Emne:Progressiv jødedom - Safon.org

Emne:Progressiv jødedom

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search

JØDEDOM • KASJRUT • SYNAGOGAR • HØGTIDER & MERKEDAGAR • ORTODOKS • MASORTI • REKONSTRUKSJONISTISK • PROGRESSIV
PORTUGISARJØDAR • HØGTYSKE JØDAR • OSMANSKE SEFARDIM • HAMBORG & SLESVIG-HOLSTEN • DANMARK • NOREG • SVERIGE • FINLAND

Progressiv jødedom er eit fellesnamn for dei retningane av rabbinsk jødedom som er vidareutvikla av tysk reformjødedom, amerikansk reformjødedom, britisk liberal jødedom og britisk reformjødedom og blir ofte — særleg i Europa — òg bruka for den noko ulike retninga rekonstruksjonistisk jødedom. Reformjødedommen oppstod som retning i Tyskland først på 1800-talet. Den første reformsynagogen vart formelt stifta i Hamborg i 1818 av sefardiske og asjkenaziske jødar. Inntil kring 1870 var songstilen i den hamborgske reformmeinigheita i hovudsak sefardisk. Myten om at reformjødedommen er ei reint asjkenazisk retning er såleis ikkje sann.

Artiklar

Regina Jonas (19021944) var ein rabbinar frå Berlin i Tyskland. Ho var den første kvinna vi veit om i europeisk og nordamerikansk historie som studerte til rabbinar, fekk semikhá som rabbinar og gjorde sosialt, teologisk og religiøst arbeid som rabbinar. Regina Jonas vart fødd i Berlin den 3. august 1902. Far hennar dødde da ho var svært ung. Som mange kvinner på si tid begynte ho på ei karriere som lærar, men ho kjente at noko mangla. Ho begynte å studere ved Hochschule für die Wissenschaft des Judentums i Berlin og tok seminariekurs for liberale rabbinarar og lærarar. Der oppnådde ho ein akademisk grad som «akademisk religionslærar». Med målet å bli rabbinar, skreiv Regina Jonas ei avhandling som svara til kravet for ordinasjon. Emnet hennar var Kan ei kvinne vera rabbinar etter halakhiske kjelder?   Les meir …
Der Israelitische Tempel in der Poolstraße i Hamburg-Neustadt var frå 1844 til 1931 synagogen åt den reformjødiske Neue Israelitische Tempel-Verein. Synagogen vart bygd i tida 18421844 etter teikningane til arkitekten Johann Hinrich Klees-Wülbern, som tidlegare hadde teikna Israelitisches Krankenhaus. Av den ein gong treskips synagogen finst i dag berre restane av den vestlege forhallen og den austlege apsisen att som separate krigsruinar — hovudskipet vart øydelagt i 1944.Fasaden på inngangsfløya i vest var flankert av to slanke, åttekanta tårn inspirert av minaretar og tok òg opp i seg andre element frå maurisk stil.[1] så vel som frå klassisistisk-nygotisk byggjestil. Inngangsportalen hadde ein hebraisk chronostichon som overskrift. Omsettinga er: ‘Signa er den som kjem i den Eviges Namn.’ Den hebraiske teksten har talverdien [5]604, som etter den jødiske kalenderen svarar til 1844 evt. Lovtavlene ved mønet og davidsstjerna i rosettvindauga markerer at dette er ein synagoge.   Les meir …
Rabbinar Jacqueline («Jackie») Tabick (f. 1949) er rabbinar i North West Surrey Synagogue i England, som er tilknytt Movement for Reform Judaism. Jacqueline [?] vart fødd i Dublin i Irland i 1949, men budde i England det meste av barndommen. Etter å ha lese mellomalderhistorie for graden sin ved Kings College London, begynte ho å studere ved Leo Baeck College. Ho vart ordinert derifrå som den første kvinnelege rabbinaren i Storbritannia i 1975.   Les meir …
Foreningen Progressiv Jødedom i Norge (PJN) er ein sosial og kulturell ḥaburá for egalitær jødedom i Oslo. PJN definerer seg som egalitær i forhold til både kjønn og legning og er open for alle som ønskjer å vera med, uavhengig av om dei er jødiske eller ikkje. Hovudaktiviteten er sjabbátmiddag som spleiselag siste fredag i kvar månad. I tillegg blir det arrangert samlingar i samband med jødiske høgtider og merkedagar.   Les meir …
Abraham Geiger (18101874) var ein tysk-asjkenazisk rabbinar og religionshistorikar med jødedom og islām som hovudfelt som var ein av leiarane i etableringa av den tyske reformjødedommen. Han arbeidde for å fjerne alle nasjonalistiske elementa — og da særleg trua på at jødane er det utvalte folket. Han la elles vekt på at jødedommen er ei religion i utvikling og endring.   Les meir …

Populære sider

Mest lese

ਸੇਵਾ · DUGNAD · צדקה

Nettstaden Safon.org blir driven på frivillig basis. Du kan hjelpe til på fleire måtar:

Skriv: Om du har kunnskapar om skandinavisk kystkultur, jødedom, samar, reisande, sikhisme, buddhisme, unitarisme, bahá’ítru eller islām, og du godtek retningslinene, så er du velkommen til å laga deg brukarkonto og vera med og skrive.

Kjøp og lær: Om du gjerne vil lære meir og samtidig støtte arbeidet med Safon.org økonomisk, så kan du kjøpe bøker på Hassafon Forlag sin nettbutikk. Så langt finst det ei bønebok for fredag kveld, ei novelle av Grace Aguilar og ei bok om norsk vokal folkemusikk der.   For fleire bøker om religion og kultur med hovudvekt på sefardisk jødedom og sikhisme, sjå Safon web shop.

Tikkún ngolám: Om du vil gjera ei god gjerning generelt, så besøk gjerne The Hunger Site og klikk for å hjelpe sveltande menneske i den tredje verda. (Det er gratis.)

Les meir om korleis du kan hjelpe...



Personlege verktøy