Emne:Landbruk - Safon.org

Emne:Landbruk

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search

BAHA’IISLAMJØDEDOMROMANIFOLKSAMARSIKHISMEKASJRUTKYSTKULTURLANDBRUK

Landbruk er eit fellesnamn på dei greinene av naturbruk som er baserte på hausting av ressursar på land i fastbuande driftsform. Landbruket kan underdelast vidare i greinene hagebruk, jordbruk, åkerbruk, husdyrbruk og skogbruk.

Artiklar

Ein lauvkniv er ein langblada kniv med lett konkav egg og innoverbøygd hake ved spissen som tradisjonelt har vorte bruka til lauving — det vil seie sanking av lauv til fôr for feet. Lauvknivar liknar noko på sigdar, men bladet er mesta på line med handtaket, i motsetnad til sigdane, der bladet står meir eller mindre vinkelrett på handtaket.   Les meir …
Ris er ei grasplante som gjev eit stiverikt korn. Namnet er bruka for både kornet og planta. Risen er rekna som eit av dei viktigaste kornslaga i verda. Han er det einaste hovudnæringsmidlet for mesta 50 % av menneskja, og, til forskjell frå andre kornslag, blir meir enn 95 % av rishausten eten av menneske. Nokre asiatiske språk brukar same ordet for både ‘ris’ og ‘mat’. Ein kokar ris for å laga han til. Ris kan etast åleine, i suppe, eller med karri eller grønsaker.   Les meir …
Spælsau, kjent som Old Norwegian Short Tail Landraceengelsk, er ein noko modifisert, norsk sauerase som mange meiner er den opprinnelege sauerasen i Noreg. Sauen er godt tilpassa klimaet i Noreg og kan sporast tilbake til jarnalderen. Spælsauene er i dag utbreidde over heile landet og heile 22 % av dyra tilslutta sauekontrollen er spælsau. Islandske sauer er svært nært i slekt med spælsauen.   Les meir …
Dalasauen er ei krysning mellom spælsau og ulike engelske rasar (sutherlandsau, leicestersau og sjeviot). Han er ein relativt stor sau med middels ullkvalitet. Dalasauer er vanlege over heile Noreg, og 43 % av dyra tilslutta Sauekontrollen er dalasauer. Dalasauen har opphav i den innblandinga av leicestersau og delvis sjeviotsau i den gammalnorske sauen som begynte kring 1860. Desse blandingstypane viste seg å konkurrere godt i vestlandske fjordbygder med godt sommarbeite og god vinterfôring.   Les meir …
Lyngshest eller nordlandshest er ein hesterase frå Nord-Noreg. Lyngshesten blir rekna som ein stor ponni. Mankehøgda er kring 130–140 cm. Fargen er vanlegvis brun, svartbrun, raud eller noko gråskimmel. Hovudbruken av lyngshestar er som ridehest og lett trekkhest. Lyngshesten har anene sine frå dei småe vikinghestane og er ein sterk og nøysam hest med gode bein og hovar. Han vart sett til arbeid på garden eller ute på marka og var vant til å jobbe hardt. Desse hestane var aldri i hus og fekk ikkje tilskot av kjøpefôr slik det er vanleg i dag. Dei måtte skaffe seg mat sjølve i inn- og utmark. Dei åt det mest dei kom over av grønt.   Les meir …
Fjording eller fjordhest er ein vestnorsk hesterase. Han blir rekna som det norske nasjonalhesten. Fjordingen er kjenneteikna med den blakke fargen sin og med den karakteristiske ståande manen. Manen har òg ein såkalla ål — ei mørk stripe frå manke til hale. Fjordingar med broten eller manglande ål blir ikkje godkjente. Vanleg mankehøgd er kring 135–150 cm, men høgder ned i 125 og opp i 155 er ikkje uvanlege. Den blakke fargen finst i fem godkjente nyansar: brunblakk, raudblakk, ullsblakk, grå og gulblakk. Fjordingen er hardfør og allsidig og kan bli bruka til mykje forskjellig. Han eignar seg bra som trekkhest. Fjordingen stammar opprinneleg frå den eldste typen nolevande hest i verda, den utryddingstruga przewalskihesten, og han er ein av dei hesterasane i verda som liknar mest på den opprinnelege hesterasen.   Les meir …
Seder Zerangím er den første av dei seks sedarím i Misjná og i kommentarverka Talmúd jerusjalmí og Talmúd bablí. Seder Zerangím inneheld elleve massekhtót som, med unntak av den første, alle handlar om halakhá (jødisk religiøs lov) om landbruk i Ereṣ Jisraél (landet Israel). I Jerusjalmí blir alle dei 11 massekhtót kommenterte, medan den meir urbant orienterte Bablí berre inkluderer kommentarar til den meir generelle Massékhet Berakhót.   Les meir …
Eit stabbur (stav-bur), òg kalla bur, stolpehus og stolpebu, er ei lita bygning som står på stavar av tre eller stabbar av stein i staden for å stå over ein kjellar, på grunnmur eller rett på bakken. Visse typar toetasjes stabbur blir mange stader kalla stabbursloft eller loft. Primærfunksjonen til eit stabbur er å vera lagerplass for mat (oftast korn- og kjøtmat, men òg frukt nokre stader), klede og andre ting ein ikkje vil at mus, rotter og andre dyr skal ha tilgang til. Nokre stader brukar ein òg stabbura til overnattingsrom. Stabbur er svært vanlege i nordskandinavisk, samisk, austersjøfinsk og nordvest-russisk kultur, men finst òg mellom anna i Asturias og Galicia i det nordvestlege Spania (hórreo, panera), i det nordlege Portugal (espigueiro) og blant indianarar i Alaska.   Les meir …

Populære sider

Mest lese

ਸੇਵਾ · DUGNAD · צדקה

Nettstaden Safon.org blir driven på frivillig basis. Du kan hjelpe til på fleire måtar:

Skriv: Om du har kunnskapar om skandinavisk kystkultur, jødedom, samar, reisande, sikhisme, buddhisme, unitarisme, bahá’ítru eller islām, og du godtek retningslinene, så er du velkommen til å laga deg brukarkonto og vera med og skrive.

Kjøp og lær: Om du gjerne vil lære meir og samtidig støtte arbeidet med Safon.org økonomisk, så kan du kjøpe bøker på Hassafon Forlag sin nettbutikk. Så langt finst det ei bønebok for fredag kveld, ei novelle av Grace Aguilar og ei bok om norsk vokal folkemusikk der.   For fleire bøker om religion og kultur med hovudvekt på sefardisk jødedom og sikhisme, sjå Safon web shop.

Tikkún ngolám: Om du vil gjera ei god gjerning generelt, så besøk gjerne The Hunger Site og klikk for å hjelpe sveltande menneske i den tredje verda. (Det er gratis.)

Les meir om korleis du kan hjelpe...



Personlege verktøy