Emne:Romsdal - Safon.org

Emne:Romsdal

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search

SUNNMØR • ROMSDAL • NORDMØR • FOSEN • UTTRØNDELAG • INNTRØNDELAG • NAMDALEN

Romsdal

Artiklar

Romsdaling, òg kalla romsdalsmål, romsdalsdialekt og romsdalsk, er den tradisjonelle dialekten i landskapet Romsdal i Møre og Romsdal fylke. Dialekten har mange fellestrekk med trøndsk — både i ordskatten; i fonologiske trekk, slik som tjukk l (berre av historisk l) og apokope av fleirstavingsendingar (hęstann, skåłinn); så vel som i morfologiske trekk som ulike endingar i ubunde fleirtal av sterke og svake hokjønnsord (fíre tause, fęmm víso). Samtidig har dialekten klåre fellestrekk med sunnmøring og fjordamål i det at infinitiven og svake hokjønnsord dei fleste stadene ender på -e (å vare, å éte, å komme, å bende, å hęlse; ei veke, ei víse) og i det at endingsvokalen i bunde fleirtal av svake hokjønnsord er svekka dei fleste stadene (vísn (‘visene’), bøttn (‘bøttene’), veken (‘vekene’)).   Les meir …
Ein geitbåt er ein tradisjonell open og oftast spissgatta ro- og seglbåt frå Nordmør og Romsdalen — og i eldre tid Fosen og området kring Trondheimsfjorden òg. Geitbåten hører typologisk sett med til dei rundstemnde vestlandsbåtane heller enn til dei i nyare tid mykje meir rettstemnde åfjordsbåtane og nordlandsbåtane. Geitbåten skil seg ut frå dei andre tradisjonelle opne båttypane frå Vestlandet og nordover ved den korte og relativt djupe kjølen, den halvplanande skrogforma og den svært langstrakte overgangen frå kjøl til stamn — eigenskapar som gjer denne båten til ein djerv havseglar og god bidevindsseglar.   Les meir …

Populære sider

Mest lese

ਸੇਵਾ · DUGNAD · צדקה

Nettstaden Safon.org blir driven på frivillig basis. Du kan hjelpe til på fleire måtar:

Skriv: Om du har kunnskapar om skandinavisk kystkultur, jødedom, samar, reisande, sikhisme, buddhisme, unitarisme, bahá’ítru eller islām, og du godtek retningslinene, så er du velkommen til å laga deg brukarkonto og vera med og skrive.

Kjøp og lær: Om du gjerne vil lære meir og samtidig støtte arbeidet med Safon.org økonomisk, så kan du kjøpe bøker på Hassafon Forlag sin nettbutikk. Så langt finst det ei bønebok for fredag kveld, ei novelle av Grace Aguilar og ei bok om norsk vokal folkemusikk der.   For fleire bøker om religion og kultur med hovudvekt på sefardisk jødedom og sikhisme, sjå Safon web shop.

Tikkún ngolám: Om du vil gjera ei god gjerning generelt, så besøk gjerne The Hunger Site og klikk for å hjelpe sveltande menneske i den tredje verda. (Det er gratis.)

Les meir om korleis du kan hjelpe...


M&R:       Sunnmør · ROMSDAL · Nordmør
Aukra · Fræna · Midsund · Molde · Nesset · Rauma · Sandøy · Vestnes



Personlege verktøy