Emne:Masorti jødedom - Safon.org

Emne:Masorti jødedom

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search

JØDEDOM • KASJRUT • SYNAGOGAR • HØGTIDER & MERKEDAGAR • ORTODOKS • MASORTI • REKONSTRUKSJONISTISK • PROGRESSIV
PORTUGISARJØDAR • HØGTYSKE JØDAR • OSMANSKE SEFARDIM • HAMBORG & SLESVIG-HOLSTEN • DANMARK • NOREG • SVERIGE • FINLAND

Masorti jødedom eller konservativ jødedom er ei retning av jødedommen som ligg mellom ortodoks jødedom og progressiv jødedom. Masorti jødedom har til felles med ortodoks jødedom at halakhá blir sett på som absolutt bindande for det jødiske folket. Hovudskilnaden mellom desse to retningane går dermed meir på korleis ein avgjer kva som er halakhá enn kor viktig halakhá er. I masorti jødedom legg ein relativt stor vekt på den noko meir fleksible/variable læra åt risjoním (dei rabbinske autoritetane frå 1000-talet til først på 1500-talet), mens tendensen i ortodoks jødedom er å legge meir vekt på dei meir fast kodifiserte aḥaroním — dei rabbinske autoritetane som levde etter at boka Sjulḥán ngarúkh kom på 1500-talet.

Artiklar

Chaim Potok (17. februar 192923. juli 2002) var ein amerikansk romanforfattar og rabbinar. Romanane hans tek utgangspunkt i det asjkenazisk-ortodokse miljøet i byen New York og handlinga dreier seg ofte kring spenningsfeltet mellom ulike tradisjonar såvel som spenningsfeltet mellom tradisjonelle verdiar og det moderne amerikanske samfunnet. Chaim Potok er særleg kjend for romanane The Chosen (1967) og My Name is Asher Lev (1972).   Les meir …
The Jewish Theological Seminary of America, kjent i jødiske krinsar rett og slett som JTS, er eitt av dei akademiske og andelege sentra i amerikansk konservativ jødedom så vel som i masorti jødedom generelt. Saman med The University of Judaism i Los Angeles and Machon Schechter i Jerusalem er det eitt av dei viktigaste rabbinske seminara i masortirørsla. Namnet og den grunnleggande ideologien er henta frå det historiske Jüdisch-Theologisches Seminar i Breslau (Wrocław).   Les meir …
Masorti jødedom eller konservativ jødedom er ei retning av jødedommen som ligg mellom ortodoks jødedom og progressiv jødedom. Masorti jødedom har til felles med ortodoks jødedom at halakhá blir sett på som absolutt bindande for det jødiske folket. Hovudskilnaden mellom desse to retningane går dermed meir på korleis ein avgjer kva som er halakhá enn kor viktig halakhá er. I masorti jødedom legg ein relativt stor vekt på den noko meir fleksible/variable læra åt risjoním (dei rabbinske autoritetane frå 1000-talet til først på 1500-talet), mens tendensen i ortodoks jødedom er å legge meir vekt på dei meir fast kodifiserte aḥaroním — dei rabbinske autoritetane som levde etter at boka Sjulḥán ngarúkh kom på 1500-talet.   Les meir …

Populære sider

Mest lese

ਸੇਵਾ · DUGNAD · צדקה

Nettstaden Safon.org blir driven på frivillig basis. Du kan hjelpe til på fleire måtar:

Skriv: Om du har kunnskapar om skandinavisk kystkultur, jødedom, samar, reisande, sikhisme, buddhisme, unitarisme, bahá’ítru eller islām, og du godtek retningslinene, så er du velkommen til å laga deg brukarkonto og vera med og skrive.

Kjøp og lær: Om du gjerne vil lære meir og samtidig støtte arbeidet med Safon.org økonomisk, så kan du kjøpe bøker på Hassafon Forlag sin nettbutikk. Så langt finst det ei bønebok for fredag kveld, ei novelle av Grace Aguilar og ei bok om norsk vokal folkemusikk der.   For fleire bøker om religion og kultur med hovudvekt på sefardisk jødedom og sikhisme, sjå Safon web shop.

Tikkún ngolám: Om du vil gjera ei god gjerning generelt, så besøk gjerne The Hunger Site og klikk for å hjelpe sveltande menneske i den tredje verda. (Det er gratis.)

Les meir om korleis du kan hjelpe...



Personlege verktøy