Emne:Kristiansund
Frå Safon.org
|
AURE • AVERØY • EIDE • GJEMNES • HALSA • KRISTIANSUND • RINDAL • SMØLA • SUNNDAL • SURNADAL • TINGVOLL |
|
Ephraim Wolff Koritzinsky (òg stava «Efraim») (1883–1942) var ein jødisk kirurg som blant anna arbeidde som overlege ved Sjukehuset i Kristiansund (1920–33) og ved Trondhjem Sykehus (1933–41). Han var kjent som ein rettskaffen og frittalande mann. Ephraim Wolff Koritzinsky vart fødd i Karlstad i Värmland i 1883 av foreldra Abraham Josef Koritzinsky (1858–1928) og Pauline Abrahamson (1858–1908). Han gjekk på skule i Hamborg frå 1894 til 1898 og tok norsk artium i 1901. Han avla medisinsk embetseksamen i 1909. Frå 1912 kombinerte han eigen privatpraksis med eit årsvikariat ved Sjukehuset i Kristiansund. Under første verdskrigen arbeidde han først ved Nordland Amtssykehus i Bodø og deretter i München og Bonn. I 1917–19 arbeidde han ved Ullevål kirurgiske avdeling. Les meir … Det jødiske samfunnet i Kristiansund har sine røter først og fremst i innvandrarar frå Baltikum og Polen først på 1900-talet. Samfunnet, som først og fremst inkluderte medlemmer av familiane Borøchstein, Fischer, Koritzinsky og Hirsch, utgjorde med sine få titals medlemmer den fjerde største jødiske busettinga i Noreg føre andre verdskrigen. Det litle men aktive jødiske samfunnet i Kristiansund hadde eiga kvinneforeining, synagogelokale (i Arbeidersamfunnet) og eigen rabbinar (Joel Jacob Hirsch). Les meir … Grip kirkje er ei stavkirkje bygd på andre halvdel av 1400-talet som ligg på øya Grip i Kristiansund kommune på Nordmør. Kirkja har framleis mellomalderkjerna i behold, men mange bygningsdeler er fornya. Skipet og koret har same breidda, 6,5 meter. I 1621 vart veggene i koret skifta og dei nye veggene vart måla. I 1870-åra vart det innsett nye vindaugsopningar, og ytter- og innerveggene vart panelte og kvitmåla. Les meir …
Fishanbua er eit gatekjøken i Kristiansund som har fish and chips som spesialitet. Mot slutten av 1940-åra begynte sjømann Arne S. Moe og kona hans, Elvira A. Dickson — lokalt kjent som Fru Moe, å selje fish and chips frå ein sykkel med brett bakpå. Den første Fishanbua med tak over vart etablert i 1952 som det første offisielle utsalet for fish and chips i Noreg. Dette første utsalet var ei blåmåla campingvogn. Les meir …
|
Mest lese
|
|
Nettstaden Safon.org blir driven på frivillig basis. Du kan hjelpe til på fleire måtar: Skriv: Om du har kunnskapar om skandinavisk kystkultur, jødedom, samar, reisande, sikhisme, buddhisme, unitarisme, bahá’ítru eller islām, og du godtek retningslinene, så er du velkommen til å laga deg brukarkonto og vera med og skrive. Kjøp og lær: Om du gjerne vil lære meir og samtidig støtte arbeidet med Safon.org økonomisk, så kan du kjøpe bøker på Hassafon Forlag sin nettbutikk. Så langt finst det ei bønebok for fredag kveld, ei novelle av Grace Aguilar og ei bok om norsk vokal folkemusikk der. For fleire bøker om religion og kultur med hovudvekt på sefardisk jødedom og sikhisme, sjå Safon web shop. Tikkún ngolám: Om du vil gjera ei god gjerning generelt, så besøk gjerne The Hunger Site og klikk for å hjelpe sveltande menneske i den tredje verda. (Det er gratis.) Les meir om korleis du kan hjelpe... | |
|
