Emne:Jødiske høgtider og merkedagar - Safon.org

Emne:Jødiske høgtider og merkedagar

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search

JØDEDOM • KASJRUT • SYNAGOGAR • HØGTIDER & MERKEDAGAR • ORTODOKS • MASORTI • REKONSTRUKSJONISTISK • PROGRESSIV
PORTUGISARJØDAR • HØGTYSKE JØDAR • OSMANSKE SEFARDIM • SKANDINAVIA

Høgtidene og merkedagane i jødedommen kan delast inn i fleire kategoriar: Sjabbát er den jødiske kviledagen og varar frå fredagskvelden ved solnedgang til laurdagskvelden etter solnedgang. Jamím tobím er helgedagar med noko mildare arbeidsforbod anna enn under kippúr og når andre jamím tobím fell på sjabbát. Ḥol hammongéd er romhelga mellom dei første og siste dagane av pesaḥ og sukkót. Tanganijjót er fastedagar.

Artiklar

Ein sukká (hebr. סֻכָּה el. סוּכָּה; pl. סֻכּוֹת el. סוּכּוֹת sukkót) eller ein cabaña (kastiljansk), ofte kalla lauvhyttenorsk, er ei hytte som blir oppsett kvart år mellom kippúr og sukkót til bruk under den jødiske haustfesten sukkót, som òg blir kalla lauvhyttefesten på norsk.   Les meir …
Borecas eller borekas svarar til börektyrkisk og finst på menyen i mange tyrkisk-drivne gatekjøken i Noreg under namnet børek. I sin typiske tyrkiske versjon er børeken ein innbakt butterdeigspai på storleik av ein munnfull eller tre med fyll av fetaost og grønsaker — gjerne gulrøter og spinat. Sefardím i Det osmanske riket slo saman den tyrkiske børeken og sine iberiske pastelas (òg kalla empanadas, pastillas, pastidas) til den karakteristiske osmansk-sefardiske matretten borecas.   Les meir …

Habdalá eller havdalá (hebr. הַבְדָּלָה [haḇdālā]), jid. havdóle, er namnet på ein jødisk seremoni som markerer overgangen frå sjabbát eller ei jødisk høgtid til kvardag eller frå sjabbát til ei jødisk høgtid. <onlyinclude>

<onlyinclude>Habdaláen markerer alltid overgangen frå meir heilag til mindre heilag.   Les meir …
Ḥaróset (hebr. חֲרֽוֹסֶת ḥă'ro:set) er ei blanding av frukt, nøtter, vin eller eddik og eventuelt krydder som blir bruka som ein av dei symbolske matrettane under det jødiske sedermåltidet på dei to første kveldane av pesaḥ (den jødiske påska). Ḥaróseten symboliserer mørtelen som israelittane bruka under slaveriet i Egypt.   Les meir …
Kva matvarer som er tillatne for pesaḥ (jødisk påske) varierer noko mellom ulike jødiske grupper. Det grunnleggande trekket som er felles for alle er at all ḥaméṣ — det vil seie syrna eller gjæra mat av dei fem kornslaga (kveite, spelt, vanleg bygg, toradsbygg og rug — er forboden både å eiga og å eta alle dei sju eller åtte dagane pesaḥ varar. Dei fleste tradisjonelle asjkenazím, og i seinare hundreår mange europeiske sefardím òg, avstår frå å eta kitnijjót (belgvekstar, særleg i tørka tilstand) under pesaḥ på grunn av at mjøl av desse belgvekstane (slik som ertermjøl) kan komma til å bli forveksla med mjøl av dei fem kornslaga. Meiningane om ris er delte. Dei fleste sefardím et ris under pesaḥ, men asjkenazím reknar ris til kitnijjót, som dei avstår frå å eta.   Les meir …
Bimuelos er svært populær ḥanukkámat blant sefardím frå Balkan og mange andre stader. Ordet bimuelos, som òg kan bli skrive bumuelos, birmuelos, bermuelos, burmuelos eller bulemas, er djudíospanjol og heng saman med spansk «bunuelo»; i Tyrkia seier ein òg lokmas, og i Hellas λουκουμαδες (loukoumades).   Les meir …

Populære sider

Mest lese

ਸੇਵਾ · DUGNAD · צדקה

Nettstaden Safon.org blir driven på frivillig basis. Du kan hjelpe til på fleire måtar:

Skriv: Om du har kunnskapar om skandinavisk kystkultur, jødedom, samar, reisande, sikhisme, buddhisme, unitarisme, bahá’ítru eller islām, og du godtek retningslinene, så er du velkommen til å laga deg brukarkonto og vera med og skrive.

Kjøp og lær: Om du gjerne vil lære meir og samtidig støtte arbeidet med Safon.org økonomisk, så kan du kjøpe bøker på Hassafon Forlag sin nettbutikk. Så langt finst det ei bønebok for fredag kveld, ei novelle av Grace Aguilar og ei bok om norsk vokal folkemusikk der.   For fleire bøker om religion og kultur med hovudvekt på sefardisk jødedom og sikhisme, sjå Safon web shop.

Tikkún ngolám: Om du vil gjera ei god gjerning generelt, så besøk gjerne The Hunger Site og klikk for å hjelpe sveltande menneske i den tredje verda. (Det er gratis.)

Les meir om korleis du kan hjelpe...



Personlege verktøy