Emne:Jødedom i Skandinavia
Frå Safon.org
|
JØDEDOM • KASJRUT • SYNAGOGAR • HØGTIDER & MERKEDAGAR •
ORTODOKS • MASORTI • REKONSTRUKSJONISTISK • PROGRESSIV |
|
Hamborg & Slesvig-Holsten • Danmark • Noreg • Sverige • Finland |
|
Karl Herschel (1821/22–1891), òg kjend som Kiewe Herschel, var ein bukovinskfødd norsk jøde som blant anna er kjent for å ha skrive boka Nyt Lys. De fem Mosebøger og for ordskiftet sitt med Bjørnstjerne Bjørnson. Karl Herschel vart fødd i 1821 eller 1822 i Czernowitz (no Cernăuţi i Romania) i Bukowina i det daverande Austerrike-Ungarn. Kring 1852 gifta han seg med Anna Kaufmann frå Brody i Galicja, og dei flytta snart etter til Göteborg. Les meir …
Joseph Solomon Del Medigo (1591–1655) var ein romaniotisk forfattar, dokter, matematikar, musikkteoretikar og filosof. Joseph Solomon Del Medigo vart fødd den 16. juni 1591 i Candia på Kreta som son av Elijjáhu, rabbinaren av Candi. Joseph fekk ei grundig jødisk så vel som verdsleg utdanning. Ved Universitetet i Padua i Italia, der han vart oppteken som student 15 år gammal, studerte han logikk, naturleg filosofi, metafysikk og divinitet, og deretter eigna han seg til medisin og favorittstudia sine, matematikk og astronomi — det sistnemnte under Galileo Galilei. Les meir …
Der Israelitische Tempel in der Poolstraße i Hamburg-Neustadt var frå 1844 til 1931 synagogen åt den reformjødiske Neue Israelitische Tempel-Verein. Synagogen vart bygd i tida 1842–1844 etter teikningane til arkitekten Johann Hinrich Klees-Wülbern, som tidlegare hadde teikna Israelitisches Krankenhaus. Av den ein gong treskips synagogen finst i dag berre restane av den vestlege forhallen og den austlege apsisen att som separate krigsruinar — hovudskipet vart øydelagt i 1944. Fasaden på inngangsfløya i vest var flankert av to slanke, åttekanta tårn inspirert av minaretar og tok òg opp i seg andre element frå maurisk stil.[1] så vel som frå klassisistisk-nygotisk byggjestil. Les meir …
Den portugisarjødiske meinigheita i Hamborg sin nye esnoga i Innocentiastraße 37 i Harvestehude vart innvigd torsdag 14. mars 1935 kl. 20:00 og var den siste synagogen som vart opna i Nazi-Tyskland. Les meir …
Det portugisarjødiske samfunnet i Altona har sine første kjente røter som del av det portugisarjødiske samfunnet i Hamborg kring år 1600, da dei etablerte ein gravlund der. Frå 1640 av var Altona ein del av fyrstedømmet Sleswig-Holsteen og stod i personalunion med Danmark under det danske kongehuset. I 1697, da Hamborg innførte særleg tunge særskattar for jødar, flytta ein del portugisarjødar or Hamborg og busette seg i Altona. Les meir …
Synagogen i Lübeck ligg i St.-Annen-Straße 13 i Lübecker Altstadt, mellom den evangelisk-lutherske Aegidienkirche og St.-Annen-Kloster, som i dag er bymuseum. Den opprinneleg nymauriske synagogen med kuppel vart ferdigbygd i 1880, medan Salomon Carlebach (1845–1919) var overrabbinar der. Etterfølgjaren hans i stillinga var sonen hans, Joseph Carlebach (1883–1942). Siste meinigheitsrabbinaren der (1921–1938) var David Alexander Winter (1878–1953). Les meir …
Esnogaen i Altona vart bygd etter løyve av 22. mars 1771 frå kong Christian VII av Danmark-Noreg og innvigd den 6. september same år. Synagogen, som hadde låg i bakgården til Bäckerstraße 12–14 (noverande Hoheschulstraße), vart bruka av det portugisarjødiske samfunnet i Altona fram til det vart oppløyst i 1882. Bygninga vart seld til Det høgtysk-israelittiske samfunnet i Altona i 1887. I 1940 vart bygninga ekspropriert til Hamborg by og riven. Les meir …
Bendix Henriques (1725–1807) eller Pinches Nasche (Nakskov/Nasschou) fungerte som mohél, og etterkvart som församlingsordförande (forstandar) og sjalíaḥ ṣibbúr (forrettar) i den jødiske meinigheita i Göteborg. Pinches Nasche vart fødd i Nakskov på Lolland i 1725 som son av asjkenaziske Moses Aaron Nathan (1690–1744) og portugisarjødiske Rachel Bendix (1695–1746/1776) av Henriques-familien. For å kunne busette seg fritt i København tok han namnet Bendix Henriques etter slektsnamnet til mora, Bendix, og til mormora, Henriques. Les meir … Det jødiske samfunnet i Kristiansund har sine røter først og fremst i innvandrarar frå Baltikum og Polen først på 1900-talet. Samfunnet, som først og fremst inkluderte medlemmer av familiane Borøchstein, Fischer, Koritzinsky og Hirsch, utgjorde med sine få titals medlemmer den fjerde største jødiske busettinga i Noreg føre andre verdskrigen. Det litle men aktive jødiske samfunnet i Kristiansund hadde eiga kvinneforeining, synagogelokale (i Arbeidersamfunnet) og eigen rabbinar (Joel Jacob Hirsch). Les meir …
Synagogen i St. Jørgensveita i Trondheim låg i loftsetasjen av St. Jørgensveita 7 og vart innvigd som den første synagogen i Trondheim i 1899. Synagogen var i bruk fram til den noverande synagogen i Arkitekt Christies gate i Trondheim vart innvigd i oktober 1925. Les meir …
|
Mest lese
|
|
Nettstaden Safon.org blir driven på frivillig basis. Du kan hjelpe til på fleire måtar: Skriv: Om du har kunnskapar om skandinavisk kystkultur, jødedom, samar, reisande, sikhisme, buddhisme, unitarisme, bahá’ítru eller islām, og du godtek retningslinene, så er du velkommen til å laga deg brukarkonto og vera med og skrive. Kjøp og lær: Om du gjerne vil lære meir og samtidig støtte arbeidet med Safon.org økonomisk, så kan du kjøpe bøker på Hassafon Forlag sin nettbutikk. Så langt finst det ei bønebok for fredag kveld, ei novelle av Grace Aguilar og ei bok om norsk vokal folkemusikk der. For fleire bøker om religion og kultur med hovudvekt på sefardisk jødedom og sikhisme, sjå Safon web shop. Tikkún ngolám: Om du vil gjera ei god gjerning generelt, så besøk gjerne The Hunger Site og klikk for å hjelpe sveltande menneske i den tredje verda. (Det er gratis.) Les meir om korleis du kan hjelpe... | |
