Fag:Religion og livssyn
Frå Safon.org
ENGELSK • HEBRAISK • KROPPSØVING • KUNST OG HANDVERK • MAT OG HELSE • MATEMATIKK • MUSIKK • NATURFAG • NORSK • RELIGION OG LIVSSYN • SAMFUNNSFAG • SPANSK • TYSK
|
Tseine ureine (jid.) eller Tseino ureeino (asjk.he.) (av hebr. צאנה וראינה), nokre gonger kalla Kvinnebibelen, er eit jiddischspråkleg bokverk frå 1616 som er delt inn etter dei parasjijjót (vekeavsnitta) av Torá og Haftará som blir bruka i rabbinsk-jødiske gudstenester. Boka set saman bibeltekstar med ymse lærdom frå Den munnlege Toráen, inkludert talmudisk aggadá og medrásj. Forfattaren av Tseine ureine er rebbí Jangakób ben Jiṣ’ḥák Asjkenazí (1550–1625) frå Janowa ved Lublin i Polen). Namnet er utleidd frå eit vers i Sjir hasjirím (Høgsongen) som begynner med Tseino ureeino b’nois Tsijjoin (sef.he.: Ṣéna ur’éna, benót Ṣijjón, det vil seie ‘Gå ut og sjå, de døtrer av Ṣijjón’). Dette viser tydeleg at boka var skriven for kvinner, som på den tida og staden generelt kunne mykje mindre av det liturgiske språket hebraisk. Tittelbladet av Basel-utgåva frå 1622 viser til at kjeldene inkluderer Rasjí (1040–1105) og eksegesene av 1200-talsforfattaren Bahya ben Asher ben Halawa, så vel som talmudiske kjelder. Les meir … Tannait Asenát Barzani (1590–1670) var ei kjent kurdisk-jødisk kvinne som levde i Mosul i Irak. Ho studerte kabbalá og var ei av dei aller første kvinnene i historia vi veit om som fekk ein rabbinartittel. Asenát Barzani vart fødd i 1590 som dotter til rabbinar Sjemuél Barzani. R. Sjemuél Barzani var leiar for mange jesjibót i si tid, og den rabbinske autoriteten hans i Kurdistan var ubestridd. Han var ein meister i kabbalá, og det er sagt at han gav den hemmelege lærdommen vidare til dotter si, som beundra far sin, som ho rekna som ein konge over Israel. Han var den viktigaste læraren hennar, og etter at han dødde, tok ho over mange av oppgåvene hans. Asenát fekk tittelen tannaít. Les meir … Bahá’íar må, i følgje Bahá’u’lláh, seie minst éin av tre openberra obligatoriske bøner (salāt på arabisk). I boka Kitáb-i-Aqdas pålegg Bahá’u’lláh bahá’í-lova om ei obligatorisk dagleg bøn som blir lesen av kvar bahá’í åleine. I Kitáb-i-Aqdas skriv han òg at den obligatoriske bøna fanst nedskriven på ein anna tavle. Tavla som inneheldt denne obligatoriske bøna vart ikkje frigjeven til bahá’íane i Bahá’u’lláh sine dagar, og denne bøna vart utbytt med tre obligatoriske bøner av Bahá’u’lláh. Etter at Bahá’u’lláh dødde vart teksten åt den opphavlege bøna stolen av Mírzá Muhammad `Alí. Les meir … Gievrie (sørsamisk) eller runebomme, òg stundom kalla trolltromme eller sjamantromme, er eit samisk musikkinstrument bruka i samband med sjamanisme og til akkompagnement av joik. Gievrien blir halden med eine handa og består av eit dekorert reinskinn spent på ei ramme. Noaiden, den samiske sjamanen, slår på gievrien med ein karakteristisk T-forma hammar av reinhorn. I Noreg finst det berre tre kjente originaleksemplar att, ettersom dei fleste vart øydelagte da samisk kultur vart undertrykt i tidlegare tider. På samiske språk finst det ulike namn på tromma: Gievrie er det sørsamiske ordet. På nordsamisk heiter tromma anten goavddis/goabdis eller meavresgárri, og på kolasamisk var er namnet kyömdes. Les meir … Ole Andreas Lindeman (1769–1857) var ein organist, pianist og musikkpedagog frå Surnadalen på Nordmør. Han var fødd den 17. januar 1769 på Øye i Surnadal av foreldra Anne Christine Tangen og den fløyte- og fiolinspelande amatørmusikaren Jacob Madsen Lindeman (1735–1822) som var sorenskrivar på Nordmør. Lindeman tok eksamen artium ved Trondhjems Latinskole før han reiste til København i 1788 for å studere ved Universitet i København. Den første tida der studerte han juss og arbeidde som kopist ved Rentekammeret. Etter kvart brukte han stadig meir av tida på musikk, og han avbraut jusstudia. Ole Andreas Lindeman vart elev av kapellmeister Israel Gottlieb Wernicke i harmonilære og komposisjon og studerte elles klavér og fiolin. Han slutta etterkvart med jusstudia og spela både fiolin og piano på konsertar i København; på klavér spela han til og med ved Hoffet. Han spela òg på ein konsert i Christiania (Oslo) i 1793. På oppmoding frå biskop Johan Christian Schønheyder flytta Lindeman til Trondheim for å bli organist i Vår Frue kirkje der i 1799. Les meir …
Veøy gamle kirkje er ei langkirkje av stein på Veøya i Molde kommune i Romsdal. Kirkja er ei mellomalderkirkje og vart bygd kring år 1200. Kirkja er ei romansk rundbogekirkje vigd til St. Peter. Ho har 400 sitteplassar og har vore gjenom ei rekkje ombyggingar og restaureringar. Det noverande interiøret er frå tida etter reformasjonen. Les meir …
Tingvoll kirkje (uttale /"tiŋvɔʎ:ˌçerçɔ/ (N/A) / /"tiŋvɔʎ:ˌçerçɔɲ:/ (D)) på Tingvoll på Nordmør er ei steinkirkje som vart bygd kring 1180 i romansk stil. Ho er ei av dei gamle steinkirkjene som vart bygd i Noreg gjenom tidene som enno står og framleis er i bruk. Kirkja og det store vinkelrette våningshuset i nærheita ligg sentralt til på eit nes på nordsida av Tingvollvågen. I eldre tider var Tingvoll truleg tingstad for Nordmør, og det er difor ikkje unaturleg at kirkja vart bygd her. Veggene i kirkja er opptil 1,8 meter tjukke og har gangar inni, både på nordsida og sørsida. Dei går i trappetrinn bratt opp til murkrona oppunder sperrverket og så like bratt ned igjen. Det er eit mysterium kvifor dei vart bygde. Les meir …
|
Mest lese
|
|
Nettstaden Safon.org blir driven på frivillig basis. Du kan hjelpe til på fleire måtar: Skriv: Om du har kunnskapar om musikk- og/eller kulturhistorie, skandinavisk kystkultur, religion/livssyn (inkludert bahá’ítru, buddhisme, islam, jødedom, sikhisme o.a.) eller urfolk og minoritetar (inkl. samar og reisande), og du godtek retningslinene, så er du velkommen til å laga deg brukarkonto og vera med og skrive. Kjøp og lær: Om du gjerne vil lære meir og samtidig støtte arbeidet med Safon.org økonomisk, så kan du kjøpe bøker på Hassafon Forlag sin nettbutikk. Så langt finst det ei bønebok for fredag kveld, ei novelle av Grace Aguilar og ei bok om norsk vokal folkemusikk der. For fleire bøker om religion og kultur med hovudvekt på sefardisk jødedom og sikhisme, sjå Safon web shop. Tikkún ngolám: Om du vil gjera ei god gjerning generelt, så besøk gjerne The Hunger Site og klikk for å hjelpe sveltande menneske i den tredje verda. (Det er gratis.) Les meir om korleis du kan hjelpe... | |
