Emne:Kristendom - Safon.org

Emne:Kristendom

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search

Kristendommen er ein religion som har ein stor del av sitt opphav i jødedommen og som har til felles med jødedommen at Tenákh blir rekna som heilag skrift. I kristendommen blir Tenákh oftast kalla «Det gamle testamentet», og saman med «Det nye testamentet» utgjer desse Den kristne bibelen. Det mest grunnleggande skiljet mellom kristendommen og jødedommen er at kristendommen er basert på trua at Jesus var Messias, medan jødedommen held på at dette ikkje var tilfelle.

Artiklar

Hopen kirkje i HopenSmøla er soknekirkja i Hopen sokn av Edøy prestegjeld. Den noverande kirkja, ei langkirkje av tre som vart bygd i 1892, har 260 sitteplassar. I 1916 vart det innsett pipeorgel, men sidan 1953 har det vore bruka hammondorgel der.

Fram til midten av 1700-talet sokna folk frå Veiholmen og Nord-Smøla til Veigen kapell på Veiholmen. På grunn av at det gamle fiskarkapellet på Veiholmen stod til nedfalls, fekk commerceråd Hammond løyve den 11. juni 1745 til å byggje nytt kapell på Hopen. Den gamle altartavla, som stammar frå 1500-talet, vart flytta over til det nye kapellet. Det nye kapellet på Hopen, som var ei lita, åttekanta trekirkje med tårn og spir, vart ferdigstilt i 1748.   Les meir …
Grip kirkje er ei stavkirkje bygd på andre halvdel av 1400-talet som ligg på øya Grip i Kristiansund kommune på Nordmør. Kirkja har framleis mellomalderkjerna i behold, men mange bygningsdeler er fornya. Skipet og koret har same breidda, 6,5 meter. I 1621 vart veggene i koret skifta og dei nye veggene vart måla. I 1870-åra vart det innsett nye vindaugsopningar, og ytter- og innerveggene vart panelte og kvitmåla.   Les meir …
Aure kirkje er ei korskirkje av tre som vart innvigd i 1727. Kirkja, som ligg på ei lita høgd nede ved Aursundet i Aure sentrum i Aure kommuneNordmør, er soknekirkje for Aure sokn og hovudkirkje for Aure prestegjeld i Ytre Nordmør prosti av Møre bispedømme.   Les meir …
Edøy gamle kirkje er ei steinkirkje frå tida kring 1190 som ligg på Edøya i Smøla kommuneNordmør. Eit skriv frå 1695 nemner at kirkja vart lengd med sju alen. Kirkja vart nedlagt i 1885, og ho brann etter eit lynnedslag den 14. januar 1887. Alt treverk og interiør anna enn altartavla og nokre få andre gjenstandar gjekk tapt. Altartavla vart øydelagt under bombinga av Kristiansund i 1940. Kirkjeruinane vart bruka som lager av okkupasjonsmakta under andre verdskrigen. Frå 1947 vart kirkja oppattbygd med 120 sitteplassar, og ho vart atterinnvigd den 4. juni 1950.   Les meir …
Kvernes stavkirkjeKvernes i Averøy kommuneNordmør er ei stavkirkje av møretypen med mellomstavar i ytterveggene og tverrgåande bjelkar. Ein trur at kirkja kan ha vorte bygd sist på 1300-talet. Karakteristisk for denne kirkja og Rødven stavkirkje er dei utvendige skordene. Kirkja vart omfattande ombygd blant anna med lafta kor i 1633. I 1776 vart kirkja ombygd att, og i 1810 vart det påsett ein takryttar.   Les meir …
Unitarisk kristendom, ògså kalla kristenunitarisme eller rett og slett unitarisme, er ei retning innanfor kristendommen som byggjer på synet at Gud er strengt monoteistisk, og unitarane avviser som oftast idéen om ei likeverdig treeinigheit. Unitarismen held på eit absolutt dogmefritt syn — altså at tru er individuell og blir skapt i møtet mellom Gud og individet. Kvart menneske er ansvarleg for å tolke si tru individuelt, utan korrigerande læresetningar. Dette fører til at unitarar kan ha mange ulike tolkingar av kristen tru og teologi.   Les meir …

Populære sider

Mest lese

ਸੇਵਾ · DUGNAD · צדקה

Nettstaden Safon.org blir driven på frivillig basis. Du kan hjelpe til på fleire måtar:

Skriv: Om du har kunnskapar om skandinavisk kystkultur, jødedom, samar, reisande, sikhisme, buddhisme, unitarisme, bahá’ítru eller islām, og du godtek retningslinene, så er du velkommen til å laga deg brukarkonto og vera med og skrive.

Kjøp og lær: Om du gjerne vil lære meir og samtidig støtte arbeidet med Safon.org økonomisk, så kan du kjøpe bøker på Hassafon Forlag sin nettbutikk. Så langt finst det ei bønebok for fredag kveld, ei novelle av Grace Aguilar og ei bok om norsk vokal folkemusikk der.   For fleire bøker om religion og kultur med hovudvekt på sefardisk jødedom og sikhisme, sjå Safon web shop.

Tikkún ngolám: Om du vil gjera ei god gjerning generelt, så besøk gjerne The Hunger Site og klikk for å hjelpe sveltande menneske i den tredje verda. (Det er gratis.)

Les meir om korleis du kan hjelpe...



Personlege verktøy