tikkún ngolám: Om du vil gjera ei god gjerning generelt, så besøk gjerne The Hunger Site og klikk for å hjelpe sveltande menneske i den tredje verda. (Det er gratis.) Les meir om korleis du kan hjelpe... | |
