Emne:Pakistan
Frå Safon.org
BANGLADESH • BHUTAN • INDIA • MALDIVANE • NEPAL • PAKISTAN • SRI LANKA
|
Ein sarōd (hindī सरोद, bānglā সরোদ) er eit indisk klimpreinstrument som truleg er utvikla frå senya-rebaben, eit indisk/persisk instrument som vart spela i India fram til 1800-talet. Sarōden er eit lutt-liknande instrument med kropp av eitt emne av indisk mahogny eller teak med gripebrett av stål utan tverrband. Kroppen av instrumentet er trekt med geiteskinn, og stolen står i press mellom strengene og geiteskinnslokket. Sarōden har fire spelestrenger, seks rytme- og grunntonestrenger og 15 resonansstrenger. Ein klimprar på strengene med ein «djaba» — eit plekter laga av kokosnøtt. Les meir …
Samōsā (hindī समोसा [sɐ'mo:sɑ:], marāṭhī सामोसा [sɑ:'mo:sɑ:]) er ein indisk matrett som består av trekanta frityrsteikte porsjonspaiar med grønsaks- eller kjøtfyll, særleg med potet, løk og erter. Retten oppstod truleg i Uttar Pradesh og er no vanleg i India, Pakistan, Burma og nordetter til Uzbekistan. I tillegg kjenner ein han i andre land med indiske eller pakistanske innvandrarmiljø. Les meir …
Bhangṛā (gurmukhī ਭੰਗੜਾ, sjahmukhī بھنگڑا, [ˌpɐŋgɽɑː]), ofte kalla pandjābīpop, er ei livleg danse- og musikkform som oppstod i Pandjāb i India og Pakistan. Bhangṛā er tradisjonelt sett ein folkedans og ikkje ei musikkform, men fram mot slutten av 1900-talet har tydinga gått meir og meir over til å referere til både ein musikkgenre og ein dans. Bhangṛāen har eit sterkt rytmisk driv og slaginstrumenta spelar ei sentral rolle. Les meir …
Aḥmadiyyā (urdū احمدیہ [aḥmadiyyā]) er den religiøse rørsla som vart starta av Mirza Ghulam Aḥmad frå Qadian i Pandjāb i India. Mirza Ghulam Aḥmad var ein muslim som hevda å ha oppfylt kristne og islamske profeti og som erklærte seg for å vera mudjaddiden (reformatoren) av islām for den moderne tida. Aḥmadiyyāene reknar seg som muslimar, og Mirza Ghulam Aḥmad kalla rørsla si Aḥmadiyyā muslim djamāt (samfunn) og såg ho som ei revitalisering av, heller enn ei erstatning for, islām. Les meir …
|
Mest lese |
|
Nettstaden Safon.org blir driven på frivillig basis. Du kan hjelpe til på fleire måtar: Skriv: Om du har kunnskapar om skandinavisk kystkultur, jødedom, samar, reisande, sikhisme, buddhisme, unitarisme, bahá’ítru eller islām, og du godtek retningslinene, så er du velkommen til å laga deg brukarkonto og vera med og skrive. Kjøp og lær: Om du gjerne vil lære meir og samtidig støtte arbeidet med Safon.org økonomisk, så kan du kjøpe bøker på Hassafon Forlag sin nettbutikk. Så langt finst det ei bønebok for fredag kveld, ei novelle av Grace Aguilar og ei bok om norsk vokal folkemusikk der. For fleire bøker om religion og kultur med hovudvekt på sefardisk jødedom og sikhisme, sjå Safon web shop. Tikkún ngolám: Om du vil gjera ei god gjerning generelt, så besøk gjerne The Hunger Site og klikk for å hjelpe sveltande menneske i den tredje verda. (Det er gratis.) Les meir om korleis du kan hjelpe... | |
