Emne:Salten
Frå Safon.org
|
Salten (lulesamisk Sállto), òg stundom kalla Salta, er eit landskap og ein region i midtre Nordland som grensar mot Helgeland i sør, mot Ofoten i nord og mot Norrbottens län i aust. Nordvest for Salten ligg øygruppa Lofoten på andre sida av det vêrharde havstykket Vestfjorden. Salten, saman med Ofoten, utgjorde tidlegare futedømet Saltens Fogderi. Folk frå Salten blir kalla saltværingar og den lokale dialekten i området heiter saltværing. | |
|
Elias Blix (1836–1902) var ein norsk forfattar, professor, lærar, målmann og politikar. Han vart fødd på Våg i Gildeskål i Salten i Nordland den 24. februar 1836 og dødde i heimen sin i Kristiania (Oslo) den 17. januar 1902. Blix oppdaga landsmålet da han gjekk på lærarskule i Tromsø i 1850-åra. Han tok kontakt med målrørsla da han kom til Kristiania og vart knytt til Aasmund Olavsson Vinje og vekebladet Dølen. Han besøkte Gildeskål sommaren 1866 og bad om løyve til å preike i Gildeskålkirkja, men på grunn av Blix sitt arbeid som målmann ville ikkje soknepresten gje løyve. Les meir …
|
Mest lese
|
|
Nettstaden Safon.org blir driven på frivillig basis. Du kan hjelpe til på fleire måtar: Skriv: Om du har kunnskapar om skandinavisk kystkultur, jødedom, samar, reisande, sikhisme, buddhisme, unitarisme, bahá’ítru eller islām, og du godtek retningslinene, så er du velkommen til å laga deg brukarkonto og vera med og skrive. Kjøp og lær: Om du gjerne vil lære meir og samtidig støtte arbeidet med Safon.org økonomisk, så kan du kjøpe bøker på Hassafon Forlag sin nettbutikk. Så langt finst det ei bønebok for fredag kveld, ei novelle av Grace Aguilar og ei bok om norsk vokal folkemusikk der. For fleire bøker om religion og kultur med hovudvekt på sefardisk jødedom og sikhisme, sjå Safon web shop. Tikkún ngolám: Om du vil gjera ei god gjerning generelt, så besøk gjerne The Hunger Site og klikk for å hjelpe sveltande menneske i den tredje verda. (Det er gratis.) Les meir om korleis du kan hjelpe... | |
