Emne:Romanifolk
Frå Safon.org
|
BAHA’I • ISLAM • JØDEDOM • ROMANIFOLK • SAMAR • SIKHISME • KASJRUT • KYSTKULTUR • LANDBRUK |
|
Romanifolk, er ei fellesnemning for skandinaviske folkegrupper av delvis indisk opphav som tradisjonelt har hatt ein omreisande livsstil med næringsvegar som musikk, handverk (særleg metallarbeid), kolportasje og småhandel. Særleg innanfor musikk og handverk har mange medlemmer av romanifolket gjeve sentrale bidrag til den generelle skandinaviske kulturen. Romanifolka er offisielt definerte som ein nasjonal minoritet både i Noreg og Sverige. Dei har òg ofte blitt kalla reisande eller tatrar. | |
|
Jean-Baptiste Reinhardt (1910–1953), mest kjent som «Django Reinhardt», var ein belgisk-fransk jazzgitarist som var kjent for virtuos sigøynarjazz. Han blir rekna som ein av dei mest innflytingsrike jazzmusikarane, og han var òg ein av dei første gitarsolistane innanfor jazzen. Les meir … Rodi er eit språk som tradisjonelt har vore bruka av den undergruppa av romanifolket som tradisjonelt er basert langs kysten av Noreg (småvandriar, fantar) og som ofte reiser hovudsakleg lokalt. Rodi viser færre fellestrekk med romanés enn det austlandske og vestsvenske rommani gjer, men viser til gjengjeld meir slektskap med jenisch — som da òg har vore føreslege som det språklege opphavet åt rodi. Les meir …
Laila Marie Yrvum er ein songar, musikar og tradisjonsinnsamlar av romanislekt frå Tynset og Alvdal i Nord-Østerdalen og med røter frå Nordmøre. Laila Yrvum blir rekna blant dei viktigaste formidlarane av romanifolket sin kultur i Noreg i dag. Laila har budd mykje på Raufoss, men er i dag busett på Moss i Østfold. Les meir … Rommani eller rommani rakripa, òg kalla norsk romani og svensk romani, er eit språk med hovudsakleg skandinavisk grammatikk og indisk-basert ordforråd som tradisjonelt blir bruka av romanifolket (tavringar, reisande, tatrar, romanoar, romanisæl) i det vestlege Sverige, på Austlandet og i Trøndelag. Etter eit vedtak i den svenske Riksdagen den 2. desember 1999 fekk romani i alle sine variantar (saman med samisk, finsk, tornedalsfinsk og jiddisch) offisiell status som nasjonalt minoritetsspråk i Sverige. Les meir …
|
Mest lese
|
|
Nettstaden Safon.org blir driven på frivillig basis. Du kan hjelpe til på fleire måtar: Skriv: Om du har kunnskapar om skandinavisk kystkultur, jødedom, samar, reisande, sikhisme, buddhisme, unitarisme, bahá’ítru eller islām, og du godtek retningslinene, så er du velkommen til å laga deg brukarkonto og vera med og skrive. Kjøp og lær: Om du gjerne vil lære meir og samtidig støtte arbeidet med Safon.org økonomisk, så kan du kjøpe bøker på Hassafon Forlag sin nettbutikk. Så langt finst det ei bønebok for fredag kveld, ei novelle av Grace Aguilar og ei bok om norsk vokal folkemusikk der. For fleire bøker om religion og kultur med hovudvekt på sefardisk jødedom og sikhisme, sjå Safon web shop. Tikkún ngolám: Om du vil gjera ei god gjerning generelt, så besøk gjerne The Hunger Site og klikk for å hjelpe sveltande menneske i den tredje verda. (Det er gratis.) Les meir om korleis du kan hjelpe... | |
