Emne:Nordmør - Safon.org

Emne:Nordmør

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search

SUNNMØR • ROMSDAL • NORDMØR • FOSEN • UTTRØNDELAG • INNTRØNDELAG • NAMDALEN

Nordmør (utt. ["nɔɽmʌ:r] (Eide), ["nɷ:ɽmʌ:r] (Aure), ["nɷ:rmʌ:r] (Indre Nordmør), ["nɷ:rmø:r] (yngre ndm.)), i nyare tid oftare skrive Nordmøre, er den nordaustlegaste delen av Møre og Romsdal fylke og består av kommunane Aure, Averøy, Eide, Gjemnes, Halsa, Kristiansund, Rindal, Smøla, Sunndal, Surnadal og Tingvoll. Historisk sett har òg dei nordaustlegaste gardane i Hustad sokn, Eidsøra i Nesset kommune og Vinje i Sør-Trøndelag hørt til Nordmør; og i mellomalderen heile Fosen futedømme. Nordmør utgjer saman med Romsdal og Sunnmør dei tre tidlegare futedømma (fogderia) som utgjer fylket Møre og Romsdal.

Artiklar

Saltfiskball (utt. ["sɑʎ:hƫfɪskˌbɑʎ:] el. ["sɑʎ:hƫfeskˌbɑʎ:]) er ein fiske- og potetrett frå Romsdal, Ytre Nordmør og Fosen. Hovudingrediensane i blandaballen er saltfisk (gjerne hyse eller lyr), potet og grynmjøl og/eller kveitemjøl. Saltfiskball er spesielt populær mat på SmølaNordmør.   Les meir …
Ingvar Hestnes (1904– ?) var ein spelemann frå Valsøyfjorden i Halsa kommuneNordmør. Ingvar Hestnes vart fødd i 1904 av foreldra Nils Hestnes (bonde og stortingsmann) og Anne Skogset. Han vart interessert i felespel som 8-åring, men den første tida spela han berre på ei fjølfele som ein eldre bror hadde laga åt honom, og seinare i barndommen vart det mest spel på tyskfele (flatfele, vanleg fele). Da han var 19 år gammal, kjøpte faren ei hardingfele åt honom gjennom kristiansundsspelemannen Nils Bakke, og det var hardingfela som kom til å stå hjarta hans nærmast.   Les meir …

Hopen kirkje i HopenSmøla er soknekirkja i Hopen sokn av Edøy prestegjeld. Den noverande kirkja, ei langkirkje av tre som vart bygd i 1892, har 260 sitteplassar. I 1916 vart det innsett pipeorgel, men sidan 1953 har det vore bruka hammondorgel der.

Fram til midten av 1700-talet sokna folk frå Veiholmen og Nord-Smøla til Veigen kapell på Veiholmen. På grunn av at det gamle fiskarkapellet på Veiholmen stod til nedfalls, fekk commerceråd Hammond løyve den 11. juni 1745 til å byggje nytt kapell på Hopen. Den gamle altartavla, som stammar frå 1500-talet, vart flytta over til det nye kapellet. Det nye kapellet på Hopen, som var ei lita, åttekanta trekirkje med tårn og spir, vart ferdigstilt i 1748.   Les meir …
Erik Almhjell (1881-1963) var ein notekyndig spelemann frå SunndalenNordmør. Opptaka av Erik Almhjell åleine og i fleirstemt samspel med sambygdingen Tore Hoås, såvel som notenedskriftene Erik gjorde, utgjer svært sentrale kjelder for sunndalstradisjonen av folkemusikken på Nordmør. Særleg interessante er opptaka av sunndalsspringaren.   Les meir …
Det jødiske samfunnet i Kristiansund har sine røter først og fremst i innvandrarar frå Baltikum og Polen først på 1900-talet. Samfunnet, som først og fremst inkluderte medlemmer av familiane Borøchstein, Fischer, Koritzinsky og Hirsch, utgjorde med sine få titals medlemmer den fjerde største jødiske busettinga i Noreg føre andre verdskrigen. Det litle men aktive jødiske samfunnet i Kristiansund hadde eiga kvinneforeining, synagogelokale (i Arbeidersamfunnet) og eigen rabbinar (Joel Jacob Hirsch).   Les meir …
Jon Olsen Mogrinden (17941853), mest kjent som Jó Gri’nn, var ein spelemann og skreddar frå Kvenna (oftast skrive «Kvanne») i Stangvik i noverande Surnadal kommuneNordmør. Han var kjent som ein av dei fremste spelemennene på Nordmør i si tid.   Les meir …
Ephraim Wolff Koritzinsky (òg stava «Efraim») (18831942) var ein jødisk kirurg som blant anna arbeidde som overlege ved Sjukehuset i Kristiansund (1920–33) og ved Trondhjem Sykehus (1933–41). Han var kjent som ein rettskaffen og frittalande mann. Ephraim Wolff Koritzinsky vart fødd i Karlstad i Värmland i 1883 av foreldra Abraham Josef Koritzinsky (1858–1928) og Pauline Abrahamson (1858–1908). Han gjekk på skule i Hamborg frå 1894 til 1898 og tok norsk artium i 1901. Han avla medisinsk embetseksamen i 1909. Frå 1912 kombinerte han eigen privatpraksis med eit årsvikariat ved Sjukehuset i Kristiansund. Under første verdskrigen arbeidde han først ved Nordland Amtssykehus i Bodø og deretter i München og Bonn. I 1917–19 arbeidde han ved Ullevål kirurgiske avdeling.   Les meir …
Magnhild Havdal Almhjell (18941985) var ein norsk folkemusikkutøvar frå TingvollNordmør. Magnhild Havdal vart fødd den 11. juni 1894 i Oppigarden i Havdalen inst i Tingvoll kommune på Nordmør. Mora, Karen Havdal, dødde i 1895, berre 23 år gammal. Etter at Magnhild miste mor si, vaks ho opp hos besteforeldra på Havdal. Ho fekk mykje tradisjonsstoff frå morfaren, Kristoffer Knutson Havdal (18221912), og av mormora, Magnhild Eriksdotter Havdal, f. Valset (Ålvundeid) (18411942), lærte ho mange gamle tonar. Mormora vaks opp hos far sin, Erik Larsson, f. Brandstad.   Les meir …
Blandaball (utt. ["bɽɑɲ:aˌbɑʎ:]), stundom skrive blainnabaill, er ein fiske- og potetrett frå Romsdal, Ytre Nordmør og Fosen. Hovudingrediensane i blandaballen er ferskfisk (gjerne hyse eller lyr), potet og grynmjøl og/eller kveitemjøl. Ball, og særleg blandaball, er spesielt populær mat i Kristiansund, og byen blir ofte spøkefullt kalla Baillsund.   Les meir …
Ein geitbåt er ein tradisjonell open og oftast spissgatta ro- og seglbåt frå Nordmør og Romsdalen — og i eldre tid Fosen og området kring Trondheimsfjorden òg. Geitbåten hører typologisk sett med til dei rundstemnde vestlandsbåtane heller enn til dei i nyare tid mykje meir rettstemnde åfjordsbåtane og nordlandsbåtane. Geitbåten skil seg ut frå dei andre tradisjonelle opne båttypane frå Vestlandet og nordover ved den korte og relativt djupe kjølen, den halvplanande skrogforma og den svært langstrakte overgangen frå kjøl til stamn — eigenskapar som gjer denne båten til ein djerv havseglar og god bidevindsseglar.   Les meir …

Populære sider

Mest lese

ਸੇਵਾ · DUGNAD · צדקה

Nettstaden Safon.org blir driven på frivillig basis. Du kan hjelpe til på fleire måtar:

Skriv: Om du har kunnskapar om skandinavisk kystkultur, jødedom, samar, reisande, sikhisme, buddhisme, unitarisme, bahá’ítru eller islām, og du godtek retningslinene, så er du velkommen til å laga deg brukarkonto og vera med og skrive.

Kjøp og lær: Om du gjerne vil lære meir og samtidig støtte arbeidet med Safon.org økonomisk, så kan du kjøpe bøker på Hassafon Forlag sin nettbutikk. Så langt finst det ei bønebok for fredag kveld, ei novelle av Grace Aguilar og ei bok om norsk vokal folkemusikk der.   For fleire bøker om religion og kultur med hovudvekt på sefardisk jødedom og sikhisme, sjå Safon web shop.

Tikkún ngolám: Om du vil gjera ei god gjerning generelt, så besøk gjerne The Hunger Site og klikk for å hjelpe sveltande menneske i den tredje verda. (Det er gratis.)

Les meir om korleis du kan hjelpe...


Romsdal · NORDMØR · Fosen
Aure · Averøy · Eide · Gjemnes · Halsa · Kristiansund · Rindal · Smøla · Sunndal · Surnadal · Tingvoll



Personlege verktøy