Fag:Musikk
Frå Safon.org
ENGELSK • HEBRAISK • KROPPSØVING • KUNST OG HANDVERK • MAT OG HELSE • MATEMATIKK • MUSIKK • NATURFAG • NORSK • RELIGION OG LIVSSYN • SAMFUNNSFAG • SPANSK • TYSK
|
Soṟkaṭṭu (tamiḷ சொறஂக்கட்டு), òg skrive solkattu, eller sollukkaṭṭu (tamiḷ சொல்லுக்கட்டு) er eit system av vokale stavingar som representerer rytmar og slagteknikk i den karnatiske musikken i Sør-India og på Sri Lanka. Soṟkaṭṭu blir bruka både til innlæring av rytmar på slaginstrument som mridangam og ghatam og som vokalkunst i seg sjølv. Konsertforma av soṟkaṭṭu blir oftast kalla koṉṉakkōl (tamiḷ கொன்னக்கோல்). Les meir …
Ein invensjon er ein kort komposisjon (oftast for eit tangentinstrument) med tostemmig kontrapunkt. Dei mest kjente invensjonane er dei femten invensjonane som utgjer første halvparten av J.S. Bach sine Invensjonar og sinfoniaer. Invensjonar har tradisjonelt oftast ikkje vorte oppførte på konsertar, men har hovudsakleg fungert som etydar for tangentelevar og som pedagogiske øvingar for komposisjonsstudentar. Invensjonar liknar fugar i stil, men dei er generelt enklare oppbygd. Dei inneheld ein eksposisjon, ein lengre gjennomføringsdel og — oftast, men ikkje allveg — ein kort reprisedel. Hovudforskjellen er at invensjonar, i motsetning til fugar, ikkje inneheld comes (musikalsk svar) til det innleiande temaet i dominanten. Les meir …
Ein erkelutt (sp. archilaúd, it. arciliuto, en. archlute, hty. Erzlaute), nokre gonger òg misvisande kalla teorbe (s.d.), er eit europeisk klimpreinstrument som vart utvikla kring år 1600 som eit kompromiss mellom den svært store teorben, som med sin størrelse og si oktavkryssande stemming var vanskeleg å bruke i solomusikk, og tenorlutten frå renessansen, som mangla bassregisteret til teorben. I og med at erkelutten i utgangspunktet er ein tenorlutt med ei noko kortare utgåve av halsforlenginga til teorben, manglar erkelutten den kraftfulle klangen i tenor- og bassregisteret som den større kroppen og oftast lengre halsen på teorben fører med seg. Erkelutten vart ofte bruka som soloinstrument på dei første tre fjerdedelene av 1600-talet, men er sjeldan nemnt som generalbassinstrument i denne perioden; teorben var det instrumentet i luttfamilien som inntok denne rolla. Les meir …
Jean-Baptiste Forqueray (1699–1782) var ein kjent gambist og komponist frå Frankrike. Jean-Baptiste Forqueray vart fødd i Paris den 3. april 1699 som son av gambisten Antoine Forqueray. I dag er han mest kjent for dei 29 stykka for gambe og generalbass som han, med unntak av tre av dei, tilskreiv far sin. Dei tre hadde han sjølv skrive. I advertissementa skreiv han at han hadde ansvaret for basslina (og dermed besifringa òg) og fingersettinga i gambestemma. Les meir …
Carl Friedrich Abel (f. 22. desember 1723 i Köthen i Tyskland, d. 20. juni 1787 i London i England) var ein tysk bassgambist og komponist. Han er særleg kjent for komposisjonane sine for gambe (viola da gamba). Abel var fødd i Köthen som son av ein fiolinist og hoffmusikar der. Det blir sagt at han studerte under Johann Sebastian Bach i St. Thomasschule i Leizig, men dette finst det ikkje noko bevis for. I perioden 1748 til 1758 var Abel hoffmusikar i Dresden under leiing av A. Hasse. Les meir …
Ein surbahār (hindī सुर बहार, /sur bahār/) eller bass-sitār er eit klimpreinstrument med åtte overstrenger og 15–17 understrenger som blir bruka i nordindisk klassisk musikk. Instrumentet blir spela med mizrāb (मिज़राब, fingerplekter) og liknar på sitār, men er vanlegvis stemt kring ein kvart til ein oktav djupare. Surbahāren er over 130 cm lang og har eit tørka graskar som ekstra resonator øvst på halsen. Halsen er laga av edeltre (anten Cedrela tuna eller teak) og har svært lange og høge tverrband som gjer glissandoar på opptil ein oktav muleg ved å dra strengen innanføre same grepet. Les meir … Gievrie (sørsamisk) eller runebomme, òg stundom kalla trolltromme eller sjamantromme, er eit samisk musikkinstrument bruka i samband med sjamanisme og til akkompagnement av joik. Gievrien blir halden med eine handa og består av eit dekorert reinskinn spent på ei ramme. Noaiden, den samiske sjamanen, slår på gievrien med ein karakteristisk T-forma hammar av reinhorn. I Noreg finst det berre tre kjente originaleksemplar att, ettersom dei fleste vart øydelagte da samisk kultur vart undertrykt i tidlegare tider. På samiske språk finst det ulike namn på tromma: Gievrie er det sørsamiske ordet. På nordsamisk heiter tromma anten goavddis/goabdis eller meavresgárri, og på kolasamisk var er namnet kyömdes. Les meir … Ingvar Hestnes (1904– ?) var ein spelemann frå Valsøyfjorden i Halsa kommune på Nordmør. Ingvar Hestnes vart fødd i 1904 av foreldra Nils Hestnes (bonde og stortingsmann) og Anne Skogset. Han vart interessert i felespel som 8-åring, men den første tida spela han berre på ei fjølfele som ein eldre bror hadde laga åt honom, og seinare i barndommen vart det mest spel på tyskfele (flatfele, vanleg fele). Da han var 19 år gammal, kjøpte faren ei hardingfele åt honom gjenom kristiansundsspelemannen Nils Bakke, og det var hardingfela som kom til å stå hjarta hans nærmast. Les meir … Johan Henrich Berlin (1741–1807) var ein organist og produktiv klassisistisk komponist frå Trondheim. Johan Henrich Berlin vart fødd i 1741 i Trondheim som son av Dorothea Berlin og komponisten Johan Daniel Berlin og døypt i Nidarosdomen den 1. september same året.[1] Johan Henrich fekk musikkundervisning av far sin og fekk tidleg vikariat som organist. Han fekk stilling som organist ved Hospitalskirkja allereie 17 år gammal, og i 1772 vart han tilsett ved Vår Frue kirkje. Les meir … Israel Gottlieb Wernicke (1755-1836) var ein musikar, komponist og musikklærar frå Bergen som blant anna skreiv oratoria Ramdeo Rhator (eit indisk susjett) og Furius Camillus. Israel Gottlieb Wernicke vart fødd den 2. februar 1755 i Bergen som son av den tyskfødde Johan Gottlieb Wernicke (d. 1775), organist ved Domkirkja i Bergen, og kona Justina, f. Rhode, ho òg av tysk slekt frå Rostock. Han vart dimittert frå Bergens Kathedralskole i 1771. Etter dette reiste han til København og vart ein svært flink student, men musikken vart tidleg det viktigaste for han. Les meir … Ole Andreas Lindeman (1769–1857) var ein organist, pianist og musikkpedagog frå Surnadalen på Nordmør. Han var fødd den 17. januar 1769 på Øye i Surnadal av foreldra Anne Christine Tangen og den fløyte- og fiolinspelande amatørmusikaren Jacob Madsen Lindeman (1735–1822) som var sorenskrivar på Nordmør. Lindeman tok eksamen artium ved Trondhjems Latinskole før han reiste til København i 1788 for å studere ved Universitet i København. Den første tida der studerte han juss og arbeidde som kopist ved Rentekammeret. Etter kvart brukte han stadig meir av tida på musikk, og han avbraut jusstudia. Ole Andreas Lindeman vart elev av kapellmeister Israel Gottlieb Wernicke i harmonilære og komposisjon og studerte elles klavér og fiolin. Han slutta etterkvart med jusstudia og spela både fiolin og piano på konsertar i København; på klavér spela han til og med ved Hoffet. Han spela òg på ein konsert i Christiania (Oslo) i 1793. På oppmoding frå biskop Johan Christian Schønheyder flytta Lindeman til Trondheim for å bli organist i Vår Frue kirkje der i 1799. Les meir …
Ole Bornemann Bull (5. februar 1810—17. august 1880) var ein verdskjent fiolinist og komponist i romantikken. Gjenom ei utilslørt interesse for norsk folkemusikk spela han ei sentral rolle da eit eige norsk kulturbilde skulle byggjast opp i tida etter unionsoppløysinga frå Danmark. Ole Bull var fødd på Svaneapoteket i Bergen, der faren hans var apotekar. Familien hadde òg ein eigedom på Valestrandsfossen på Osterøy. Her var Ole Bull fast kvar sommar frå han var liten gut, og det var her han vart interessert i norsk folkemusikk. Allereie som tiåring var Bull ein framståande fiolinist. I tjueårsalderen vart han rekna som ein av dei store europeiske virtuosane, og da han var i 30-åra gjorde han det stort som artist i Nord-Amerika, der han bruka å halde til om vintrane. Les meir …
Thomas Dyke Acland Tellefsen (1823–1874) var ein pianist og komponist frå Trondheim som blant anna er kjent for å ha skrive dei to første bevarte pianokonsertane i den norske musikkhistoria. Thomas Tellefsen vart fødd den 26. november 1823 i Trondheim. Han studerte med far sin, organisten Johan Christian Tellefsen og med Ole Andreas Lindeman. Thomas gav den første offentlege konserten sin i heimbyen våren 1842. Året etter reiste han til Paris, der han vart elev av Charlotte Thygeson, og seinare Friedrich Kalkbrenner. I åra 1844 til 1847 vart han periodisk undervist av Frédéric Chopin, som vart hans personlege ven òg. Les meir … Maurice Abravanel (1903–1993), var ein sveitsisk-amerikansk sefardisk dirigent som blant anna er kjent for å ha bygd opp Utah Symphony Orchestra og framføringane sine av Kurt Weill og Gustav Mahler. Maurice Abravanel vart fødd den 6. januar 1903 i Salonica i Det osmanske riket (no Thessaloniki i Hellas). I 1909 flytta familien til Lausanne i Sveits, der far hans gjorde det svært godt som apotekar. I mange år budde Abravanel-familien i same hus som Ernest Ansermet, dirigenten for (og stiftaren av) Orchestre de la Suisse Romande. Den unge Abravanel spela firhendige pianoarrangement saman med Ansermet; han begynte å komponere, og han møtte komponistar som Darius Milhaud og Igor Stravinsky. Han var lidenskapeleg oppteken av musikk og visste med seg sjølv at han ville bli yrkesmusikar. Far hans insisterte likevel på at han måtte satse på ein karriere i medisin og sendte Maurice til universitetet i Zürich. Les meir …
Wolfgang Amadeus Mozart (1756–1791) var ein klassisistisk komponist og pianist frå Austerrike. Han er kjent som vidunderbarn og komponist av mange ulike musikkstykke innan klassisistisk stil. Han skreiv nokre av høgdepunkta innan opera, symfoniar, instrumentkonsertar og kor-, piano- og kammermusikk. Mozart var fødd den 27. januar 1756 i Salzburg, i det sjølvstendige erkebispedømmet Salzburg, og vart døypt Johannes Chrysostomus Wolfgangus Teophilus (Gottlieb) Mozart dagen etter at han vart fødd. Mora var Anna Maria Pertl Mozart, og faren var Leopold Mozart, ein leiande europeisk musikkpedagog. Leopold tok til å undervise sonen i klaver- og seinare fiolinspel frå han viste musikalsk talent som treåring. Les meir …
Johannes Berven (1899–1996), mest kjent som Jóanes Trø’n eller Bærven lokalt, var ein småbrukar, telefonist, postopnar, smed og spelemann frå Trøa under Innersetra på Tustna i noverande Aure kommune på Nordmør. Johannes Hilmar Gjermundson Berven vart fødd som den yngste av fem sysken den 18. mars 1899. Mora var Anne Marie Eriksdotter Sæter (1858–1925) frå same stad. Faren var Gjermund Gjermundson Berven (1850–1924). Les meir … «Portugisarjødisk synagogemusikk» av dr. Martin M. Rodrigues Pereira z"l Dei mange sefardiske samfunna som vart etablerte i Vest-Europa og Amerika etter år 1600 fikk dei fleste skikkane og tradisjonane sine frå «modersamfunnet» sitt — den portugisarjødiske meinigheita i Amsterdam. Eksempel på dette er dei sefardiske samfunna i: Den Haag, Maarssen og Naarden i Nederland; Hamborg og Altona i Tyskland; London og Manchester i England; New York og Philadelphia i USA; Paramaribo i Surinam; og Curaçao, St. Thomas og mange andre stader i Karibia. Les meir … Cristiano Giuseppe Lidarti (1730–1793), òg kjent som Christian Joseph Lidarti, var ein austerriksk komponist av italiensk opphav som i vår tid særleg er kjent for det hebraiske oratoriet Ester. Christoph Giuseppe Lidarti vart fødd den 23. februar 1730. Han gjekk på skule ved cicestiensarklosteret i Klagenfurt og studerte vidare ved jesuittseminariet i Leoben. Les meir … Erik Almhjell (1881-1963) var ein notekyndig spelemann frå Sunndalen på Nordmør. Opptaka av Erik Almhjell åleine og i fleirstemt samspel med sambygdingen Tore Hoås, såvel som notenedskriftene Erik gjorde, utgjer svært sentrale kjelder for sunndalstradisjonen av folkemusikken på Nordmør. Særleg interessante er opptaka av sunndalsspringaren. Les meir … Magnhild Havdal Almhjell (1894–1985) var ein norsk folkemusikkutøvar frå Tingvoll på Nordmør. Magnhild Havdal vart fødd den 11. juni 1894 i Oppigarden i Havdalen inst i Tingvoll kommune på Nordmør. Mora, Karen Havdal, dødde i 1895, berre 23 år gammal. Etter at Magnhild miste mor si, vaks ho opp hos besteforeldra på Havdal. Ho fekk mykje tradisjonsstoff frå morfaren, Kristoffer Knutson Havdal (1822–1912), og av mormora, Magnhild Eriksdotter Havdal, f. Valset (Ålvundeid) (1841–1942), lærte ho mange gamle tonar. Mormora vaks opp hos far sin, Erik Larsson, f. Brandstad. Les meir …
Ein sarōd (hindī सरोद, bānglā সরোদ) er eit indisk klimpreinstrument som truleg er utvikla frå senya-rebaben, eit indisk/persisk instrument som vart spela i India fram til 1800-talet. Sarōden er eit lutt-liknande instrument med kropp av eitt emne av indisk mahogny eller teak med gripebrett av stål utan tverrband. Kroppen av instrumentet er trekt med geiteskinn, og stolen står i press mellom strengene og geiteskinnslokket. Sarōden har fire spelestrenger, seks rytme- og grunntonestrenger og 15 resonansstrenger. Ein klimprar på strengene med ein «djaba» — eit plekter laga av kokosnøtt. Les meir … Jean-Baptiste Reinhardt (1910–1953), mest kjent som «Django Reinhardt», var ein belgisk-fransk jazzgitarist som var kjent for virtuos sigøynarjazz. Han blir rekna som ein av dei mest innflytingsrike jazzmusikarane, og han var òg ein av dei første gitarsolistane innanfor jazzen. Les meir … Karnatisk musikk er ein sørindisk klassisk musikktradisjon som byggjer på rāgam- og tālamsystema. Karnatisk musikk skil seg frå den nordindiske klassiske hindustanimusikken blant anna ved den større vekta på samsvar mellom praksis og musikkteori og ved den mykje meir stringent strukturerte musikkteorien. Historia åt karnatisk musikk går tilbake til om lag 2000 fvt. og til opphavet som andeleg ritual i tidleg hinduisme. Den karnatiske musikken og den nordindiske musikken utvikla seg saman or Sama Veda-tradisjonen fram til den mongolske invasjonen av Nord-India kring begynnelsen av 1200-talet evt. Frå da av vart utviklinga av indisk musikk splitta i to hovudgreiner, og den nord-indiske musikken (både i si muslimske og hinduistiske form) kom til å bli mykje påverka av arabisk musikk. Les meir …
Antônio Carlos Gomes (1836–1896) var ein brasiliansk komponist som blir rekna som den mest framtredande operakomponisten i Sør-Amerika. Komposisjonsstilen hans var sterkt prega av den italienske stilen. Antônio Carlos Gomes vart fødd den 11. juli 1836 i landsbyen São Carlos (den noverande storbyen Campinas) i det sørlege Brasil som son av dirigenten Manuel José Gomes og Fabiana Maria Jaguari Cardoso. Faren gav han den første musikkundervisninga. Seinare studerte han først musikk ved musikkonservatoriet i Rio de Janeiro, og så med Lauro Rossi i Milano i Italia. Les meir …
Thomas Augustine Arne (mars 1710—5. mars 1778) var ein engelsk komponist som er mest kjent for den populære patriotiske songen «Rule, Britannia!» som framleis blir mykje framført — mellom anna under Last Night of the Proms. Arne er òg kjent for å ha sett musikk til mange songar frå skodespela åt William Shakespeare. Thomas Augustine Arne vart fødd i mars 1710 i Covent Garden i London i ein familie som hadde slege seg opp i møbeltrekkingsbransjen. Han fekk utdanninga si ved Eton College og var interessert i musikk frå tidleg i ungdomsåra. Eit tilfeldig møte med Michael Festing gav honom rikeleg høve til å pleie musikkinteressa si, men far hans ville likevel at sonen skulle bli jurist. Les meir …
Bhangṛā (gurmukhī ਭੰਗੜਾ, sjahmukhī بھنگڑا, [ˌpɐŋgɽɑː]), ofte kalla pandjābīpop, er ei livleg danse- og musikkform som oppstod i Pandjāb i India og Pakistan. Bhangṛā er tradisjonelt sett ein folkedans og ikkje ei musikkform, men fram mot slutten av 1900-talet har tydinga gått meir og meir over til å referere til både ein musikkgenre og ein dans. Bhangṛāen har eit sterkt rytmisk driv og slaginstrumenta spelar ei sentral rolle. Les meir …
Menuett er ein tradisjonell barokkdans av fransk opphav. Menuetten går i moderat, grasiøs tretakt og har to deler som kvar blir repetert i si opprinnelege form. Menuetten var ein av dei best likte dansane ved hoffet til Louis XIV av Frankrike. Menuetten kom inn i den klassiske musikken gjenom den barokke dansesuiten og vart enda meir utbreidd da han vart etablert som fast tredjesats i klassisistiske symfoniar. I skandinavisk folkemusikk finst menuetten stadvis i Noreg, Sverige og Finland — nokre gonger under noko ulikt namn, slik som «Melodont» i Sunndalen. Les meir …
Georg Friedrich Händel eller George Frideric Handel (1685–14. april 1759) var ein tyskfødd barokkomponist som i vår tid er særleg kjent for oratoriet The Messiah (Messias) og orkesterverka The Celebrated Water Musick og Musick for the Royal Fireworks. Georg Friedrich Händel vart fødd den 23. februar 1685 i Halle i det daverande kurfyrstedømmet Brandenburg av foreldra Georg Händel (1622–1697) og Dorothea Taust (1651–1730). Sjølv om faren gjorde sitt beste for å halde han unna musikken og pense han inn på advokatyrket i staden, viste Georg Friedrich tydeleg talent for tangentspel allereie i sjuårsalderen. Ni år gammal begynte Georg Friedrich å komponere musikk. Les meir …
Jon Olsen Mogrinden (1794–1853), mest kjent som Jó Gri’nn, var ein spelemann og skreddar frå Kvenna (oftast skrive «Kvanne») i Stangvik i noverande Surnadal kommune på Nordmør. Han var kjent som ein av dei fremste spelemennene på Nordmør i si tid. Les meir …
Laila Marie Yrvum er ein songar, musikar og tradisjonsinnsamlar av romanislekt frå Tynset og Alvdal i Nord-Østerdalen og med røter frå Nordmør. Laila Yrvum blir rekna blant dei viktigaste formidlarane av romanifolket sin kultur i Noreg i dag. Laila har budd mykje på Raufoss, men er i dag busett på Moss i Østfold. Les meir …
Ludwig van Beethoven (ca 16. desember 1770—26. mars 1827) var ein tysk komponist i overgangen mellom klassisismen og romantikken. Han er særleg kjent for dei ni symfoniane og klaversonatane sine, men òg blant anna for dei seine strykekvartettane, som ofte går under kallenamnet «Dei galne strykekvartettane». Beethoven blir rekna som ein av dei aller største komponistane i den europeiske klassiske musikktradisjonen gjenom tidene. Les meir …
Madurai Shanmukhavadivu Subbulakshmi (16. september 1916—11. desember 2004) var ein vidgjeten indisk karnatisk songar. Ho er best kjent under kortnamnet M.S. Subbulakshmi eller berre M.S.. M.S. kom frå ein musikalsk familie i den gamle tempelbyen Madurai i Tamil Nadu. Ho begynte å synge svært tidleg, og opptrådde offentleg første gongen da ho var tretten saman med mor si, som spela vina. Ho lærte karnatisk musikk under Semmangudi Srinivasa Iyer og seinare hindustanimusikk under Pandit Narayan Rao Vyas. Les meir …
Damal Krishnaswamy Pattammal (tamil தமள் கிருஷ்ணசுவாமி பட்டம்மாள், f. 1919), best kjent under forkortingane DKP eller DK Pattammal, er ei av dei mest populære og respekterte songarinnene i karnatisk musikk. Ho og dei to samtidige Madurai Shanmukhavadivu Subbulakshmi og M.L. Vasanthakumari blir ofte kalla «den kvinnelege treeininga i karnatisk musikk». Damal Krishnaswamy Pattammal vart fødd den 28. mars 1919 i Kanchipuram i Tamil Nadu av foreldra Damal Krishnaswamy Dikshitar og Rajammal. 14 år gammal heldt ho den første konserten sin i Mahila Samaj i Egmore. Ho vart snart kjent, og musikkarrieren hennar har vara i over 65 år. Les meir …
Dr. Kattassery Joseph Yesudas (f. 10. januar 1940), mest kjent som Yesudas, er ein kjent sør-indisk songar. Yesudas er ein malayaḷisk songar og representant for den karnatiske musikken. Han vart påmeldt musikkakademiet i Thirupunithura og vann ein gullmedalje for musikk i ei lokal tevling i Fort Kochi berre sju år gammal. I karrieren sin har han sunge meir enn 30 000 songar for tusenvis av indiske filmar på mange språk — inkludert tamiḷ, kannada, gudjarati, telugu og bengali. Les meir …
Charles-Valentin Alkan (1813–1888) var ein fransk-asjkenazisk komponist og ein av dei største pianovirtuosane i si levetid. Komposisjonane hans for piano solo er mellom dei vanskelegaste som nokon gong er skrivne og blir relativt sjeldan oppført. Les meir … Klezmermusikk (med stemt s i klezmer) er den tradisjonelle austaskenasiske instrumentelle folkemusikken. Det finst mange ulike stilar av klezmermusikk, men i hovudtrekk kan ein seie at klezmermusikken har ein kompleks tonalitet som er kjenneteikna av mykje bruk av molltoneartar, kromatikk, forstørra sekundar, sterkt ekspressiv intonasjon. Rytmisk sett er klezmermusikken enklare: Mesta all klezmermusikk kan grupperast i to- og tredelt takt. Innanfor todelt takt er det mykje bruk av synkopar. Les meir …
|
Mest lese
|
|
Nettstaden Safon.org blir driven på frivillig basis. Du kan hjelpe til på fleire måtar: Skriv: Om du har kunnskapar om musikk- og/eller kulturhistorie, skandinavisk kystkultur, religion/livssyn (inkludert bahá’ítru, buddhisme, islam, jødedom, sikhisme o.a.) eller urfolk og minoritetar (inkl. samar og reisande), og du godtek retningslinene, så er du velkommen til å laga deg brukarkonto og vera med og skrive. Kjøp og lær: Om du gjerne vil lære meir og samtidig støtte arbeidet med Safon.org økonomisk, så kan du kjøpe bøker på Hassafon Forlag sin nettbutikk. Så langt finst det ei bønebok for fredag kveld, ei novelle av Grace Aguilar og ei bok om norsk vokal folkemusikk der. For fleire bøker om religion og kultur med hovudvekt på sefardisk jødedom og sikhisme, sjå Safon web shop. Tikkún ngolám: Om du vil gjera ei god gjerning generelt, så besøk gjerne The Hunger Site og klikk for å hjelpe sveltande menneske i den tredje verda. (Det er gratis.) Les meir om korleis du kan hjelpe... | |
