Emne:Oslo - Safon.org

Emne:Oslo

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search

Mal:Emne Austlandet

Oslo

Artiklar

Christopher Hansteen (fødd 26. september 1784 i Christiania, død 15. april 1873 i Christiania) var ein norsk astronom og matematikar. Han var professor i astronomi og anvendt matematikk ved «Det kongelige Frederiks Universitet i Christiania», no Universitetet i Oslo frå 1816 til 1861. Hansteen var ein sentral person i norsk og internasjonal vitskap på 1800-talet.   Les meir …
Lavleen Kaur (f. 1976) er ein samfunnsvitar og scenekunstnar frå Oslo. Ho voks opp i det norske sikh-miljøet som dotter av eit ektepar som kom til Noreg frå India tidleg i 1970-åra. I tillegg til hovudfaget i kriminologi frå Universitetet i Oslo har ho ein grad i klassisk indisk dans frå London.   Les meir …
Michael Melchior (f. 31. januar 1954) er ein dansk-jødisk rabbinar og israelsk politikar og representant for det venstreorienterte religiøse partiet Meimad i Knesset (det israelske parlamentet). Michael Melchior vart fødd inn i ein rabbinarfamilie i København og fekk sin semikhá (ordinasjon) som rabbinar frå Yeshivat Hakotel i Jerusalem. Han tente i mange år som rabbinar ved Det Mosaiske Trossamfund i Oslo, der han inntil nyleg framleis var overrabbinar.   Les meir …
Det Mosaiske Trossamfund i Oslo sin synagoge i Geitmyrsveien i Kristiania (no: Bergstien i Oslo) vart påbegynt i 1918 og fullført til ḥanukká i 1919. Frå 1939 av, etter at Den Israelittiske Menighet gjekk inn i DMT att, vart dette synagogen for alle jødar i Oslo. Synagogen vart konfiskert av nazistane under andre verdskrigen, men mirakuløst nok vart synagogen og alt inventaret ståande uskadd gjennom heile krigen.   Les meir …

Populære sider

Mest lese

ਸੇਵਾ · DUGNAD · צדקה

Nettstaden Safon.org blir driven på frivillig basis. Du kan hjelpe til på fleire måtar:

Skriv: Om du har kunnskapar om skandinavisk kystkultur, jødedom, samar, reisande, sikhisme, buddhisme, unitarisme, bahá’ítru eller islām, og du godtek retningslinene, så er du velkommen til å laga deg brukarkonto og vera med og skrive.

Kjøp og lær: Om du gjerne vil lære meir og samtidig støtte arbeidet med Safon.org økonomisk, så kan du kjøpe bøker på Hassafon Forlag sin nettbutikk. Så langt finst det ei bønebok for fredag kveld, ei novelle av Grace Aguilar og ei bok om norsk vokal folkemusikk der.   For fleire bøker om religion og kultur med hovudvekt på sefardisk jødedom og sikhisme, sjå Safon web shop.

Tikkún ngolám: Om du vil gjera ei god gjerning generelt, så besøk gjerne The Hunger Site og klikk for å hjelpe sveltande menneske i den tredje verda. (Det er gratis.)

Les meir om korleis du kan hjelpe...



Personlege verktøy