Emne:Jødedom i Danmark - Safon.org

Emne:Jødedom i Danmark

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search

JØDEDOM • KASJRUT • SYNAGOGAR • DANMARK • NOREG • SVERIGE

Jødedom i Danmark

Artiklar

David Simonsen (18531932) var ein dansk rabbinar med utdanning frå København og Breslau (det noverande Wrocław i Polen) som var overrabbinar for Det mosaiske Troessamfund i København frå 1892 til 1902. Den store boksamlinga hans, som dekker mange humanistiske disiplinar og språkområde, og arkivet hans vart teke over av Det Kongelige Bibliotek i København i 1932.   Les meir …
Hartvig Philip Rée (17781859) var ein dansk-jødisk kjøpmann og forfattar. Hartvig Philip Rée vart fødd den 12. oktober 1778 i Fredericia som son av forretningsmannen Philip Hartvig Rée. Philip Hartvig Rée dødde under ei forretningsreise til Ålborg i 1799, og Hartvig Philip, som var den eldste av 13 søsken, tok da over leiinga av Handelshuset Philip Hartvig Rée & Co. etter far sin. I heimen og med slektningar i Hamborg hadde den evnerike og flittige unge mannen lært kjøpmannskap; men han hadde òg studert Bibelen og gjort seg kjent med seinare jødisk filosofisk og poetisk litteratur under rettleiing av den omvandrande litteraten Elasar Lisser. Verksamheita i handelshuset auka mykje etter at Hartvig Philip flytta hovudkvarteret til Århus og etter at to av dei yngre brørne hadde etablert seg i samvirke med honom; Israel Philip Rée i Hamborg og Isak Philip Rée i Randers.   Les meir …
Julius Rée (18171874) var ein dansk-jødisk kjøpmann, forfattar og politikar. Julius Rée vart fødd i ÅrhusJylland den 1. juni 1817 som son av Hartvig Philip Rée. I 1842 opna han ei grossistforretning for landbruksprodukt i Randers. Han hadde mange offentlege verv der, inkludert som medlem av hamnekomitéen og som oldermann (184953); og dessutan var han ein representant for det jødiske samfunnet i Randers. Den 15. januar 1845 gifta han seg med søskenbarnet sitt, Louise Lipmann, dotter av kjøpmann Lipmann i Ålborg. I 1857 overførte Rée forretninga si til København, og i 1864 vart han valt inn i det danske Folkethinget.   Les meir …
Marcus Melchior (18971969) var ein dansk rabbinar som blant anna er kjent som fungerande overrabbinar i Danmark under berginga av dei danske jødane i 1943. Marcus Melchior kom frå ein framtredande jødisk familie i Danmark. Etter nokre få år som rabbinar i i Tyskland, vart han rabbinar for Det mosaiske Troessamfund i København i 1934.   Les meir …
Michael Melchior (f. 31. januar 1954) er ein dansk-jødisk rabbinar og israelsk politikar og representant for det venstreorienterte religiøse partiet Meimad i Knesset (det israelske parlamentet). Michael Melchior vart fødd inn i ein rabbinarfamilie i København og fekk sin semikhá (ordinasjon) som rabbinar frå Yeshivat Hakotel i Jerusalem. Han tente i mange år som rabbinar ved Det Mosaiske Trossamfund i Oslo, der han inntil nyleg framleis var overrabbinar.   Les meir …

Populære sider

Mest lese

ਸੇਵਾ · DUGNAD · צדקה

Nettstaden Safon.org blir driven på frivillig basis. Du kan hjelpe til på fleire måtar:

Skriv: Om du har kunnskapar om skandinavisk kystkultur, jødedom, samar, reisande, sikhisme, buddhisme, unitarisme, bahá’ítru eller islām, og du godtek retningslinene, så er du velkommen til å laga deg brukarkonto og vera med og skrive.

Kjøp og lær: Om du gjerne vil lære meir og samtidig støtte arbeidet med Safon.org økonomisk, så kan du kjøpe bøker på Hassafon Forlag sin nettbutikk. Så langt finst det ei bønebok for fredag kveld, ei novelle av Grace Aguilar og ei bok om norsk vokal folkemusikk der.   For fleire bøker om religion og kultur med hovudvekt på sefardisk jødedom og sikhisme, sjå Safon web shop.

Tikkún ngolám: Om du vil gjera ei god gjerning generelt, så besøk gjerne The Hunger Site og klikk for å hjelpe sveltande menneske i den tredje verda. (Det er gratis.)

Les meir om korleis du kan hjelpe...



Personlege verktøy