Emne:Jødedom i Sverige
Frå Safon.org
|
Malmö synagoga, eller Synagogen i Malmö, vart teikna av den lokale arkitekten John Smedberg og oppført og innvigd i 1903. Synagogen, som er den einaste i Malmö, er ein av dei få attståande synagogane i Europa som er bygd i nymaurisk stil, ettersom dei fleste av desse vart øydelagt under Krystallnatta natt til 10. november 1938. Ytterveggene i synagogen er pryda av lotusblomstrar, og talet åtte blir oppatteke i dekoren. Tempelet i Jerusalem vart helga i åtte dagar. Les meir …
Stora Synagogan i Stockholm vart innvigd i 1870 og er hovudsynagogen til Judiska församlingen i Stockholm. Synagogen vart teikna av arkitekten Fredrik Wilhelm Scholander. Det finst pipeorgel der som blir bruka under gudstenestene. Sitteplassane er inndelte i tre område — til venstre i hovudrommet sitt berre menn, på galleriet sitt berre kvinner, og til høgre i hovudrommet sitt kvinner og menn saman. Les meir …
|
Mest lese
|
|
Nettstaden Safon.org blir driven på frivillig basis. Du kan hjelpe til på fleire måtar: Skriv: Om du har kunnskapar om skandinavisk kystkultur, jødedom, samar, reisande, sikhisme, buddhisme, unitarisme, bahá’ítru eller islām, og du godtek retningslinene, så er du velkommen til å laga deg brukarkonto og vera med og skrive. Kjøp og lær: Om du gjerne vil lære meir og samtidig støtte arbeidet med Safon.org økonomisk, så kan du kjøpe bøker på Hassafon Forlag sin nettbutikk. Så langt finst det ei bønebok for fredag kveld, ei novelle av Grace Aguilar og ei bok om norsk vokal folkemusikk der. For fleire bøker om religion og kultur med hovudvekt på sefardisk jødedom og sikhisme, sjå Safon web shop. Tikkún ngolám: Om du vil gjera ei god gjerning generelt, så besøk gjerne The Hunger Site og klikk for å hjelpe sveltande menneske i den tredje verda. (Det er gratis.) Les meir om korleis du kan hjelpe... | |
