Emne:Osmanske sefardím
Frå Safon.org
|
JØDEDOM • KASJRUT • SYNAGOGAR • HØGTIDER & MERKEDAGAR •
ORTODOKS • MASORTI • REKONSTRUKSJONISTISK • PROGRESSIV |
|
Osmanske sefardím er den gruppa av sefardím som busette seg i Det osmanske riket kring utvisinga frå Spania og Portugal på slutten av 1400-talet. Det tradisjonelle morsmålet for osmanske sefardím er djudíospanjol (jødespansk). | |
|
Maurice Abravanel (1903–1993), var ein sveitsisk-amerikansk sefardisk dirigent som blant anna er kjent for å ha bygd opp Utah Symphony Orchestra og framføringane sine av Kurt Weill og Gustav Mahler. Maurice Abravanel vart fødd den 6. januar 1903 i Salonica i Det osmanske riket (no Thessaloniki i Hellas). I 1909 flytta familien til Lausanne i Sveits, der far hans gjorde det svært godt som apotekar. I mange år budde Abravanel-familien i same hus som Ernest Ansermet, dirigenten for (og stiftaren av) Orchestre de la Suisse Romande. Den unge Abravanel spela firhendige pianoarrangement saman med Ansermet; han begynte å komponere, og han møtte komponistar som Darius Milhaud og Igor Stravinsky. Han var lidenskapeleg oppteken av musikk og visste med seg sjølv at han ville bli yrkesmusikar. Far hans insisterte likevel på at han måtte satse på ein karriere i medisin og sendte Maurice til universitetet i Zürich. Les meir … Karl Emil Franzos (1848–1904) var ein austerriksk-jødisk forfattar og redaktør som særleg er kjent for å ha gjeve ut den første utgåva av Woyzeck (1879) og for å ha grunnlagt tidsskriftet Deutsche Dichtung. Karl Emil Franzos vart fødd den 25. oktober 1848 i Podolia i Ukraina av sefardisk far og Odessa-jødisk mor. Han voks opp hovudsakleg i shtétlen Czortków in Galicja. Far hans, ein distriktslækjar, dødde tidleg, og etter at Karl Emil hadde fullført gymnaset i Czernowitz i Bukovina laut han arbeide som lærar for å forsørgje seg sjølv og gjera seg klar til universitetsstudia. Han studerte juss ved universiteta i Wien og Graz, men etter at han bestod eksaminasjonen for statlege juristar, avbraut han denne karrieren og begynte som journalist i staden. Les meir … Borecas eller borekas svarar til börek på tyrkisk og finst på menyen i mange tyrkisk-drivne gatekjøken i Noreg under namnet børek. I sin typiske tyrkiske versjon er børeken ein innbakt butterdeigspai på storleik av ein munnfull eller tre med fyll av fetaost og grønsaker — gjerne gulrøter og spinat. Sefardím i Det osmanske riket slo saman den tyrkiske børeken og sine iberiske pastelas (òg kalla empanadas, pastillas, pastidas) til den karakteristiske osmansk-sefardiske matretten borecas. Les meir … Elias Canetti (25. juli 1905—13. august 1994) var ein bulgarsk-fødd sefardisk forfattar og mottakar av Nobelprisen i litteratur (1981). Elias Canetti vart fødd i Rustschuk (no Ruse), ein havneby ved Donau-elva i Bulgaria, tett ved den rumenske grensa. Han snakka flytande djudíospanjol og bulgarsk frå tidleg barndom av. I 1911 flytte familien til England, der Elias lærte engelsk. Etter at faren døydde i 1912, levde familen eit omflakkande liv i dei tyskspråklege landa Tyskland, Sveits og Austerrike. Frå 1924 av budde han i Wien, der han i 1929 oppnådde doktorgraden i kjemi. Les meir …
Bimuelos er svært populær ḥanukkámat blant sefardím frå Balkan og mange andre stader. Ordet bimuelos, som òg kan bli skrive bumuelos, birmuelos, bermuelos, burmuelos eller bulemas, er djudíospanjol og heng saman med spansk «bunuelo»; i Tyrkia seier ein òg lokmas, og i Hellas λουκουμαδες (loukoumades). Les meir … Ladino er namnet på ei språkform som er bruka i ordrette omsettingar av religiøse tekster frå hebraisk og arameisk til kastiljansk (spansk) eller djudíospanjol (jødespansk). Karakteristisk for ladino er at kvart ord blir omsett direkte, og at setningsbygnaden dermed følgjer den hebraiske eller arameiske originalen. Les meir …
Tavla eller tavli (djudíospanjol), oftast kalla trikktrakk i eldre skandinavisk og backgammon frå midten av 1900-talet og utover, er eit brettspel for to personar der kvar spelar kastar terningar som viser korleis ein kan flytte brikkane. Tavlabrettet har to sider, som kvar er delt i to halvdeler. Kvar halvdel har eit kilemønster der kvar kile svarar til eitt felt. Det er seks felt i kvar halvside, og med andre ord 24 felt totalt på brettet. Dei to spelarane har oftast 15 brikkar kvar, og målet er å flytte alle brikkane forbi motspelaren sine brikkar og «heim». Les meir …
|
Mest lese
|
|
Nettstaden Safon.org blir driven på frivillig basis. Du kan hjelpe til på fleire måtar: Skriv: Om du har kunnskapar om musikk- og/eller kulturhistorie, skandinavisk kystkultur, religion/livssyn (inkludert bahá’ítru, buddhisme, islam, jødedom, sikhisme o.a.) eller urfolk og minoritetar (inkl. samar og reisande), og du godtek retningslinene, så er du velkommen til å laga deg brukarkonto og vera med og skrive. Kjøp og lær: Om du gjerne vil lære meir og samtidig støtte arbeidet med Safon.org økonomisk, så kan du kjøpe bøker på Hassafon Forlag sin nettbutikk. Så langt finst det ei bønebok for fredag kveld, ei novelle av Grace Aguilar og ei bok om norsk vokal folkemusikk der. For fleire bøker om religion og kultur med hovudvekt på sefardisk jødedom og sikhisme, sjå Safon web shop. Tikkún ngolám: Om du vil gjera ei god gjerning generelt, så besøk gjerne The Hunger Site og klikk for å hjelpe sveltande menneske i den tredje verda. (Det er gratis.) Les meir om korleis du kan hjelpe... | |
