Emne:Islām
Frå Safon.org
ENGELSK • HEBRAISK • KROPPSØVING • KUNST OG HANDVERK • MAT OG HELSE • MATEMATIKK • MUSIKK • NATURFAG • NORSK • RELIGION OG LIVSSYN • SAMFUNNSFAG • SPANSK • TYSK
|
BAHA’I • ISLAM • JØDEDOM • ROMANIFOLK • SAMAR • SIKHISME • KYSTKULTUR • LANDBRUK |
|
Islām er ein av verdsreligionane. Han har utspring i Arabia, og har mykje av læra si til felles med jødedommen og kristendommen. Islām er såleis rekna å vera ein av dei abrahamittiske religionane. Han er den nest største religionen i Noreg. Tilhengjarar av islām, kjende som muslimar, trur at Gud, eller (på arabisk) Allāh openberra seg for menneskja gjennom Muḥammad og andre profetar, inkludert Adám, Nóaḥ, Ibrahim (Abrahám), Musa (Mosjé) og Jesus. Muslimar trur at Muḥammad var den siste av profetane og at bodskapen han bar vidare til menneska vil vara til qijamah, dommedag. I islandske annalar står det at det kom sendebod frå den muslimske sultanen i Tunis til Noreg i 1260-åra, etter at kong Håkon Håkonsson tidlegare hadde sendt sine sendebod til sultanen med rike gåver. Det er ikkje urimeleg å tru at det har kome muslimar til Noreg før dette òg. Men merkbare antal muslimar som bur i Noreg har det ikkje vore før etter andre verdskrigen. | |
|
Abraham Geiger (1810–1874) var ein tysk-asjkenazisk rabbinar og religionshistorikar med jødedom og islām som hovudfelt som var ein av leiarane i etableringa av den tyske reformjødedommen. Han arbeidde for å fjerne alle nasjonalistiske elementa — og da særleg trua på at jødane er det utvalte folket. Han la elles vekt på at jødedommen er ei religion i utvikling og endring. Les meir …
Muhammad Yunus (Bengali: মুহাম্মদ ইউনুস' [Muhammod Iunus]) (fødd 1940 i Chittagong) er ein muslimsk økonom frå Bangladesh. Han har utvikla omgrepet mikrokreditt — å gje små lån for å starte opp næringsverksamheit til folk som er for fattige til å få vanlege banklån. Yunus er grunnleggjaren av Grameen Bank. Banken og Yunnus delte Nobels fredspris i 2006, «for arbeidet deira for å skapa økonomisk og sosial utvikling nedanfrå». Han er den tredje bengalaren som har fått ein nobelpris, etter diktaren Rabindranath Tagore og økonomen Amartya Sen. Les meir …
Al-Qur’ān (arabisk القرآن), oftast kalla Koranen på skandinavisk, er den heilage skrifta i islām. Ho består av profeten Muḥammad sine openberringar. For dei truande er al-Qur’ān Guds ord i bokstaveleg tyding, ein kopi av ei himmelsk bok «nedsendt» til Muḥammad via openberringar. Al-Qur’ān er skriven på arabisk, og omsettingar blir ikkje rekna som heilage, men som tolkingar av al-Qur’ān. Les meir …
Aḥmadiyyā (urdū احمدیہ [aḥmadiyyā]) er den religiøse rørsla som vart starta av Mirza Ghulam Aḥmad frå Qadian i Pandjāb i India. Mirza Ghulam Aḥmad var ein muslim som hevda å ha oppfylt kristne og islamske profeti og som erklærte seg for å vera mudjaddiden (reformatoren) av islām for den moderne tida. Aḥmadiyyāene reknar seg som muslimar, og Mirza Ghulam Aḥmad kalla rørsla si Aḥmadiyyā muslim djamāt (samfunn) og såg ho som ei revitalisering av, heller enn ei erstatning for, islām. Les meir …
Islām er ein av verdsreligionane. Han har utspring i Arabia, og har mykje av læra si til felles med jødedommen og kristendommen. Islām er såleis rekna å vera ein av dei abrahamittiske religionane. Han er den nest største religionen i Noreg. Tilhengjarar av islām, kjende som muslimar, trur at Gud, eller (på arabisk) Allāh openberra seg for menneskja gjennom Muḥammad og andre profetar, inkludert Adám, Nóaḥ, Ibrahim (Abrahám), Musa (Mosjé) og Jesus. Muslimar trur at Muḥammad var den siste av profetane og at bodskapen han bar vidare til menneska vil vara til qijamah, dommedag. I islandske annalar står det at det kom sendebod frå den muslimske sultanen i Tunis til Noreg i 1260-åra, etter at kong Håkon Håkonsson tidlegare hadde sendt sine sendebod til sultanen med rike gåver. Det er ikkje urimeleg å tru at det har kome muslimar til Noreg før dette òg. Men merkbare antal muslimar som bur i Noreg har det ikkje vore før etter andre verdskrigen. Les meir …
|
Mest lese
|
|
Nettstaden Safon.org blir driven på frivillig basis. Du kan hjelpe til på fleire måtar: Skriv: Om du har kunnskapar om skandinavisk kystkultur, jødedom, samar, reisande, sikhisme, buddhisme, unitarisme, bahá’ítru eller islām, og du godtek retningslinene, så er du velkommen til å laga deg brukarkonto og vera med og skrive. Kjøp og lær: Om du gjerne vil lære meir og samtidig støtte arbeidet med Safon.org økonomisk, så kan du kjøpe bøker på Hassafon Forlag sin nettbutikk. Så langt finst det ei bønebok for fredag kveld, ei novelle av Grace Aguilar og ei bok om norsk vokal folkemusikk der. For fleire bøker om religion og kultur med hovudvekt på sefardisk jødedom og sikhisme, sjå Safon web shop. Tikkún ngolám: Om du vil gjera ei god gjerning generelt, så besøk gjerne The Hunger Site og klikk for å hjelpe sveltande menneske i den tredje verda. (Det er gratis.) Les meir om korleis du kan hjelpe... | |
